Tag Archives: Um sakne springe blome

Poesidebutantane 2016

Lidande, lengtande – men håpefulle? Er håpet obligatorisk fordi liding og tap er det nye tabuet?

Det er alltid fare for at ein overdriv likskapane når ein skal skrive om fleire bøker, spesielt når ein, som meg, ser etter nye tendensar. Men er det ikkje litt påfallande at alle poesidebutantane i 2016 skriv om psykisk smerte og framandgjering, men at dei fleste likevel tonar ut i tru, håp og kjærleik?

At alle poesidebutantane i fjor var kvinner, trur eg ikkje seier noko om utviklinga på feltet, for så langt ser det ut til at det er flest menn som skal debutere med dikt i 2017. Det kan likevel vere greitt å ha kjønnsperspektivet i bakhovudet gitt at seksualitet, kjærleik og familie var sentrale motiv. Band til slekt og tradisjon var også viktig. Men la meg, for å halde på interessa, starte med sexen.

Sex og opprør
Nyleg såg eg Pussy Riots musikkvideo til låta «Make America Great Again», ei lite subtil åtvaring om Donald Trumps totalitære tendensar. Det visuelle uttrykket og kroppsspråket er tydeleg seksualisert, og det fekk meg til å lure: Kan seksualitet framleis verke undergravande i vår pornofikserte kultur, eller er det mest eit middel for å få merksemd? Uansett er sex er eit tema som alltid har hatt ei kopling til makt og dermed politikk.

På 1960-talet inspirerte filosofen Herberg Marcuse venstreintellektuelle med påstanden om at seksuell frigjering var naudsynt for politisk frigjering. Tanken var at seksualitet er uløyseleg knytt til livskraft, kreativitet og motivasjon – berre snu på Funcadelic sin legandarisk albumtittel frå 1970, så har du det: «Free your ass and your mind will follow».

Det stemte kanskje på 70-talet då ungdom med langt hår, panneband og slengbukser gjekk i demonstrasjonstog og ropte «Make Love, Not War!»; den seksuelle revolusjonen og politisk opprør gjekk hand i hand. Og det er lett å førestelle seg kor frigjerande dette må ha vore for dei som vaks opp i ei tid då strenge sosiale hierarki, frykt for atomkrig og sterke seksuelle tabu hadde lagt ein kraftig dempar på ungdommeleg livsutfalding.

Men når eg les dei to yngste av poesidebutantane frå 2016, Ingvild Lothe (f. 1990) og Maiken Horn Bolset (f. 1989), vert eg mint på kor mykje samfunnet har endra seg frå då til no. Og ein kan neppe seie at historia har gitt Marcuse rett: Det er mykje fint ein kan seie om ungdom i dag, men at seksuell fridom har ført til sterkare politisk engasjement kan ein vanskeleg påstå. I staden kan det verke som sex har blitt ein ny arena for prestasjonspress.

Hos Bolset og Lothe er fri sex ei sjølvfølge, men skildringane er prega av desillusjon; sex er assosiert med rutine, tenester og av og til audmjuking. Emosjonell intimitet er berre unntaksvis involvert.

Les resten av essayet her. Det er tidlegare publisert i BLA nr. 1/2017.

Advertisements

Catherine Blaavinge Bjørnevog: Um sakne springe blome

Det mytestoffet livet er vevd av: Catherine Blaavinge Bjørnevog debuterer med rike, gåtefulle og særs velklingande dikt som veks ved nærlesing.

Det har alt oppstått ein «buzz» rundt Catherine Blaavinge Bjørnevog og hennar særprega debutsamling Um sakne springe blome, som er like delar song og soge. Men den historia dikta til saman dannar, er ikkje lineær og lettfatteleg. Snarare er dette ei soge kor element av det overnaturlege eller fantastiske skaper ein springande draumelogikk – kor motiva i like stor grad er bilete på sterke kjensler som representasjon av hendingane som utløyste kjenslene.

Les resten av meldinga på Littkritikk.no