Tag Archives: Taha Husayn

Egyptisk memoarklassikar

Det er interessant å oppleve livet på den egyptiske landsbygda rundt forrige århundreskifte gjennom minna til ein blind forfatter.

Memoarar
Taha Husayn:
Dagene som var. En egyptisk barndom.
Omsett av Einar Berg
Aschehoug 2010

I det siste har eg byrja å lure på om det i det heile vert utgjeve romanar som ikkje eigentleg er memoarar. Men at banda mellom dei to sjangrane er tette, er ikkje akkurat nytt, sjølv om ein skulle tru det etter bokhausten i fjor. I litteraturhistoria har sjølvbiografien eller bekjenninga vore sentral i utviklinga av den moderne romanen. No gjev Aschehoug ut ein egyptisk memoarklassikar på nytt, faktisk den første sjølvbiografiske romanen i den arabiske verda, om ein skal tru teksten på forlaget si nettside. Det er imidlertid mykje som svekkar tilliten til forlaget i denne samanhengen. Dette verkar som ei lite gjennomarbeida utgjeving, kor forlaget har nytta arkivert materiale til å kaste seg på bølgja av interesse både for arabisk kultur og sjølvbiografisk litteratur.

Litterær pionér
Forfattaren Taha Husayn var sentral i den modernistiske litteraturrørsla i Egypt i det tjuande århundret. Han blei født i 1889 på landsbygda i ein relativt fattig familie, og blei blind som treåring. Likevel klarte han å ta doktorgrad i arabisk litteratur, og blei forfattar og utdanningsminister. Han døde i 1973. Samme år kom sjølvbiografien ut på norsk for første gong. Dagene som var. En egyptisk barndom er ei lita bok med ei liketil skildring av barndomsminna til den blinde forfattaren. Han omtalar seg sjølv i tredjeperson, og boka byrjar slik: ”Han husker ikke hvilken ukedag det er her er tale om, og han har ingen erindring om hvor det måtte ha behaget Gud å plasser den blant måneder og år. Selv tidspunktet på dagen kan han bare tilnærmelsesvis angi.” Forfattaren kastar altså lesaren rett inn i det eg vil tru er hans første minne, in medias res, som det heiter, altså utan introduksjonar og forklaringar. Det fascinerande med teksten er at dette er barndomsminne slik dei vert forma for ein som manglar synssansen. Vidare skildrar han eit førmoderne Egypt – vi er på landsbygda i forkant av forrige århundreskifte – med andre ord formidlar denne boka eit eksotisk innhald i ei form som er velkjend for vestlege lesarar, men historisk ny i ein egyptisk litterær samanheng.

Det er mange fine skildringar her, blant anna av den fargerike skulemeisteren som også var blind, og som fikk to elevar til å ekskortere seg rundt:

Det var et selsomt syn å se Skolemesteren på vei til eller fra skolen. Han var en stor, korpulent mann, og frakken økte omfanget ytterligere. Med armene på sine følgesvenners skuldre begav han seg i vei, og alle tre gikk i takt, så jorden dundret under føttene deres.

Legg merke til formuleringa ”det var et selsomt syn” den blinde forfattaren nyttar her, som sjølvsagt er ein talemåte og noko ein vel kan førestelle seg sjølv utan synsevne, men som blir illustrert, ikkje ved visuelle kvalitetar, men det faktum at det lille følget får jorda til å dundre. Også skildringane av korleis den blinde guten orienterer seg i kva tid det er på døgnet og kva som foregår rundt han er fint å lese om. Hovudpersonen ein evnerik gut, men prøvar som dei fleste andre å sluntre unna der han kan, noko han får på pukkelen for fleire gonger. Forfattaren fokuserer spesielt på korleis han får tilfredsstilt lærelysta si, og boka følgjer guten fram til han har fått plass ved det religiøse Azhar-universitetet i Kairo. Husayn er gjennom boka kritisk til måten religionen si rolle i samfunnet, og snar til å merke seg falskheit hos dei religiøse autoritetane.

Det er ein velformulert tekst, men eg må likevel seie at statusen boka har fått truleg først og fremst speglar posisjonen i egyptisk litteraturhistorie. I den europeiske litterære tradisjonen har vi svært mange bøker i ei liknande og litterært sett meir avansert form. Det er noko skisseaktig ved denne teksten, og eg oppfattar han først og fremst som godt skrivne memoarar, ikkje eit skjønnlitterært kunststykke. Eg synes heller ikkje eg kjem heilt på innsida korkje av hovudpersonen eller samfunnet han skildrar, men kanskje ville det vore annaleis om eg hadde lese dei to neste banda av Husayns sjølvbiografi. Dette er nemleg berre eit av tre sjølvbiografiske band.

Det bringer meg attende til at forlaget ikkje gir mykje informasjon om denne utgjevinga. For det første står det ikkje i kolofonteksten når originalteksten var utgjeven. På nettsida til forlaget står det at originalen kom ut i 1926, men ingenting om at det kom to nye band seinare, i 1932 og 1967. I boka er det er ikkje kommentert om Einar Berg si omsetjing frå 1973 er endra til denne nyutgjevinga, og omsetjaren sitt forord er ikkje datert. For spesielt interesserte vil eg tru at det vil vere meir gjevande å lese den samla sjølvbiografien til Taha Husayn på engelsk, som har tittelen The Days.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements