Tag Archives: Sjón

Finstemt ordkunst

Sjón er ein multikunstnar. Det er kanskje det som òg gjer han til ein så mangfaldig ordkunstnar.

Roman
Sjón:
Skugga-Baldur
Omsett av Tone Myklebost
Tiden 2005

Sjón, som har fødenamnet Sigurjón Birgir Sigurðson, er ein multikunstnar som uttrykkjer seg gjennom både biletkunst, musikk, performance, film, lyrikk og prosa. Dei siste åra har han fått stor merksemd for tekstane sine. Han stod bak librettoen til Lars von Triers film Dancer in the dark, og har skrive songtekstar for Björk. Romanen Dine øyne så meg blei belønna med ein av Islands største litterære prisar, og for Skugga-Baldur fekk han Nordisk Råds litteraturpris i 2005.

Historisk eventyr
Skugga-Baldur er ein slik roman som ein bør vite minst mogeleg om før ein les han. Først og fremst fordi han er ganske kort; handlinga kunne ein truleg referere berre på nokre få linjer. Noko anna er at dei referata vi vanlegvis får servert på vaskesetlar og i meldingar ofte gir eit skeivt inntrykk. Dei grip fatt i den delen av handlinga som ligg nærast opptil ei klassisk intrige, gir ei kronologisk framstelling uavhengig av narrasjonen i boka, og gjerne nokre tolkningar av teksten med på kjøpet. Det kan skape leselyst, men om boka blir representert på ein god måte kan variere. Eg får sjå om eg klarer å seie nokre velvalgte ord om boka likevel: Handlinga finn stad på Island i andre halvdel av 1800-talet. Vi møter ein prest som representerer naturens harde lov, ein myrraud rev, ein botanikar som er lærd og mjukhjarta, og ei kvinne med Downs syndrom som ikkje har vanleg talespråk, men som likar å syngje. Og ein stad mellom natur og kultur skal menneskeverdet definerast.

Boka har undertittelen Et folkeeventyr, men du møter ikkje eit tradisjonelt eventyr av den grunn. Gløym tretalsregelen! Sjangernemninga seier likevel noko om at historia byggjer på islandske folkesagn, og ho er ikkje utan mytiske element. Og som eventyra har kanskje denne forteljinga òg ein moralsk bodskap.

Mangfaldig prosa
Sjóns to siste bøker er prega av leiken originalitet og ei særs vellukka blanding av stilnivå og sjangrar. Dette var kanskje endå tydelegare i Dine øyne så meg, som er gjennomsyra av ein fabulerande draumliknande logikk, og kor han spesielt sjonglerar med fortellarstemma. Skugga-Baldur framstår som meir nøktern og ordknapp, men har òg eit spenn i seg: Sjón har sansen for livet sine ufjelge detaljar, og kan ved hjelp desse skape ein dagsklar realisme med eit nesten rått nærvær. Samstundes har han ein fantasi utan grenser, og rører seg gjerne over i det fantastiske. Han er usentimental, men nettopp derfor kan teksten ofte bli rørande å lese. Og så har han poeten si evne til å formulere seg presist og vakkert på ein måte som innbyr til nærlesing. Slik skildrar han kvinna med Downs syndrom: ”en av disse asiatiske uskyldighetene som ingenting eide annet enn dampen fra munnen sin.” (s. 72)

Det er ei lita bok dette, men lesaropplevinga er stor. Og omsetjaren Tone Myklebost gir oss teksten i eit reint og klart språk det er ei glede å lese.

Teksten er ikkje publisert tidlegare.

Advertisements