Tag Archives: Sara Stridsberg

Sara Stridsberg: Beckomberga. Ode til min familie

Himmel over galskapen: Sara Stridsberg skriv fram smerte og håp i ein stil som er meir dempa enn før, men framleis desperat vakker.

Mitt første møte med Sara Stridsbergs særeigne stil var sjokkarta, eg hadde aldri før opplevd litteratur som ein så valdsam kollisjon mellom rått og ømt. Ho debuterte i 2004, men eg oppdaga henne først i 2008. Då hadde ho fått Nordisk Råds litteraturpris for romanen Drömfakulteten, som tok utgangspunkt i livet til Valerie Solanas. I Darling River (2010) syntes eg forfattaren tok stilen for langt mot estetisering av håplaust elende, men somme scener hadde ein intensitet som gjer at eg framleis hugsar dei. Med Beckomberga har Stridsberg funne eit meir dempa uttrykk som kombinerer det særeigne, poetiske språket med forsoning og håp. Og det altså i ein roman som skildrar møtet ein dysfunksjonell familie fekk med det no nedlagte psykiatriske sjukehuset Beckomberga.

Ærleg og kjærleg
Undertittelen Ode til min familie gjer det naturleg å lese boka sjølvbiografisk, noko Stridsberg har bekrefta i intervju. Eg-forteljaren Jackie ser attende på perioden då den alkoholiserte faren Jim var innlagt på Beckomberga på grunn av depresjon og sjølvmordsforsøk, men vi får også glimt frå eit notidsplan der ho lever aleine med sonen Marion.

Vi høyrer om farmora som tok sjølvmord, noko Jim aldri kom over. I alderdomen planlegg han sitt eige sjølvmord, og vil at dottera skal vere der når han går på sjøen. Jackies mor Lone var fotograf og ofte på reise, men framstår likevel som eit trygt punkt i livet, ei som ser dottera og har tillit til at ho klarer seg. Slik representerer Jackie, og Stridsberg, håpet om at det kan kome noko godt av andres dyrkjøpte erfaring.

Gjennom å skildre omsynslaust ærleg, men kjærleg, klarer Stridsberg å vise kva ei kvinne som har vakse opp med ein fridom på grensa til omsorgssvikt har fått som andre, meir priviligerte barn sjeldnare erfarer: Venskap og empati med menneska på botnen og blikk for det vakre i det sjuke og mislukka.

Dette blikket gjer møta med dei innlagde sterke. Ekstra rørande er dei korte scenene med «Den siste pasienten (Olof)». Han levde det meste av livet sitt på Beckomberga, men tok sjølvmord etter at nedlegginga av sykehuset tvang han ut i samfunnet igjen i 1995. Samtalar han har med overlegen før utskrivinga viser ein uendeleg sårbar mann, og under skildringa ligg ein kritikk av psykiatrireformen som sende slike som han frå ein kjend fellesskap til eit liv i einsemd med berre pillar til trøyst.

Det vonde og vakre
Som i dei føregåande romanane skaper Stridsberg ei melankolsk undergangsstemning gjennom skildringar av lufta og himmelen: «Det står en duft av grav over området, skyene er gallefargede, istykkerrevne syke strimler.» Då eg blei merksam på den stadige bruken av sigarettrøyk, solnedgangar og adjektivkonstruksjonar som «døsig og illevarslende og dunlett» kveldslys, blei det litt vanskelegare å fortape seg i den litterære magien, bileta tok til å likne ein serie nostalgiske Instagram-foto med «elda» fargar for dramatisk effekt. Det er knapt ei innvending mot teksten, kanskje snarare uttrykk for yrkesskade hos underteikna. Men Stridsberg balanserer på ein knivsegg her, det hadde ikkje skada om nokre av alle dei ulike himmelsjatteringane var erstatta med fleire replikkar som denne: «Hvis du tviler, skal du gjøre det modige.»

Eg er uansett fan, Stridsberg er unik i Norden. Skal eg samanlikne henne med nokon, må det bli Marguerite Duras. Lolita-motivet som ein finn i både Beckomberga og Darling River minner spesielt om Elskeren og Demning ved stillehavet. Sams er også den eksistensielle laddinga i det poetiske språket, nostalgien og den kompromisslause sympatien for dei svake i samfunnet. Begge gjer det så tydeleg: Livet gjer vondt, men det kan vere vakkert likevel.

Romanen er omsett av Monica Aasprong

Tidlegare publisert i Dag og Tid.


Poesien i andres smerte

Stridsberg er ein suveren stilist, men menneska druknar i tristessen i Darling River.

Roman
Sara Stridsberg:
Darling River
Omsett av Monica Aasprong
Aschehoug 2011

Sara Stridsberg fekk Nordisk Råds litteraturpris i 2007 for romanen Drømmefakultetet. Der skreiv ho ein slags poetisk skiten realisme med utgangspunkt i livet til Valerie Solanas, kvinna som blei verdskjend for å ha skote på Andy Warhol og som utgav manifestet S.C.U.M. (Society for Cutting Up Men.) Skjebna hennar var prega av vanskjøtsel, lengt etter mor, seksuelt misbruk, rus, prostitusjon, sjukdom og død. Men òg homofil kjærleik, overlegen intelligens og trass. I Stridsbergs nye roman, Darling River, finn vi den same fascinasjonen for det overdådig triste, rå og vakre: ”Skyldens rose, dødens rose, ødeleggelsens rose, skjebnens rose.”

Suveren stilist
Darling River har undertittelen Doloresvariasjone; forfattaren har late seg inspirere av Vladimir Nabokovs roman Lolita. Dei fire historiene som vert fortalt parallelt – men ikkje kronologisk – ber preg av å vere poetiske fantasiar med utgangspunkt i skjebna til den prepubertale femme fatale Dolores.

Visuelt er boka som ein amerikansk roadmovie: Vi møter jenta Lo som køyrer rundt med faren sin som nettene, som er med mens han plukkar opp prostituerte og sjølv tek imot rekkjer av elskarar ved elva. Vi møter den gravide Dolores som køyrer rundt med ektemannen Richard, og ei deprimert mor som har forlatt mann og barn og reiser rundt i verda som fotograf. Og til sist ein fransk vitskapsmann som prøvar å tvinge ein ape til å underkaste seg viljen hans og teikne på kommando. I kapittel kalla Encyklopedi får vi servert kortfatta, poetiske utforskingar av motiv som går igjen i teksten (barselsenga, fotografiet, speilet, demonbarnet).

Darling River demonstrerer for ein suveren stilist Stridsberg er. Den elegante komposisjonen, dei poetiske stemningane og originale metaforane samt indignasjonen som dirrar mellom linjene – alt dette er kvalitetar som kjenneteiknar forfattarskapen hennar.

Estetisert tragedie
Likevel – der Drømmefakultetet traff meg som ei bombe av overveldande bilete, rå røynd, knivskarpt raseri og hjarteskjerande tragedie, opplever eg at Stridsberg i Darling River både gjentek seg sjølv og overdriv verkemidla. Alt peikar i same retning: kvinner er offer både for kroppens og mannens tyranni.

Spesielt historia om Lo – som blir forlaten av elskarane når dietten av alkohol, pillar og sukker gjer henne sjuk og feit – er fullstendig nedsenka i apati og elende, både psykisk og fysisk. Det samme gjeld historia om Dolores. Verda deira er skildra som gjørmete, feittete, usunn og stinkande, sjølv himmelen er ei ”hinne” eller ”opphovna”. Fødselsscena i boka er så traurig og ekkel at det bikkar over, her smører Stridsberg for tjukt på med ”mudder, avføring, skjemt blod og søte dødsvæsker”.

Sjølvsagt er mange av skildringane sterke på den gode måten, spesielt apen som møter den stakkarslege overgriparen sin med trass så langt ho maktar, gjorde inntrykk på meg. Likevel synes eg Stridsberg langt på veg reduserer tragedier til materiale for ein estetisert ”filthy realism”.

Omsetjar Monica Aasprong ser ut til å ha levert ei presis og god omsetjing. At alt frå fingrar og hår til undertøy vert skildra som ”gjørmete” får forfattaren ta skulda for.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.


Draumen om Valerie

Sara Stridsberg skriv som ein draum, og at draumen handlar om Valerie Solanas, gjer han berre endå meir fascinerande.

Roman
Sara Stridsberg:
Drömfakulteten – tillägg till sexualteorin
Bonnier 2007

Sara Stridsberg fekk nyleg Nordisk Råds Litteraturpris 2006 for sin andre roman: Drömfakulteten – tillägg till sexualteorin. I 2004 debuterte ho med Happy Sally, som var inspirert av Sally Bauer – den første skandinaven som svømte over Den engelske kanal – og skal bli spelefilm. Drömfakulteten handlar òg om ein verkeleg person: Valerie Solanas blei verdskjend for å ha skote, men ikkje drepe, Andy Warhol i 1968.

S.C.U.M.
Stridsberg kallar boka ein litterær fantasi som tek Valerie Solanas sitt liv og verk som utgangspunkt. Kvifor blei ho så inspirert av denne kvinna, forfattaren av the S.C.U.M. (Society for Cutting Up Men) Manifesto? Bodskapen der er at menn må utryddast, og at vitskapen vil kunne erstatte mannen i forplantingsprosessen. ”Du är min drömfakultet”, seier forteljaren til Solanas i boka. Kva har ho å lære av å drøyme seg inn i dette livet? Etter å ha lese Stridsbergs draum om og tolking av Solanas, er det eg sit igjen med eit inntrykk av stor vørdnad for Solanas sin intelligens, tæl, stoltheit, humor, trass og raseri.

Ho hadde det verst mogelege utgangspunktet ein kan ha i eit i-land: incestoffer, heimlaus, narkoman og prosituert som tenåring. Men er også brilliant intelligent, med ein draum om å bli forfattar. Ho går på college, blir psykologistipendiat ved Univeristy of Maryland kor ho forskar på mus saman med elskerinna si, den desperate Cosmogirl – dei drøymer om å bli Amerikas første intellektuelle horer. Så insisterar ho på eit forskningsprosjekt som ikkje blir godkjent, og fullfører aldri doktorgraden. Ho vil ikkje, eller klarer ikkje, tilpasse seg dei godkjende sanningane lenger. Ho reiser til New York kor ho ei stund ser ut til å lukkast med å få Andy Warhol til å setje opp skodespelet ”Up Your Ass”, og får eit forskot frå Maurice Girodias for å skrive ein roman basert på manifestet. Men så fell alt saman: Cosmogirl døyr, Warhol og Girodias snur seg mot henne, knarkinga og horinga er kanskje årsaken, og i alle fall resultatet. Så skota i 1968, mentalinstitusjonar, fengsel, meir horing, gambling, knarking, så død av lungebetennelse på aller elendigaste vis i 1988, på eit skite hotellrom i Tenderloin District i San Fransico.

Det er jo eit livsløp av episke dimensjonar; så mykje elende, så mange mogelegheiter, så store kontrastar. Så mykje raseri kanalisert i så mange provoserande spissformuleringar: ”De trevligaste kvinnorna i vårt samhälle är förvirrade sexgalningar”.”Min instinkt säger mig att jag skal gilla brudar & varför skulle min standard vara lägre än er?” ”Well if they could put one man on the moon why not all of them?” Og det mest tankevekkjande av alt, her omtrentleg parafrasert: Spørsmålet er ikkje “kvifor skaut ho”, men “kvifor skaut ho ikkje?” (altså: kvifor er ikkje kvinner meir valdelege, når ein veit kva mange går gjennom?)

Draum
Det er ein rå og vakker draum av ein tekst, dette. Han er bygd opp av korte brokkar, scener og replikkvekslingar frå ulike periodar i Solanas sitt liv, med utgangspunkt i tre ”nav”: at ho ligg og skal dø, barndommen og livet fram mot skota i New York, og møtet med institusjonane etter dei same skota. Gjennom ein fiktiv samtale mellom forteljaren og Solanas blir forteljargrepet, narrasjonen, problematisert, og boka er full av innfall og fakta, utsegner og poetiske bilder som ikkje utan vidare er enkle å setje inn i samanhengen. Det er mykje elende og vulgært språk, likevel er tonen melankolsk og prega av at mykje av handlinga dreiar seg om dei få – og tragiske – kjærleiksforholda Solanas hadde gjennom livet: Til mora Dorthy, til den prostituerte Silkespojken og til Cosmogirl. Solanas skal ha òg ha sagt: «Ei kvinne veit instinktivt at det einaste som er feil er å skade andre, og at meininga med livet er kjærleik.» Det er enkelt og stereotypt, men merkeleg nok verkar det nettopp difor sterkare, ærlegare. Og det står i ein merkeleg kontrast til S.C.U.M.-manifestet. Men så var då òg heile livet hennar ein kollisjon mellom rått og ømt. Kanskje var det det som sette fantasien til Stridsberg i gang.

Språket og skildringane er melankolsk vakre, fullt av similer, metaforar, og alle dei andre poetiske verkemidla: gjentakingar, rytmiske oppramsingar, overdrivingar, besjeling .. osb. Men det er ”poetisk” som hos Baudelaire, som her: ”Himlen över Ventor är rosa som en sömntablett eller gammalt kräks”. Setningane er ofte lange, flytande, springande. Det er ei stemning, spesielt i barndomsskildringane frå ørkenlandskapet i Georigia og strandlivet ved Alligator Reef i Florida, som er nostalgisk, og på sett og vis romantisk, ikkje på grunn av elendet som blir skildra, men på grunn av kjærleiken det blir mint med. ”Och världen förblir en enda längtan tillbaka”. Men i tillegg til dette, ein brodd. ”Varför ska jag tala sanning när det är så enkelt att ljuga? Jag blev våldtagen av en fågel i øknen.” Dette er ei fantastisk bok eg kan lese i lenge, lenge.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.