Tag Archives: Rune Christiansen

Rune Christiansen: Fanny og mysteriet i den sørgende skogen

Intenst levande: Rune Christensen skriv med sikker stilsans og autoritet som løftar teksten til eit nivå norsk samtidslitteratur elles berre sjeldan når.  

Rune Christiansens roman Fanny og mysteriet i den sørgende skogen viser at god litteratur om sorg  må ha plass til tomrommet, men også at éi kjensle aldri eksisterer aleine. For den 17 år gamle hovudpersonen Fanny som misser begge foreldra i ei bilulukke, opplever meir enn sorg. Ho finn også kjærleiken.

Angst og glede
Fanny er ikkje skildra som ein «truverdig» tenåring, ho er sett gjennom augo til ein forteljar som formulerer seg som om han fortel eit moderne eventyr. Han opnar med ein refleksjon om at det ikkje er mogeleg å vite kven som skal møtast og finne saman, det er berre «slutten som lar seg beregne, adskillelsen som er innlysende og mulig å kalkulere med.» Like etter møter vi den reine dødsangsten gjennom mora til Fanny som er fatalt skadd i kollisjonen.

Komposisjonen utvidar dermed perspektivet frå sorg som reaksjon på akutt, personleg traume til ei vidare kjensle kor sorga over at så mykje liding finst, flyt saman med sorga over at vårt eige liv skal ta slutt. Men ei slik kjensle kan også gi eit skjerpa blikk for det fine i verda.

I Miriam Stendal Boulos intervjubok Lykke og eksil (2016) sa Christiansen at han har utforska ei romanform som ikkje er plotdriven, men snarare komponert som spiral eller kretsløp. Dette viser seg i konsentrasjonen om natur og kvardagar med både rutinar og tilfeldige hendingar som berre av og til får konsekvensar for den vidare handlinga. Men spørsmålet om kva som no skal skje med Fanny, og språket til Christensen, dreg lesaren inn.

Både som prosaist og poet har Christiansen ein sans for stemningsfulle scener og formuleringar som nesten kan gi eit stilisert inntrykk. I Ensomheten i Lydia Ernemans liv (2014) opplevde eg at dette la eit estetiserande slør over dei kaotiske og grumsete sidene av livet og skapte ein idealiserande avstand til hovudpersonen.

Også i den nye romanen finn vi denne karakteristiske stilen kor dagleglivet liksom blir løfta fram som noko høgtideleg i ein lågmælt, men intens tone. Men i etterdønningane av ei stor sorg verkar det plutseleg heilt rett. Den eventyrlege stemninga i Fanny og mysteriet … balanserer mellom medfølande innleving og respektfull avstand, jordnære detaljar og eksistensielt patos. Ikkje minst gir forteljinga den typen ro som oppstår når ein er heilt aleine, når ein kan rette merksemda mot sine nære omgjevnader og kjenne på dei slumrande kjenslene ein elles ikkje har tid til å bry seg om. I Boulos bok brukar Christensen ordet «ømhetssøkende» om nokre av romanane sine, og det er treffande også her.

Grenseopplevingar
Når ei ny, tragisk hending skjer og forteljaren går inn i dei kjenslene som er så store at dei er heilt umogelege, skjer det ved at grensa mellom røynd og draum blir viska ut for Fanny. Ei tid eksisterer ho parallelt i røynda og i «mysteriet i den sørgende skogen».

Her kjem Christensen si evne til å smelte det vanlege og det eksepsjonelle saman gjennom den uventa detaljen til sin fulle rett. Som når Fanny i fantasien legg ut på leiting etter ein død ven og sjølv har opplevinga av at «Jo meir forstandig hun tenkte, desto sterkere var trangen til å gjøre noe uoverlagt og lettsindig.» Slik skaper forfattaren ei kjensle av autentisitet som ikkje er realisme, men likevel livsnær; det er vel i møtet med det uventa at ein kjenner seg som mest levande.

Christensen har dei siste 30 åra dyrka fram eit uttrykk som verkeleg skil seg ut, og han skriv med ein sikker autoritet som løftar teksten til eit nivå norsk samtidslitteratur elles berre sjeldan når. Fanny og mysteriet i den sørgende skogen fortenar ikkje berre prisar, men eit publikum langt større enn det norske.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Miriam Stendal Boulos: Lykke og eksil. Om Rune Christiansens forfatterskap

Forelska i fellesreferansen: Miriam Stendal Boulos gir ei velkomen forståingsramme for Rune Christiansens forfattarskap, men kretsar for lenge om intertekstualiteten.

Rune Christiansen er ein av mange poetar som har oppdaga at ein må skrive prosa for å få brei merksemd. Sjølv om ein forfattar kan uttrykkje seg gjennom fleire sjangrar, og sjølv om Christensen har demonstrert korleis sjangrane kan berike kvarandre gjennom essayistisk poesi og romanar utan lineære plot, er det synd at poesien slik blir redusert til ein slags førebuande språkverkstad for spesielt interesserte.

Dermed er det forståeleg, men synd at det berre er prosaen som blir presentert når litteraturforskar Miriam Stendal Boulos no utgir boka Lykke og eksil. Om Rune Christiansens forfatterskap. Spesielt ettersom tyngda i Christiansens forfattarskap ligg i poesien, både kvantitativt og kvalitativt.

Christensen har fått spesielt god respons på dei to siste romanane sine, Krysantemum (2009) og Ensomheten i Lydia Ernemanns liv (2014). Begge er prega av ein estetisk nostalgi som dreg i retning av det stiliserte og idylliserande. I poesien er derimot det bittersøte brote opp av det uventa og utfordrande. Boulos bok gir ei velkomen forståingsramme for det særmerkte ved forfattarskapen, men ville ha blitt betre av ei breiare tilnærming, både tematisk og språkleg.

Tekstspelet
Boulos har forma boka som ein samtale, ramma inn av hennar analyser. Det beste er at ho gir Christiansen rikeleg høve til å setje ord på ein poetikk som er kjenneteikna av ei open og eksperimenterande tilnærming til litteraturen. Openheita viser seg også i at Christensen flittig nyttar sitat og referansar i bøkene sine, og dette har Boulos gjort til hovudpoeng i framstillinga. Det er befriande at Christensen faktisk framhevar gjenkjenning som sentral i lesaropplevinga, men påstanden om at referansar er ein måte å opne litteraturen også for lesaren på, er ikkje utan vidare overtydande for ein lesar som kjenner få av dei refererte verka. Breidda av inspirasjonskjelder er nemleg stor: Finlandssvensk poesi, britisk sosialrealisme og fransk nybølgje-film, men også «1800-tallsromaner, nyromaner, teori, gammel krim, hørespill, dramatikk.»

Boulos fortel at interessa for Christensens forfattarskap starta nettopp med oppdaginga av sams litterære favorittar, spesielt Nobelprisvinnaren Le Clézio, som Boulos har tatt doktorgraden på. Det er i utgangspunktet ein styrke at Boulos er fagleg rusta til å sjå desse dimensjonane, men det blir for mykje når kapittel etter kapittel tar opp kva funksjon intertekstualiteten har. Christensen kjem med mange andre interessante innspel, til dømes om samtidspoesien og om dei rørlege grensene mellom det sjølvbiografiske og det litterære. Men Boulos dreg stadig samtalen attende til eigne tekstassosiasjonar.

Store ord
Christensen er lett å følgje når han fortel om eigne erfaringar og refleksjonar. Han har evne til å snu på det vande, mellom anna når han skildrar klassereise, ikkje som eit oppbrot, men som utviding av erfaringsgrunnlaget. Boulus ordlegg seg derimot akademisk og omstendeleg med abstrakte og altfor romslege ord: «store fragmentariske sprang med kunstens og livets higen etter balanse som omdreiningspunkt». Det er tungt å lese, og når ei nydeleg, poetisk setning blir forklart som «en leksikalsk overmetning av innelukkethet» dett i alle fall eg av lasset.

Eg saknar også presentasjonar av dei omtala verka som utgangspunkt for den vidare samtalen. Hovudinntrykket er at boka er skriven for dei som både er velkjende med forfattarskapen og akademisk sjargong, og vil bli ståande som eit viktig referanseverk for seinare forsking.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.