Tag Archives: Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva: Western Desert

For opne landskap: Rønnaug Kleivas nye noveller er av varierande kvalitet. Dei fleste er for utydeleg og svakt formulert.

Det er ikkje ofte ein som kritikar tar seg tid til å kommentere omslaget på ei bok, endå det er mykje fint å sjå. Men designen på Rønnaug Kleivas lille novellesamling av året, Western Desert, er så slåande og vakkert at eg berre må nemne det: Ein kunstig raudfarga himmel over eit snøkvitt fjellandskap gir på same tid assosiasjonar til kulde og varme, ro og katastrofe. Novellene spelar også på motsetnader og det tvitydige, men den litterære kvaliteten lever ikkje opp til den visuelle.

Død og melankoli
I det siste har fleire etterlyst at forfattarar i staden for å ta utgangspunkt i si eiga erfaring brukar innlevingsevna si til å skildre andre slags liv. Og Kleiva gjer nett det: Boka inneheld sju korte noveller, alle med ein eg-forteljar som skildrar livet og relasjonane til sine næraste. Det er på sett og vis den mest fiktive forma av alle: Det er som å vere inni hovudet på nokon som fortel historia om seg sjølv til seg sjølv.

Det er ei vanskeleg form, spesielt når ein har velt ein forteljar som ikkje utan vidare liknar på ein sjølv, og det har Kleiva også gjort. Heile seks av forteljarane er menn, dei fleste er middelaldrande eller eldre, og død og sorg er viktige motiv. Kleiva lukkast faktisk best når ho rører seg lengst vekk:

Den siste novella, Enno er det berre november, handlar om ein mann i Serbia som sjølv er døyande. Han tenkjer attende på eit opphald i Oslo og ho som var elskarinna hans då og ein periode etterpå. Han verkar resignert, men på same tid fredfull, og den knappe, springande forma kler melankolien han ser livet sitt med.

Ein liknande melankoli pregar fleire av novellene, men ofte er det noko uklart i framstillinga som hindrar at eg vert gripen, sjølv når den bakanforliggjande historia er tap av ein son i terroren på Utøya. Det kan også vere fordi desse novellene har meir dialog i seg. Dei ofte svært knappe replikkane formidlar verken direkte eller indirekte den fulle tyngda av sorga. At språket er daglegdags og lite prega av biletleg tale, skulle i seg sjølv ikkje vere til hinder for ein sterkare effekt.

Noko manglar
I andre noveller er tonen kvassare, nesten – men berre nesten – satirisk. Det gjeld spesielt ei skildring av kva som rører seg i eit forfattarmiljø når ein eldre kollega brått døyr og både den eine og den andre nyttar høvet til å sole seg i avglansen i personleg vinkla nekrologar.

Den novella som går lengst denne vegen, og lukkast best  med det, er Livets framhald. Her er forteljaren ein kynisk mannsperson som systematisk jobbar med å dokumentere sin høgst personlege versjon av det som skjer både i yrkes- og familielivet, slik at han skal kome godt frå det om det oppstår ein konflikt der ord står mot ord.

Igjen fungerer det fordi verkemidla dreg i same retning. Brodden er også skarp nok til at humoren kjem fram. Stilen minner om Nina Lykke, men Kleiva lukkast ikkje like godt med å skrive fram ein komikk rundt haldningane ho blottar og indirekte kritiserer.

Som tittelen Western Desert seier, skildrar Kleiva situasjonar som kanskje kjenneteiknar eit typisk vestleg, mentalt landskap: Kjenslene er fortrengde, underkommuniserte eller finst rett og slett ikkje. Eg støyter på ein liknande problematikk i vurderinga; i dei fleste novellene kjennest det som at noko manglar, men det er vanskeleg å setje fingere på akkurat kva det er.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements