Tag Archives: Petter Høeg

Petter Høeg: Elefantpassernes barn

Ellevill forviklingskomedie: Ja, visst finst det latter, mengder av latter, berre ikkje for meg.

Om Petter Høegs nye roman hadde vore ein film, ville han ha blitt markedsført slik: ”Gå ikkje glipp av denne latterbomba av ei thrillerkomedie! Full av heseblesande forviklingar og crazy situasjonskomikk, men òg hjartevarm livsvisdom!” På coveret ville det ha vore bilete av to kjepphøge, vakre born omgitt av ein gjeng fargerike karikaturar av vaksne. Og eg ville normalt ha gått i ein stor sirkel utanom. Likevel ville eg heller ha sett filmen enn å lese boka.

Din indre elefant
Elefantpasserens barn handlar om borna til presten og organisten på øya Finø. Foreldra er i overkant kreative i virket sitt, og svippar rett som det er over grensa mot svindel og bedrag. Termen elefantpassar viser til vaksne som er oppslukt av ei stor sak, noko som kan føre til omsorgssvikt for borna deira. Men desse borna har nytta høvet til å utvikle sin eigen livsfilosofi, kor grunntanken er at ein i augneblinkar av stor lukke eller ulukke skal gå inn den ”døra” som åpnar seg i ein sjølv, utan at eg heilt fekk med meg kva det var ein skulle finne. Innsikt, seg sjølv, eller kanskje begge delar?

Dette er bakgrunnen for den farseaktige thrillerkomedien som blir satt i gang då foreldra plutseleg forsvinn og dei to yngste borna, Tilte på 16 og Peter på 14, vert tekne i forvaring av politiet. Så kjem den uunngåelege flukta og kampen mot tida for å hindre eit planlagt terrorangrep mot ein konferanse, arrangert for å sameine religiøste leiarar frå alle verdsreligionane.

Det som skal vere stor underhaldning, blir mest til irritasjon. Det er ikkje måte på kor stor livsvisdom desse tenåringane har, det er nesten som det skulle vore tenkt ut av ein godt vaksen forfattar med god tid til å lese om buddhismen og reflektere over livets mysterier. Vaksne er dumme og må setjast på plass av born som ser livet som det er, og før siste side er nådd, er endå meir livsvisdom samla og brotne kjærleiksband igjen knytta. Spesielt den eldste søstera Tilte har innsikt, karisma og autoritet som alle må bøye seg for. Ho er nemleg ikkje berre barn, men i tillegg kvinne, og vi har som kjent ein kontakt med eksistensen som er uoppnåeleg for menn. Ja, i alle fall om dei synes vi er vakre. Eg skal ikke utbrodere ytterlegare, men her er det vakre, rampete og uendeleg vise vevd saman og presentert på munnrapt vis så gallen stig i halsen.

Vitseparade
Plotet verkar mest som eit påskot til å framføre ei endelaus rad vitsar og nokre glimt av livsvisdom, men eit og anna smil kan ikkje redde lesaropplevinga når historia elles er på nivå med Hjelp vi flyr 4. Ved opplesing vil teksten sikkert vekkje mykje latter, for han har ein del godt formulert komikk. Men ved lesing blir den 14 år gamle forteljaren Peter uuthaldeleg pratete. Her kan ein knapt gå over eit golv utan at det utløyser anekdoter og språklege krumspring i ein småironisk høgstil. Dermed vert handlinga stadig frosen fordi det er ei bakgrunnshistorie som må forteljast: ”For at du skal forstå det som nå skjer, er jeg nødt til å innskyte en rask opplysning om Finøs dyre- og fugleliv.” Dette skjer så ofte at det er komisk i seg sjølv, men ikke mindre irriterande.

Fleire gongar under lesinga lurte eg på om denne boka eigentleg er skriven for tenåringar. I så fall ville eg kanskje vurdere ho høgare—eg veit ikkje kva det seier om mitt syn på tenåringar. Men ein underhaldningsroman må treffe rett publikum, og det var ikkje meg i alle fall.

Romanen er omsett av Knut Johansen
Bokmeldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements