Tag Archives: Nuruddin Farah

Håp i burka

Slik sterke og modige kvinner i Somalia må trekkast med omfangsrike burkaer i gatene, druknar Farahs sympatiske prosjekt i omstendeleg språk og velmeint optimisme.

Roman
Nuruddin Farah:
Knuter
Omsett av Ingrid Haug
Achehoug 2011

Knuter er andre bok i trilogien som starta med Lenker (Aschehoug 2005). Begge bøkene har som utgangspunkt at ein eksil-Somailar etter fleire tiår i eksil vender attende til det borgarkrigsherja heimlandet både for å bearbeide eigne traumer og hjelpe hardt prøvde landsmenn.

I Knuter kjem skodespelar og sminkør Cambara til Mogadishu etter å ha mista sonen sin fordi den utru ektemannen ikkje passa godt nok på han. Med dødsforakt set ho seg føre å ta attende familiens hus frå krigsherren som har okkupert det. På flyplassen blir ho henta av fosterbroren Zaak som ho tidlegare har hatt eit proforma ekteskap med for å skaffe han opphald i Canada. Det var planlagt av den dominerande mora hennar, og gjekk ikkje så bra. No vil Cambara rydde opp både i eige og andres liv, og det får ho også til. Sterke kvinner som trassar valden er håpet for Somaila ifølge Nuruddin Farah.

Ein av dei viktige?
Farah er fødd i Somalia i 1945, men starta frivillig eit liv i eksil i 1976, og bur no i Cape Town. Ifølgje forlaget skal Farah vere ein av dei viktige forfattarane frå Afrika, men eg kan ikkje seie at denne boka byggjer opp under påstanden.

Bakteppet for historia er den tilstanden Mogadishu er i etter 20 år med borgarkrig mellom ulike klanar. Som for andre nasjonar på det afrikanske kontinentet, kan årsakene til borgarkrigen sporast attende til kolonitida og deretter den kalde krigen, men Farah problematiserer ikkje det større historiske og politiske biletet. Imidlertid er han i skeptisk til den rolla klantilhøyre spelar i det somaliske samfunnet.

Den forrige boka i trilogien, Lenker, var noko betre enn denne, delvis fordi skildringa av hovudpersonen var meir nyansert, men òg fordi han drøfta kvifor det gjekk så gale då amerikanske styrkar blei sett inn for å få ein ende på krigen i Somalia.

Farah verkar oppteken av å framheve at det finst ein godt utdanna elite av vestleg orienterte somaliarar, og ikkje minst blir kvinnene framheva som dei som må trå til for å leie alle dei psykisk og fysisk skadde mennene vidare inn i framtida. Hovudinntrykket er at dette er ei historie meint for å byggje moralen. Skildringa av tilstanden i byen er sikkert realistisk nok, men narrasjonen er blotta for spenning eller problematiseringar som kan gje eit større perspektiv. I tillegg er skildringane detaljert omstendelege, og stadige tilbakeblikk seinkar framdrifta.

Omsetjinga
Språket til Farah er blomstrande ordrikt; både analyserande og fullt av adjektiv og metaforar. At det på norsk verkar hakkete og klumsete må nok omsetjinga ta det meste av skulda for. Farah skriv på engelsk, så omsetjinga skulle ikkje vere spesielt krevjande, men det ser ut til at omsetjaren har valgt å halde seg nær opp til den originale ordlyden, og at det har fungert særs dårleg. Eit døme:

Hvordan skal hun klare å lindre sin sorg ved hjelp av tårenes saltlake når det sekundære raseriet hun føler – rettet mot Zaak fordi han har vært så ubehøvlet – er så overveldende at det primære raseriet mot Wardi på grunn av det han har gjort, blekner i sammenligning?

Å skrive ein tekst som viser at det er håp for Somalia er nok både ei vanskeleg og viktig oppgåve. Det er difor eit sympatisk prosjekt. Men litterært sett fann eg det lite givande.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements