Tag Archives: Märta Tikkanen

Märta Tikkanen: Emma & Uno

Kjærleik før feminismen: Tikkanen fortel ei interessant slektshistorie kor den kjærlege mora er heltinna. Men ein roman er det ikkje.

Emma & Uno – visst var det kjærlighet
Omsett av Kari Bolstad

Märta Tikkanen har bygd den litterære karriera si på ei vellukka samanføring av feminisme og stormfull kjærleik, i stor grad tufta på soga om samlivet hennar med forfattaren Henrik Tikkanen. Mest kjend er diktsamlinga Århundrets kjærlighetssaga (1978), og i 2006 kom ei utførleg skildring av samlivet deira i To: scener fra et kunstnerekteskap. No kjem Tikkanen med ei liknade historie frå slektshistoria si, det handlar om besteforeldra Emma og Uno Stadius.

Seks år, seks born
Uno Stadius var pedagog med store vyer om frigjering gjennom daning og etablering av folkehøgskular, ein karismatisk talar som skapte begeistring hos mange, men som òg stadig havna i strid med autoritetane. Han og Emma gifta seg då ho var 19 år, difor vart det ikkje tid til verken daning eller frigjering for henne, berre eit kort kurs i førskulepedagogikk. Seks år seinare budde ho igjen hos faren og søstera med forsørgaransvar for seks born, paret hadde berre budd saman nokon månader om gongen. Uno var stadig på farten og hadde aldri pengar, Emma sende lange og kjærlege brev, Uno skreiv kort og sjeldan attende, men oftare og lengre til mora si. Få år seinare fekk Emma nok og skilde seg.

Forlaget utnyttar forventningane publikum har til Tikkanen og lanserer boka som ein roman om romantisk kjærleik, men det er vanskeleg å sjå at det stemmer. Teksten er bygd opp som biografi og slektsgransking, og navet i forteljinga er undringa Märta Tikkanen opplever i møte med si eiga, hittil ukjente familiehistorie. Tikkanen er velformulert, men dette er ikkje kunstprosa verken i stil eller innhald. Ho viser flittig til brev ho har nærlese, til augevitneskildringar og avisoppslag, og når ho spekulerar over kva paret kan ha tenkt og sagt til kvarandre, signaliserer ho tydeleg at det er spekulere ho gjer.

Kjære mor
Men om det var ”ekte kjærleik” mellom Emma og Uno er langt mindre interessant for lesaren enn det er for Tikkanen. Kva Uno måtte føle for Emma verkar knapt som ei relevant problemstilling i lys av kor lite kjærleik han viste i handling. For ein utanforståande er dette først og fremst historia om ei ung kvinne som held fast på kjærleiken og sitt eige løfte om truskap med beundringsverdig styrke, når mannen hennar prioriterte alt anna framfor å forsørge og vere saman med familien. Men så blir det ei historie om kjærleik likevel: Emma viar livet sitt til å gi dei seks borna ein trygg oppvekst og gode utdanningar, og saman danner ho og borna eit lykkeleg og sterkt fellesskap som varer livet ut. Faren vert knapt omtala mellom dei etter skilsmissa, men to av borna brevvekslar med han, dei må ha arva det beundringsverdige tålmodet frå mora.

Utan at det blir gjort til eit hovudpoeng, demonsterer framstillinga kor naudsynt kvinnefrigjeringa har vore; kor urimeleg prisgitt ei kvinne var far og ektemann i Skandinavia for berre litt over hundre år sidan. På same måte som To: scener fra et kunstnerekteskap er difor Emma og Uno feministisk opplysande tekst, og verd merksemda, trass villeiande marknadsføring. Det er innsikt å hente utanfor romanen også.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Märta Tikkanen: To. Scener fra et kunstnerekteskap

Kjærleikskunsten: Det er lett å forstå at to kunstnerisk skapande menneske som Märta og Henrik Tikkanen fall for kvarandre. Men at dei heldt ut kvardagen saman er nesten ufatteleg.

Memoarer:
To. Scener fra et kunstnerekteskap
Omsett av Jo Ørjasæter

Det er ei svært personleg bok forfattaren Märta Tikkanen har skrive om ekteskapet sitt med forfattaren og biletkunstnaren Henrik Tikkanen. Personleg i tydinga subjektiv, og i tydinga omsynslaust ærleg. Men den som blir mest blottlagt er ikkje Märta sjølv, men ektemannen Henrik. Eg ser ingen grunn til å tvile på det som kjem fram, men det blir som alltid når ein får ei historie frå ein vinkel: Forteljaren framstår som den fornuftige, mens det er dei andre som er urimelege. Dette skjer sjølv om Märta Tikkanen prøver å vise kor ho sjølv kan ha gjort feil, det er berre det at dei skildringane ho elles gir av samlivet seier noko anna: Det var Henrik som var paranoid, narsissistisk, infantil, løgnaktig, dominerande. Mens Märta sjølv heldt ut og gav av seg sjølv med tolmodet til ein helgen, styrken til ein krigar og kreativiteten til ein kunstnar. Ikkje berre heime, men òg i yrkeslivet, i kunsten og i ideell verksemd. Igjen – eg veit nok om kjønnsrollene den gongen og om korleis folk kan vere, både på godt og vondt, til å tru på det ho skriv. Det må berre seiast likevel, at det vil alltid vere ein blind vinkel i ei slik subjektiv framstelling.

Kjærleikshistoria
Märta møtte Henrik i 1956, då ho var 21 og han var 32 år, mens dei begge var journalistar i Hufvudstadsbladet i Helsinki. Det gnistra mellom dei både fysisk og intellektuelt; Märta beundra viddet og formuleringskunsten hans, Henrik kunne ikkje få nok av beundringa. Men dei var begge bundne på kvar sin kant.

Etter fem år med nøling og skjult samliv flytta dei endeleg saman, Märta hadde med ei lita dotter. Raskt kom tre nye born til verda, og Märta fekk ein heilt annan kvardag enn det skrivande yrkeslivet ho hadde drøymt om. Alkoholproblema til Henrik trongen hans etter moderleg omsorg gjorde at ho i praksis hadde hand om fem born, og barnehagar var det ikkje snakk om på den tida, verken for born eller alkoholiserte kunstnerar. Men trongen hennar til å gjere noko meir enn husarbeid blei etterkvart så sterk at ho likevel skaffa seg arbeid utanfor heimen, som rektor ved vaksenopplæringssenteret Arbis.

Det meste av boka handlar om tida på 70-talet kor ho gjennom yrkeslivet og bøkene sine blei ein stadig viktigare samfunnsaktør, og om dei stormane dette skapte både i det avgrensa og gjennomsiktige finsksvenske miljøet i Finland og på heimebane. Henrik oppfatta virket hennar som at ho konkurrerte med han på hans felt, og prøvde på alle slags irrasjonelle vis å få henne attende i omsorgsrolla. Sjølv kunne ho ikkje fatte at dei ikkje kunne støtte og inspirere kvarandre, og prøvde i det lengste å komme i dialog med han om dette. Likvel lyktes ho aldri, problema blei kun indirekte handsama gjennom kunsten deira. I 1979 varsla ho at ho ville gå frå han, men så fekk han leukemi. I 1984 døde han, med Märta og borna rundt senga.

Kvinnehistoria
Märta Tikkanen var gjest hos Fredrik Skavlan i Først og Sist for litt over ei veke sidan. Då stilte han eit idiotisk spørsmål: ”Hvis Henrik ikkje hadde blitt sjuk, ville du ha klart å gå frå han?” Skavlan kan umogeleg ha lese boka, og fekk heldigvis svar som fortent: ”Ja.” Tonen i boka er òg knapp og sakleg. Dei første femti sidene opplevde eg som oppramsande, detaljerte og anekdotiske, og lurte på korleis alle dei 332 sidene kunne bli fylt på denne måten. Men etterkvart som forfattaren kjem inn på sin eigen kamp på mange arenaer, blir det ei medrivande bok. Dette er den nære historia vår om kvinnefrigjering, om enn sett gjennom augene til ei kvinne som både levde i ein meir ekstrem livssituasjon enn dei fleste, og som òg var meir evnerik og ressurssterk enn dei fleste.

Eit stort spørsmål danna seg i meg etterkvart som eg las: Kvifor sprang ho ikkje skrikande ut av døra med ein gong ho oppdaga korleis mannen kunne vere? Tikkanen gir sporar til svar i boka, men heilt tydeleg blir det aldri. Ho snakkar om at det var den ”store” kjærleiken, dei ”høyrde saman”. Den intellektuelle inspirasjonen var viktig, men etterkvart ville Märta heller å få rom til å utvikle seg sjølv enn å leve i symbiose med mannen. Det seksuelle tek det tid før forfattaren går inn nærare inn på, men eit godt stykke ut i boka skriv ho nokre få og ganske uklare ord om eit uvanleg sterkt seksuelt samliv, som dei visstnok heldt ved like gjennom alle turbulente periodar. Det må ha vore litt av eit sexliv.

Kunsthistoria
Det finst nok forklaringar som har meir med tida å gjere enn med personane, som kjønnsroller og normer for samliv og familieliv. Men først og fremst må svaret ligge i kven Märta var og er som person, det må ha vore noko i henne som tok utfordinga fordi ho hadde ressursane til å takle dei, og kanskje såg også kunstnaren i henne det råmaterialet ho her hadde for litteraturen sin? For slik er ho og Henrik like: Begge brukte dei sine eigne liv i kunsten dei skapte. Henrik i ei herleg røre av fakta og fiksjon, Märta enten i fiksjonsform eller rått og ærleg med utspring i konkrete situasjonar (som dikta i Århundrets kjærlighetssaga.) At dei begge ville drive med kunst var den største trusselen mot kjærleiken, men resultatet var jo at kjærleiken blei til kunst, både i konkret og overført tyding.
Som kulturhistorie er nok denne boka av størst interesse for dei som kjenner godt til Finland og kunstnarkretsane der, men som kvinnehistorie og innblikk i kunstnarsinn er dette tankjevekkjande lesing for alle.

Tidlegare publisert i Dag og Tid