Tag Archives: Lotta Elstad

Lotta Elstad: Jeg nekter å tenke

Tendenskomedie: Lotta Elstad har skrive ein smart, svart komedie om abort. Men tar ho for lett på det?

Når eg les bøker av unge forfattarar som skildrar kor kjipt og vanskeleg livet er her i Noreg, vekslar eg mellom å tenke at dei viser fram reelt, samfunnsskapt stress, og den mindre empatiske impulsen: «Men kor lett kan ein eigentleg krevje at livet skal vere?» Slik også under lesinga av Lotta Elstads roman, Jeg nekter å tenke.

Dermed er eg like gretten som Elstads hovudpersonar, for dette er trass alt ein komedie, ein sjanger som baserer seg på tendensiøs framstilling og urimelege overdrivingar. Legg så på at lite rører meir opp i kjenslene enn møtet mellom kropp og politikk, og du skjønar at dette er potensielt provoserande humor.

Taktisk kontrafaktisk
Elstad har markert seg som venstreradikal heilt frå sakprosadebuten En såkalt drittjobb i 2008. Den tredje romanen hennar styrkjer inntrykket av ein godt over snittet kunnskapsrik og slagferdig forfattar med mørk og tørrvittig humor. I Et eget rom (2014) hadde ho ein pensjonert professor som hovudperson og ein stil som fekk meg til å samanlikne henne med Dag Solstad og Vigdis Hjorth. Sjølv om språket i denne romanen er prega av sjargong og dei multimediale kommunikasjonsformene vi no surfar gjennom dagen på, har ho framleis den gamalmodig gretne stilen inne: «Virkedager, presiserer [legen]. – Omtrent som posten? sier jeg, men han er for ung til å huske posten.»

Jeg nekter å tenke ser ut til å vere skriven i harnisk etter at KrF i mars 2016 føreslo å innføre «obligatorisk refleksjonstid» for kvinner som kjem til lege for å bestille abort. Romanen er kontraktfaktisk i at den obligatoriske «tredager’n» her er innført, og verkar difor som eit varsku om kva eit slikt politisk grep kan føre til for kvinner som alt er i ein vanskeleg situasjon.

Hovudpersonen Hedda er ein frilansskribent som har mista sine faste oppdrag og blitt smelt på tjukka i eit hovudlaust forsøk på å kome over at ein akademisk underart av rasen «kulturmann» har dumpa henne. Born? Moralske og eksistensielle val? Det kunne ikkje ha passa dårlegare. Alle som har vore deppa veit at det blir vanskeleg å tenke, noko som ein her må seie både har skapt situasjonen og gjer vidare krisehandtering vanskeleg.

Infantil økonomi
Elstad har ein stil som nærmar seg det slagferdige essayet like mykje som den gode forteljinga. I det minner ho både om Hjorth og svenske Lena Anderssons skildringar av desperate kjærleikshandlingar. Elstad tangerer ikkje førebileta i akutt, emosjonell intensitet, likevel er dette både stimulerande og underhaldande lesing.

Men handsaminga av kjenslene knytt til det å ha eit foster i magen er ikkje så overtydande. Eg synes òg at forfattaren har ein tendens til å infantilisere vaksne kvinner gjennom framstillinga av Hedda. Rett nok finst det tider i livet kor det kan vere bra å stenge av vanskelege tankar, og eit svangerskap er ei slik tid. Men ikkje om ein vurderer abort. Javisst er det vondt både å tenkje og velje, men er det så urimeleg at ein må bestemme seg for abort i løpet av dei tolv første vekene? Og kor stort problem er det eigentleg at ein ikkje får utført eit medisinsk inngrep same dag som ein ber om det?

Det gir likevel meining å sjå indignasjonen i skildringa i samband med den totale livssituasjonen. Kanskje er infantiliseringa ein respons på brutaliseringa? Romanen er meir treffsikker i skildringa av eit arbeidsliv og ein bustadmarknad prega av usikkerheit og juridiske gråsoner. Kararakteren Milo er eit blinkskot som personifisering av den nye europeiske økonomien, han streifar Europa i bubilen på evig jakt etter strøjobbar, full av teoriar om alt frå politikk til kaninoppdrett.

Elstad kan nok provosere, men ho peikar også på konsekvensane av ei samfunnsutvikling vi ikkje kan nekte å tenkje på. Og det hjelper å le.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

 

 

 

Advertisements

Lotta Elstad: Et eget rom

Saliggjerande satire: Lotta Elstad skriv som kjærleiksbarnet til Dag Solstad og Vigdis Hjort; intellektuelt, engasjert og vittig.

Noko har gått gale når feministen Anna Louisa Germaine Millisdotter berre har éin stor lidenskap: Å utvide sitt eige «rom» på Frogner frå 100 til 250 kvadratmeter. Når las du sist feministisk satire?

Lotta Elstad er mest kjend som forfattar av sakprosabøker som styrkjer saka til fagrørsla. Ho debuterte med En såkalt drittjobb om arbeidsforholda i hotellbransjen og er for tida aktuell med bok om det spanske venstrepartiet Podemos. Den skjønnlitterære debuten Ettromsleiligheten, om valdtektsskuldingane mot Julian Assange, var for tung og tørr til å slå gjennom. Men med Et eget rom viser Elstad seg som ein forfattar med eit imponerande register.

Kunnskap og komikk
Teksten held eit kunnskapsnivå som gjer Millisdotter truverdig som ein 70 år gamal akademikar med tørr, politisk ladd sarkasme: «De befant seg i andre halvdel av åttitallet, kapitalflukt var i hvert fall blitt lovlig (…)». Stilen minner om Dag Solstad, det er difor pikant at ein kan lese boka som kritikk av nettopp hans generasjon: Dei som steig til topps på den politisk radikale bølgja, fekk maksimalt ut av velferdsstaten og endte som pragmatiske karrieristar. Idealismen til Millisdotter ser ut til å ha stivna i ei passiv-aggressiv tilbaktrekning frå «disse utmattende noksagtene» ute i verda. Diverre er ho, som Hedda Gabler, avhengig av ein mann for å realisere sin siste ambisjon; å få innlemma naboleiligheita i si eiga. Dermed endar ho som sambuar med ein 65 år gamal kirurg med hang til å dosere og den 40 år gamle datanerd-sonen hans.

Satiren er ikkje eintydig kritisk. Millisdotter målber frustrasjonar, sympatiar og tankar om alt frå karakterar i TV-serien Mad Men til aktivistane i Pussy Riot, som like gjerne kunne ha kome frå ei ung kvinne som forfattaren. Sjølv om hovudpersonen er kynisk, er misantropien og desillusjonen hennar lett å identifisere seg med. Og skildringa av trassen hos ei eldre kvinne som har lært seg å seie «faen heller» i staden for «oj, unnskyld» viser forståing for at knusing av glasstak har krevd hardt skal. Samstundes får Elstad fram det komiske potensialet i klossete, intellektuell stoltheit på ein måte som minner om både Solstad og Vigdis Hjorth.

Men tankane går også til ein intellektuell forfattar frå generasjonen før 68’arane: Ebba Haslund. I Det trange hjertet frå 1965 skildrar ho ei sterk og bitter kvinne med bitande vidd. Men sjølv om boka endar i ei religiøst vending bort frå sjølvrettferdig sinne, er det opprøret mot det nedverdigande i å vere kvinne som gjer romanen lesverdig: «(…) at jeg har trelleblod i årene. Jeg. Kanskje i den ytterste, nakne alderdom, når alt kjønn er slitt av meg, kanskje jeg da kan få igjen noe av barnets glatte uskyld, fryden ved å være menneske. Få min stolthet tilbake.»

Smart intertekstualitet
Og faktisk er det akkurat det som skjer med Millisdotter: Når Millisdotter blir professor emeritus kjenner ho ein ny fridom. Dermed vaknar også trangen til å melde seg inn i samfunnsdebatten igjen når nemesisen hennar frå akademia skriv ein kronikk som går til åtak på Inna Sjevtsjenko. Vår heltinne kjenner seg nemleg reint oppliva av trassen til den ukrainske femistiske aktivisten som kjempar mot patriarkatet med å blotte brysta og sage ned krossar med motorsag. Problemet er berre denne snabel-a’en i adressa til avisredaksjonen: Korleis kombinerer ein eigentleg «skriveprogram og elektronisk post»?

Handlinga i boka er isolert sett ikkje minneverdig, men refleksjonsnivået og smart bruk av intertekstualitet legg dimensjonar til tolkinga. Scena kor Millisdotter strenar svolten gjennom Oslo sentrum frå vest til aust på jakt etter ei postkasse, legg seg inn i sporet frå Solstads Arild Asnes og Hjorths Leve posthornet! Men skildringa spelar også opp mot Hamsuns Sult på ein måte som viser at hans opplevingar kanskje er meir relevante for vår tid: Det offentlege rommet ho går gjennom er dominert av næringsliv og tigging, medan ho må leite lenge etter den trygge offentlege fellesskapen Posten tidlegare representerte.

Eg blir salig av å lese så slagferdig og intelligent satire. Lotta Elstad er alt ei viktig stemme i sin generasjon, og eg gledar meg til framhaldet.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.