Tag Archives: Kveldsvævd

Jon Fosse: Kveldsvævd

Kunsten, kjærleiken og døden: I Kveldsvævd går trilogien om Asle og Alida til ro. Samstundes opnar slutten for ei symbolske lesing der den overskridande kunsten er hovudpersonen.

Kveldsvævd er ei forteljing på 54 små sider og isolert sett ein bagatell i ein stor forfattarskap, men så er det heller ikkje ei forteljing som kan lesast isolert. Dette er nemleg avrundinga av historia om det unge paret Asle og Alida, som byrja i Andvake (2007) og heldt fram i Olavs draumar (2012). I Andvake fekk dei sitt første born etter ha tvunge seg inn i huset til ei avvisande jordmor i Bergen. I Olavs draumar reiste Asle attende til Bergen for å kjøpe giftering, men enda med å bli hengd for drapet på jordmora. I Kveldsvævd får vi høyre om korleis Alida reiser til Bergen for leite etter Asle, men i staden møter Åsleik som fortel henne kva som har skjedd og tar henne med heim til garden som taus, og etterkvart kone.

Fri flyt av medvit
Prosaen flyt i kjend stil, fritt som tanken og fantasien. Men der språket i Olavs draumar skapte eit oppjaga mareritt, er denne boka nostalgisk og utan dramatikk; dramatikken ligg i forhistoria.

Det er Ales som fortel, dottera Alida fekk med Åsleik. Henne har vi tidlegare møtt i Det er Ales, der som tippoldemor. I slutten av Kveldsvævd vert ein Jon nemd, forfattar og spelemann, og oldebornet til spelemannen og drapsmannen Asle. Kanskje er det forfattaren sjølv, men om det er slik at alle bøkene skal sjåast i samanheng, får eg det ikkje heilt til å gå opp med slektsledda. Det er ikkje så farleg, for poenget er at dette handlar om menneske av same slekt, som deler livsvilkår, landskap, kultur, utsjånad og evner. Det er opphavet til forfattaren som skapande menneske.

Eg les trilogien som eit verk om den overskridande naturen til kunsten: Den kunstnarlege evna har eit opphav i fortida og gir uttrykk for noko som er større enn individet. Men kunsten er eit tvieggja sverd for kunstnaren. Asle er spelemannen som gir seg over til kreftene i seg, kunsten og kjærleiken, men endar som drapsmann og må bøte med livet. Som kjærleiken er kunsten både ei skaparkraft og dødeleg risiko; alt står på spel. Men sjølv etter døden vert noko att, noko som lever vidare i andre. Kunsten, kjærleiken og døden; alle kastar dei oss ut i «det store svevet» som Fosse skriv om i Andvake.

Skjebnefellesskapen
Trilogien viser ei tru på skjebne og samanhengar i universet, og det får fleire uttrykk: Det armbandet Asle kjøpte til Alida, men vart fråstjåle, finn Alida på gata. Fela som Asle hadde arva frå faren Sigvald kjem attende til den oppkalla sonen Sigvald. For Alida er Asle aldri eigentleg borte, han er overalt, og når ho døyr går ho til han. Og slik Johannes vart henta «vest i Vågen» og ut av verda av Peter i Morgon og kveld, er det skrømtet av mora Alida som kjem for å hente den aldrande Ales når tida henna er komen.

Det er altså mykje kjent og lite nytt i Kveldsvævd, men det nye er heller ikkje målet, her er fokus på fellesskapen. Men boka set det vi kjenner til i nytt perspektiv.

Eg er glad i Fosse, i klangen og rytmen i det repeterande språket, i dei inderlege kjenslene og vide perspektiva som berre kjem fram gjennom små fakter og kvardagslege ord. Han opnar for at det finst samanhengar i livet som går bortanfor det det er lett å forklare – eller tru på, for den saks skuld. Der andre skriv om seg sjølv som privatpersonar, uttrykkjer Fosse kven han er som kunstnar ved å fantasere fram sitt eige opphav.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements