Tag Archives: Kjersti Wøien Håland

Angst i poesi og prosa


Kjersti Wøien Håland: Dommedøgn

Høg puls: Adrenalinet pumpar gjennom det postmoderne portrettet Kjersti Wøie Høland har skrive av ei bygd i krise.

I eit landskap av stein og vatn skal det lite til før begge elementa kan verte til farar for liv og samfunn, det viser både historiske ras og flaumar i Vestlandsfjordane og verknadane av meir nedbør dei siste åra. I fjor utgav Arne Ruset eit knippe sterke historiske noveller om dette, berg brest. Med Dommedøgn har Kjersti Wøie Høland gitt oss ein meir postmoderne og aktuell versjon av ei liknande historie. Ho rører ikkje kjenslene like sterkt, men er både underhaldande og tankevekkjande.

Kjersti og Olaug
Kjersti Wøie Høland debuterte i fjor med den lille og artig titulerte diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti, og både den og haustens utgjeving minner sterkt om forfattarskapen til Olaug Nilssen. Det handlar litt om likskapar i miljø og karakterar, men mest om kreativt overskot som viser seg både i språket og handlinga – utan at det reduserar alvoret i det litterære prosjektet.

Dommedøgn gir oss glimt av livet i vestlandsbygda Berg inst i ein fjord gjennom sju veker som leiar mot katastrofen. Smelteverket kor nesten alle hadde arbeid har nyleg lagt ned produksjonen, og massearbeidsløysa rammar både samhaldet og framtidstrua i bygda. I starten av boka finn vi ei liste over karakterar som seinare har ordet i kvar sine korte kapittel: Ordføraren, fagforeiningsleiaren, ein oppfinnar, ei heimehjelp og tre opprørske ungdommar – ein flørt med skodespelet som også minner sterkt om Olaug Nilssen.

Boka har fleire styrkar. Ein er at dei ulike karakterane gjennom språk og haldningar uttrykkjer ulike personlegdomar, og spesielt den optimistiske oppfinnaren Lars skil seg ut med si livet-er-herleg-haldning: «Eg lagar meg nudlar med hermetiske soppar til. Det smakar heilt himmelsk.» Dermed er vi over i ein annan styrke ved teksten, nemleg humoren, som er mørk – naturleg nok, gitt emnet – og som igjen lenar seg på den språklege kvaliteten i sprelske assosiasjonar: «Hjartet hans snakkar som ein reporter. «Kva er nytt frå hovudstaden?» ropar eg.»

Farleg forvirring
Det postmoderne ved boka ligg i ei vipping mellom ironi og alvor, humor og angst, sosialrealisme og det symbolske – det siste viser seg gjennom ei rekkje meiningsladde brot med realismen, som tunnelar som plutseleg «gror igjen» til solid fjell. Denne vippinga skaper først ein distanse i lesaropplevinga, men er òg del av rytmen i nedteljinga mot katastrofen, eit slags litterært adrenalin. Slik tek forfattaren pulsen på ei forvirrande samtid prega av trugslane – eg heldt på å skrive utfordringane, men det er jo «newspeak» – frå den globaliserte kapitalismen og tilhøyrande klimaendringar.

Å likne ein så karakteristisk forfattar som Olaug Nilssen inneber ein viss fare for å framstå som «copycat». Men Kjersti Wøien Håland har ein eigen poetisk åre, og er utan tvil eit litterært talent i full utvikling.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Merete Røsvik Granlund