Tag Archives: Kari Løvaas

Mattis Herman Nyquist: Det er jeg som er Torvald

Lerkefuglen flyr igjen: Mattis Herman Nyquist skriv seg opp mot Ibsens Et dukkehjem på anna vis enn venta.

I Et dukkehjem forlet Nora Torvald fordi ho innser at han – og før han, far hennar – aldri har sett på henne som eit vakse, likeverdig menneske. Ho har latt seg forme av kva mennene ville ha, difor må ho vere aleine for å finne ut kven ho eigentleg er.

I skodespelar Mattis Herman Nyquists debutroman, Det er jeg som er Torvald, er rollene bytta om, her er det mannen som har tapt seg sjølv av syne i forsøket på å leve opp til alle krav. Hovudpersonen er 35 år, utdanna jurist med ein god jobb, gift med ei vakker karrierekvinne, far til to og busett i eit hus i ein hage i eit fint strøk truleg vest i Oslo. Det er ein laurdag i juni, dagen for den faste sommarfesten som alle kjenningar vil sikre seg innbyding til. Det kunne ikkje vore meir perfekt. Til gjengjeld er fallhøgda stor.

Desperate menn
Romanen går inn i ein tematikk fleire har utforska dei siste åra, og då snakkar eg ikkje berre om mannsrolle i krise, men meir spesifikt om mannen i øvre middelklasse. Filmen Oslo, 31. august av Joachim Trier skildra ein ressurssterk, ung mann frå Oslo vest som tek livet av seg på permisjon frå avrusingsklinikken. Nicolai Houm skreiv om prestasjonspresset blant dei rike og danna i same bydel i De håpefulle. Eit høgdepunkt innanfor same trend i fjor var den satiriske NRK-serien Kampen for tilværelsen. Der framstår familiefedrene i Ullevål Hageby som pressa til bristepunktet av krevjande kvinner.

At kvite, velståande menn også har sine utfordringar, er altså slått fast, det store spørsmålet er kva det grunnleggjande problemet eigentleg er. Nyqvist gir ingen tydelege svar, men om ein skal tolke hinta og intertekstualiteten med Et dukkehjem, går tankane faktisk til Nils Rune Langelands utspel om «vaginalstaten» tidleg på 2000-talet.

For i denne boka er det Torvald som er «lerkefugl». Samstundes som han prøvar å gjere alle oppgåver som forventa, kvittrar han «så flink du er», «du er fin» og «jeg elsker deg» – for: «det er det du vet hun vil høre». Og slik det var faren før ektemannen for Nora, var det mora før kona for Torvald: Forteljaren minnest ei scene då han var 19 år, før ein fest heime hos foreldra. Mora vil ha han til å øve på korleis ein held ut stolen for borddama si. Guten kan det frå før, men føyer mora og får respons så sjølv lesaren blir flau: «Du, vet du hva? Nå synes jeg du ble veldig kjekk, altså, sa hun, – sånn som du gjorde det nå.»

Klamt i buret
Lerkefuglen må også vere «pen i tøyet», noko som blir dratt ut i det parodiske ved at han, den dagen sommarfesten og den totale nedsmeltinga skal skje, dusjar og skiftar heile tre gongar. Ein kan innvende at både dette og Torvalds stadige trang til spontane utflukter og nedkjøling over fryseboksen i kjellaren, er overtydlege bilete på høgtrykket inni han. Familielivet er berre for klamt.

Framføringa av tematikken lenar seg også litt for tungt på Et dukkehjem, slik at boka isolert sett ikkje ser ut til å fortelje anna enn at denne mannen er for snill – og deprimert. Ein kunne altså ha ønskt eit mindre føreseieleg plot som våga seg lenger inn i materien. Den reflekterande «du»-forma og dei sjølvgranskande, søkjande formuleringane har likevel noko reint og sympatisk ved seg som minner om stilen til Geir Gulliksen: «Det var et rart innfall. Men det var ett eller annet i deg som var åpen for det.» Men Torvald har framleis til gode å finne ut kven han er, og då er det vel uunngåeleg at portrettet blir utydeleg.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Tillegg I: Angst og depresjon

Eg skreiv i lesarinnlegg i Morgenbladet at det er tydeleg at Torvald er deprimert. Etter å ha sett meir på teksten vil eg heller seie at det er tydeleg at han har psykiske problem, og at det er gode grunnar til å tolke underteksten som at han har symptom på både depresjon og angst, to tilstander som ofte går over i kvarandre.

Tidleg i boka står han i kø i ein butikk: «Du er varm, og det har kommet en skjelving i kroppen din, som om du er sulten. Men du har nettopp spist. Køen er lang, og du fester blikket ved noe konkret for ikke å falle. Det må ikke skje nå, det vet du, for da vil alt bli ødelagt, hele denne dagen, sommerfesten, Emma, Aksel, Ea – alt sammen. At du havner der igjen. Der, bortenfor, at du ikke blir med dem, at du forsvinner, eller, ikke forsvinner, men blir borte for dem likevel.»

Det fallet han refererer til her, kan vere ei oppleving av angstanfall. I butikken sveittar han kraftig, og seinare, i bilen på veg heim, byrjar han heilt umotivert å gråte og kjenner seg uroleg. Det kan indikere depresjon og ein nervøsitet som kan vere eit tidleg symptom på angst:

«Du svinger bilen inn i en busslomme. Det svir sånn i øynene. Det renner salt fra øynene og nedover kinnet. Fader òg, sier du lavt til deg selv. Du begynner å klø deg på haken. For haken vibrerer og vil ikke stoppe, leppene òg. Ikke i dag, tenker du. Ikke nå. Festen, tenker du igjen. Dette skal gå bra, det er ingen grunn til at det ikke skal gå bra. Du vet ikke helt hva det er som får deg til å føle deg så urolig.»

Utover i boka blir det tydeleg at han er emosjonelt fråkopla, og blir oppfatta slik også av familien. Ein slik type apati kan i seg sjølv vere symptom på depresjon. Torvald prøvar å fornekte for både seg sjølv og andre at han har problem, samstundes lengtar han etter å kunne vere autentisk og sann. Mot slutten av boka har han flykta frå familien og står, som mange gongar før, over frysaren: «Du fikk lyst til å gråte. Det er i alle fall noe, tenkte du.» Ein gong han har flykta frå familien heilt til Stockholm og går på teater, blir han rørt til tårer av ein monolog som uttrykkjer eksistensiell desperasjon: «- Sommarnatten. Jag frågar igjen; var är du? / Du ville svare ham. Du prøvde å svelge, men det var for sent, haken din skalv, nesten tetnet til og brystet snørte seg. Gråt du? Uten lyd, i så fall, men like fullt – det var da noe.» I staden for å kjenne etter kva det er som skjer, reiser han seg og går, midt i forestillinga.

Det er også andre, liknande episodar i boka, til dømes etter at Torvald har gått amok på grunn av ein rusten grill og etterpå vert liggande apatisk i graset medan tårene renn. Om ein meinar at episodar som det berre er vanleg «livslede» hos ein priviligert mann som kjedar seg, kan det vel vere at ein overser depresjon hos både seg sjølv og andre. Spesielt menn har ein tendens til å ikkje søke hjelp for depresjon.

Meir om symptom på depresjon her: http://www.helsebiblioteket.no/pasientinformasjon/brosjyrer/depresjon-hos-voksne#

Tillegg II: Skamraseri

Då eg skreiv tillegget ovanfor, om korleis Torvalds psykiske problem viser seg i teksten, var det ein ting som plaga meg: Torvalds krise, og dramatikken i romanen, når toppen då han med fullt overlegg sparkar sin eigen son på leggen – midt under eit stort hageselskap, framfor måpande vener og familie. Men eit slikt irrasjonelt, utagerande sinne passa ikkje så godt inn i biletet av ein deprimert mann. Kva var det eigentleg som gjekk føre seg med Torvald, og visste forfattaren sjølv kva han prøvde å framstille?

Eg bestemte meg for å la det ligge, meldinga var skrive og eg kunne ikkje bruke meir tid på det. Men slike problemstillingar har ein tendens til å surre vidare i bakhovudet heilt av seg sjølv, og nokre dagar seinare vakna eg opp om morgonen med tankar om ei mogeleg forklaring:

Gjennom romanen kjem det fram at Torvald alltid følte seg utanfor i barndommen, han passa ikkje inn saman med dei andre. Så fekk han éin ven, Johann, og det vart redninga både sosialt og emosjonelt. Men då han kom i tenåra, hadde lært å oppføre seg «riktig» og vart akseptert av dei kule gutane, mista han interessa for Johann. Romanen skildrar vidare korleis Torvald har gjort alt han kan for å bli den familie og vener vil ha, han som har ein god jobb og eit fint hus, som har gode manerar og kler seg rett, som gir kompliment til kona, drar stolen galant ut for mora si, leikar med ungane og spøkar på den rette måten med kompisane. Spørsmålet er kor det vart av den eigentlege Torvald? Og kvar gjorde han av sinnet mot dei som ikkje aksepterte den han var i utgangspunktet, dei som gjorde det naudsynt for han å bli ein annan?

I lys av dette går det an å skjøne kva som hende i hageselskapet: Guten Elias fortel at ingen av dei andre gutane vil leike med han. Torvald vil ordne opp, og ropar på sonen Aksel. Men Aksel nektar å inkludere Elias, «han er dum», seier han. Torvald blir rasande på ein kald og roleg måte: «Et instinkt, en impuls som slår inn over hele kroppen din som noe riktig, som noe uventet.» Så sparkar han sin eigen son på leggen så hardt han kan.

Ei enkel psykologisk lesing vil vere å seie at Torvald identifiserer seg med Elias, medan sonen Aksel plutseleg representerer dei gutane som heldt Torvald utanfor då han var barn. Endeleg, fleire tiår etter at han skulle ha gjort det, skal han ta igjen. Det er vanleg å seie at depresjon er sinne som vert retta innover mot ein sjølv i staden for utover mot dei som har skapt reaksjonen. I det perspektivet er det sunt å rette sinnet utover – men at det skjer på denne måten, retta mot hans eigen son, er sjølvsagt djupt irrasjonelt.

Det er noko uklart kor mykje Torvald sjølv eigentleg skjønar av kva som skjer med han. Men det går tydeleg fram i teksten at venen Johann er svært viktig for han nettopp fordi Torvald trur Johann er den einaste som kjenner og bryr seg om den Torvald innerst inne er. Johann er også den som skjønar at Torvald er i krise. Men når han held rundt venen og prøvar å få han til å opne seg, klarer ikkje Torvald å setje ord på noko, han har kome til eit punkt der tankane berre stoppar opp, han seier berre «jeg vet ikke» igjen og igjen. At basale kjensler som har leie i dvale heilt sidan barndommen slår ut på ein så sosialt uakseptabel måte er så skamfullt at det rett og slett er umogeleg å erkjenne eller innrømme.

Eit omgrep for å skjøne Torvalds spark kan vere «skamraseri». Skam er kjensla av å i sitt innerste vesen ikkje vere god nok, av at andre vil forakte og avvise deg om dei får vite korleis du eigentleg er. Skamraseri er når slike kjensler fører til utagerande, destruktiv åtferd. I Min kamp, sjette bok (Oktober 2011), brukar Karl Ove Knausgård skamraseri som forklaring på ondskapen hos Hitler og Anders Behring Breivik. Sjølvsagt representerer dei to åtferd i ein heilt annan skala enn det sparket Torvald gir sonen sin i leggen, men eg trur likevel omgrepet skamraseri er fruktbart som forklaring på samanhengen mellom depresjon og utagerande vald. Kari Løvås skriv mykje klokt om dette i essaysamlinga Og de skjønte at de var nakne. Om skam og beskyttelse (Den grønne malen 2013). For den som er interesset i problemstillinga, er den boka verkeleg verd eit studium.

Skamraseri er altså den verst tenkelege konsekvensen av vonde kjensler som ikkje blir erkjente og bearbeidde, og det kan vende seg både utover, som til dømes terror, og innover, som sjølvmord.

I Det er jeg som er Torvald er slutten open: Flyktar han berre frå familien eller går han mot sjølvmordet? Romanen har ein prolog som også kan tolkast begge vegar:

Du står og ser ut av vinduet, så snur du deg inn mot rommet. Og der står du. Torvald Lossín. Femogtredve år gammel. I Verden, i Europa, i Norge. Det er lørdag. Og snart er alt over.

Gitt den skamkjensla eg trur ligg under både depresjonen og det irrasjonelle sinneutbrotet, er det ikkje usannsynleg at dette er ei historie om den typen tap av ansikt som fører til sjølvmord. Tanken om at ein ytre sett så vellukka mann kan vere desperat verkar kanskje overdriven, men samstundes veit ein at det gjekk ei sjølvmordsbølgje gjennom Oslo Vest og Bærum etter finanskrisa i 2008. Eg synes det er vanskeleg å skjøne, men å gå konkurs var tydelegvis eit tap av ansikt somme menn rett og slett ikkje kunne leve med.

Dette interesserer meg av to grunnar: Miljøet i dei høgare sosiale lag i Noreg er i utgangspunktet framand for meg, og det er spennande å få innblikk i psykologien i eit miljø med andre normer. Samstundes er det noko ved skildringa av Torvald som eg kjenner meg igjen i, noko som ein gong var meg. Ein kan kalle det «snill pike»- eller «lerkefugl»-problematikk, men kjerna er den same enten det gjeld menn eller kvinner: Å prøve å vere den andre vil ha i staden for å finne ut kven ein er og kva ein eigentleg føler og treng, kan skape så grunnleggjande usikkerheit og skam at ein misser seg sjølv. Resultatet kan bli depresjon og angst – eller skamraseri.

Gjer denne tolkinga Det er jeg som er Torvald til ein betre roman? Vel, boka har i alle fall undertekst, og det er eit teikn på kvalitet. Likevel er konklusjonen min framleis at romanen har eit potensial som ikkje er godt nok realisert. Til det er språket litt for flatt og prega av gjentakingar, handlinga for føreseieleg og tematikken for uklart kommunisert.

For min del blir det likevel meir og meir slik at eg heller les ei bok som trass feil og manglar gir meg noko å fundere på, enn ei veldreid bok som ikkje gir meg ein einaste ny impuls. Heller interessant enn perfekt! Det perfekte som ideal er drepande – og ikkje berre for litteraturen.

Advertisements

Kari Løvaas: Og de skjønte at de var nakne. Om skam og beskyttelse

Kari Løvaas viser at evna til å kjenne skam også er evna til å kjenne empati og glede i møte med andre. 

I ei vidunderleg lærd og djuptenkt essaysamling undersøker Kari Løvaas skam som antropologisk og etisk vilkår i samfunnet. Mot polariseringa mellom skam og skamløyse set ho skamsensibilitet som uttrykk for at mennesket er grunnleggjande sosialt, med evne til å møte «Den andre». Det er Lévinas som er den filosofiske leiestjerna for teksten, men Løvås klarar på førebiletleg vis å sameine kunnskap om og innsikt frå ei lang rekkje skribentar i utforskinga av ulike dimensjonar ved fenomenet skam.

Teori og livserfaring
Løvaas gjer svært interessante lesingar av forfattarar som Dag Solstad, Elfriede Jelinek, Tor Ulven og Kristian Lundberg, og ho både brukar og kritiserer tenkjarar som Giorgio Agamben, Freud og Simone Weil. Ikke minst brukar ho si eiga livserfaring på ein måte som både gjer problemstillingane levande og forklarar interessa for temaet.

Løvås er litteraturvitar og fotograf, tidlegare kritikar i Morgenbladet, men no doktorand ved Karlstads universitet i Sverige. Essaya har blitt til gjennom deltaking i «Fria Seminariet i Litterär kritik», eit miljø som samlar nordiske forfattarar og kritikarar.

Teksten krev kjennskap til humanistisk fagterminologi, og spesielt det innleiande essayet står i fare for å trøytte lesaren med ei opphopning av litterære referansar. Men Løvås drar det fint saman i ein nydeleg konklusjon eg gjerne vil sitere her:

Skam er på mange måter knyttet til blikket, det er de andres dømmende og avslørende blikk som framkaller skam, og med det ofte ønsket om å forsvinne. Samtidig er vel også det sosiale, eller det menneskelige møtet, det eneste mulige stedet hvor skammen kan overskrides og en form for nåde innfinne seg. Kanskje i form av et blikkmøte hinsides tildekkingens og avdekkingens logikk, der blikket verken gjennomskuer, fastholder eller fordømmer, men tillater, skjenker eksistens – et slags kjærtegn: «Jag såg ett par varma ögon», skriver Ekelöf: «Jag glömde dom aldrig».

Derfrå går det berre oppover. Sjølv om språket er akademisk, framstår det ikkje som jålete eller kronglete. Fokuset er på innhaldet, som er glassklart formidla.

Frigjering frå skam
Sin eigen bakgrunnen som misjonærbarn i Bangladesh tematiserar Løvås i lesinga av Hanne Ørstaviks roman kallet – romanen. Men sjølv om dogmatikken har fått vike for ein opnare mystikk, går ekkoet av dei kristne grunnverdiane gjennom heile boka: Idealet er det audmjuke, opne mennesket som gledar seg over å bli tatt imot med tillit og kjærleik av ein aksepterande fellesskap. Men empati kan bli erstatta av «skamraseri» om ein gjentekne gongar blir avvist og nekta ein slik fellesskap, og det vert også eit perspektiv på 22.juli-terroren.

Men mest av alt er dette ei bok som gir eit solid grunnlag for å skjøne den sjølvbiografiske bølgja i litteraturen, kor frigjering frå skam har vorte sentralt.

I omtale av Karl Ove Knausgård stiller Løvås seg kritisk til den poserande og omsynslause sjølvutleveringa som bryt med både sosiale og litterære normer. Faktisk kallar ho pratet om litterært sjølvmord for pubertalt, men meinar at Knausgård blir vaksen når skriveprosjektet rører seg over i eit kjærleiksarbeid for å finne det litterære uttrykket som kan «overskride kløften mellom indre og ytre». Den store appellen i Min kamp-prosjekt forklarar ho slik: Å vise sitt såra anlet ubeskytta, har gitt forfattaren enorm karisma fordi den sosiale risikoen aktiverar lesaren si kjensle av ansvar.

Raudnande tekst
Kanskje vert essaysamlinga best oppsummert i det skillet Løvaas drar mellom avslørt og openberra sanning. Bekjenning kan også vere ein prosess for å bli heil og finne balanse, å vise fram noko av seg sjølv, ikkje skamlaust og formlaust, men i «svakhet uten feighet». Av dette veks det fram eit vakkert bilete på litteraturen som eksistensiell møteplass: «- at teksten rødmer?» Ein tekst kan røpe meir enn forfattaren er medviten, men han kan likevel vere medviten om at dette skjer, og ha tillit til at lesaren vil ta imot i sosialt ansvar.

Eg veit at eg har gitt meg over til referatet i denne meldinga, men det vart uimotståeleg: Dette er inspirerande og eksisteisielt viktig litteraturkritikk!

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid, men noko utvida for bloggen. 

Les også Håkan Lindgrens omtale av boka i Svenska Dagbladet