Tag Archives: Kaja Schjerven Mollerin

Jakob Lothe: Etikk i litteratur og film + Kaja Schjerven Mollerin: I denne verden. Om Susan Sontag

Litteratur mellom ord og handling: Eit etisk perspektiv på estetikken viser kor mykje det betyr kven som fortel i eit kunstverk.

Korleis heng estetikk og etikk saman? Både litteraturprofessor Jakob Lothe og litteraturvitar og kritikar Kaja Schjerven Mollerin har skrive bøker der dette er den sentrale problemstillinga. Lothe fokuserer på tekst- og filmanalyse, Mollerins bok om Susan Sontag er vel så mykje innretta mot spørsmål som famnar breiare: Kva samfunnsrolle skal intellektuelle ha, og korleis blir vi moralske menneske? Begge bøkene er svært leseverdige og gir til saman ei solid plattform for vidare tenking og debatt om kva rolle litteratur, kunst og kritikk kan ha i dette samfunnet som no for tida ser ut til bli postmoderne for alvor.

EIGA OG ANDRES HISTORIE
Tittelen Etikk i litteratur og film viser at Lothe er så pedagogisk at det kan vippe over i det tørre og overtydelege. Som når han til dømes slår fast at «Eget som fortel her, er forteljaren i romanen». Men når eit hovudpoeng er at estetikk i seg sjølv formidlar etiske verdiar, er det avgjerande for den vellukka formidlinga at verkanalysane er lette å følgje.

Sjølv om Lothe tidvis trekkjer inn historisk kontekst, står han i ein nykritisk tradisjon der tolking av kunstverket står i fokus. Lothe er då også narrasjonseksperten i norsk litteraturvitskap, med den mykje brukte læreboka Fiksjon og film. Narrativ teori og analyse på cv-en. Han opererer med klart definerte analyseomgrep, og spesielt skiljet mellom historisk forfattar, implisert forfattar og forteljar er sentralt: Måten forteljaren legg fram ei historie på, kan skilje seg frå dei haldningane verket som heilskap signaliserer, og vi kan ikkje vite om inntrykket vi dannar oss av forfattaren medan vi les, er representativt for den historiske forfattaren. Det er faktisk innsikter som er trua av måten bøkene som ein svært upresist har samla i sekken «røyndomslitteratur», har blitt diskutert på den siste tida.

Les heile essayet i Prosa

Advertisements

Kaja Schjerven Mollerin: Vigdis, del for del

Krigar med slør: Kaja Schjerven Mollerin imponerer med eit portrettintervju av Vigdis Hjorth – forfattaren som ikkje let seg målbinde.

Det er lett å sjå likskapar mellom hovudpersonen Bergljot i fjorårets litterære sensasjon og stridseple, «Arv og miljø», og forfattaren Vigdis Hjorth. Når ein les det polemiske motsvaret som kom tidlegare i haust; romanen «Fri vilje» av søstera Helga Hjorth, er det heller ikkje vanskeleg å sjå likskapar mellom den fiktive forfattaren Vera Lind og Vigdis Hjorth. Påstanden er at romanen Vera Lind gir ut, som altså handlar om det same som den verkelege romanen «Arv og miljø», er fullt og heilt basert på verkelege hendingar i familien. Bortsett frå at forfattaren lyg om kva ho har opplevd i barndommen. Altså Vera. Altså Bergljot. Altså Vigdis. Eller korleis blir det, no igjen …

Midt i alt dette står Vigdis Hjorth og insisterer på at det ho skriv er romanar, ikkje røynd, uansett kor mykje av eigne og andres erfaringar ho har brukt litterært. Det er merkeleg kor provoserande det er, post-Knausgård, å nekte å forenkle og å blottstille seg i same rørsle. Resultatet er at det er henne ein blir mest nysgjerrig på. Spesielt etter det infame portrettet i Helga Hjorths roman pressar spørsmålet seg på: Kva slags menneske er Vigdis Hjorth eigentleg?

Så, som ved eit kulturelt-kommersielt mirakel, kjem den uvanleg godt tima intervjuboka «Vigdis, del for del», ført i pennen av hennar gode ven, tidvise debattmotstandar og særs kompetente lesar Kaja Schjerven Mollerin. Boka gjer det tydeleg at ein forfattar som har vore i rampelyset i over 30 år, veit meir enn dei fleste om kva det kostar å vere ein offentleg person – og om fridomen som ligg i å spele roller.

Les resten av meldinga i Bokmagasinet.