Tag Archives: Jon Fosse

Mysteriet i trua. Jon Fosse i samtale med Eskil Skjeldal

Gåta i spegelen: Semja er stor, men forståinga stykkevis og delt i samtalen mellom Jon Fosse og Eskil Skjeldal. For Fosse er det mysteriet som skaper kjenslene, trua og kunsten.

Eg veit ikkje heilt kven som er mest internasjonalt kjend; Jon Fosse eller Jo Nesbø. Men Jon Fosse er i alle fall den av dei to som kanskje ein dag kan få Nobels litteraturpris, og ryet som dramatikar har også skaffa han Statens æresbustad Grotten. At Fosse i 2013 konverterte til katolisismen, understrekar at han er ein åndeleg kosmopolitt; frå bakgrunnen i den pietistiske bygda Strandebarm i Hardanger via teoretiske studier og kvekarfellesskap i Bergen til eit liv på reise mellom teateroppføringar over heile verda, hytte i Skjolden, bustad utanfor Wien og til sist også Grotten i Slottsparken i Oslo.

Intervjuboka Mysteriet i trua. Jon Fosse i samtale med Eskil Skjeldal har blitt til i forlenginga av ein langvarig epostkorrespondanse og somme møter mellom Fosse og Eskil Skjeldal. Det er ei bok tufta på sams erfaringar og stor semje om dei store spørsmål i livet.

Eskil Skjeldal er teolog, skribent og kritikar og har tidlegare gjort lukke med ein intervjuserie i Dag og Tid der han snakka med diverse kjendisar om kriser og meininga med livet. I tillegg skildra han i same avis si eiga truskrise gjennom ei rekkje essay, og har, som Fosse, konvertert til katolisismen. Dei mange sams referansane gjer at samtalen glir lett, ofte for lett og raskt over punkt der kritiske spørsmål kunne ha ført til interessante utdjupingar.

Intellektuelt portrett
Dei punkta Skjeldal stiller flest oppfølgingsspørsmål til er knytte til tvil og trusforsvar: Kven eller kva er Gud, og er han allmektig eller ikkje? Her er det eksistensielle alvoret stort frå begge partar; det betyr verkeleg noko for Skjeldal kva Fosse svarar, og eg skulle gjerne fått vite meir om dei tankane svara vekkjer i han. I staden nøyar han seg som regel med kortfatta oppfølgingsspørsmål.

Både Ingunn Økland i Aftenposten og Ane Farsethås i Morgenbladet har alt påpeika at Skjeldal nærmar seg intervjuobjektet Fosse med nærmast sjølvutslettande beundring og respekt. Dei set også boka inn i ein kontekst der forlaget sin strategi for å halde Fosses forfattarskap «varm» med stadige utgjevingar spelar ei viss rolle.

Eg er samd i at Mysteriet i trua har lite av den levande dynamikken samtaleforma på sitt beste kan skape, og som Alf van der Hagen har lukkast så godt med i Dag Solstad. Uskrevne memoarer og Kjell Askildsen. Et liv. I staden får eg stadig kjensla av at teksten går i ring; las eg ikkje nettopp om dette i stad? Fosse siterer stadig filosofar som Heidegger og Wittgenstein, og gir eit intellektuelt meir enn eit biografisk portrett av seg sjølv. Heldigvis svarar han innimellom annleis enn venta, han har halde på opprørstrangen også i møte med den katolske kyrkja.

Ei åndeleg verd
Boka inneheld interessante tankar om kva religiøs tru er og kan gi. Sidan vi no er inne i det eg har høyrt omtala som ei postsekulær tid, altså kor religionen ser ut til å vere på frammarsj, er det absolutt eit tema det er verd å setje seg inn i.

Eg har sjølv kristen bakgrunn, og eg kjenner meg difor godt igjen når Fosse skildrar tryggleiken trua kan gi og den oppløftande fellesskapen ein kan oppleve gjennom dramaturgien i ei gudteneste. Den udogmatiske og filosofiske tilnærminga hans gjer at tanken dukkar opp: Skal tru om det framleis er mogeleg at trua på ein god Gud og eit liv etter dette kan vakne i meg igjen?

Etterlivet er i denne samanhengen ikkje uviktig, sjølv i ein slik intellektuell kristendom der paradokset og mysteriet står sentralt. Til dømes gir det berre meining å snakke om at «den krossfeste Gud er dei avmektiges Gud (…) som sigrar gjennom si avmakt» dersom ein reknar med evig liv i himmelen. Sjølvsagt kan mykje i livet bli enklare om ein trur på ei åndeleg meining, men utan ideen om paradis ville ein vanskeleg kunne påstå at ein som vert fengsla og drepen for trua si har vunne over dei som har den verdslege makta. Då gir paradokset meir meining slik det framstår som mest relevant for diktaren sjølv: «Kunstnaren er ein eksentrisk outsider og ein nevrotisk eksistens som lukkast i livet gjennom kunsten sin.»

Les resten av meldinga på nettsida til Prosa.


Jon Fosse: Kveldsvævd

Kunsten, kjærleiken og døden: I Kveldsvævd går trilogien om Asle og Alida til ro. Samstundes opnar slutten for ei symbolske lesing der den overskridande kunsten er hovudpersonen.

Kveldsvævd er ei forteljing på 54 små sider og isolert sett ein bagatell i ein stor forfattarskap, men så er det heller ikkje ei forteljing som kan lesast isolert. Dette er nemleg avrundinga av historia om det unge paret Asle og Alida, som byrja i Andvake (2007) og heldt fram i Olavs draumar (2012). I Andvake fekk dei sitt første born etter ha tvunge seg inn i huset til ei avvisande jordmor i Bergen. I Olavs draumar reiste Asle attende til Bergen for å kjøpe giftering, men enda med å bli hengd for drapet på jordmora. I Kveldsvævd får vi høyre om korleis Alida reiser til Bergen for leite etter Asle, men i staden møter Åsleik som fortel henne kva som har skjedd og tar henne med heim til garden som taus, og etterkvart kone.

Fri flyt av medvit
Prosaen flyt i kjend stil, fritt som tanken og fantasien. Men der språket i Olavs draumar skapte eit oppjaga mareritt, er denne boka nostalgisk og utan dramatikk; dramatikken ligg i forhistoria.

Det er Ales som fortel, dottera Alida fekk med Åsleik. Henne har vi tidlegare møtt i Det er Ales, der som tippoldemor. I slutten av Kveldsvævd vert ein Jon nemd, forfattar og spelemann, og oldebornet til spelemannen og drapsmannen Asle. Kanskje er det forfattaren sjølv, men om det er slik at alle bøkene skal sjåast i samanheng, får eg det ikkje heilt til å gå opp med slektsledda. Det er ikkje så farleg, for poenget er at dette handlar om menneske av same slekt, som deler livsvilkår, landskap, kultur, utsjånad og evner. Det er opphavet til forfattaren som skapande menneske.

Eg les trilogien som eit verk om den overskridande naturen til kunsten: Den kunstnarlege evna har eit opphav i fortida og gir uttrykk for noko som er større enn individet. Men kunsten er eit tvieggja sverd for kunstnaren. Asle er spelemannen som gir seg over til kreftene i seg, kunsten og kjærleiken, men endar som drapsmann og må bøte med livet. Som kjærleiken er kunsten både ei skaparkraft og dødeleg risiko; alt står på spel. Men sjølv etter døden vert noko att, noko som lever vidare i andre. Kunsten, kjærleiken og døden; alle kastar dei oss ut i «det store svevet» som Fosse skriv om i Andvake.

Skjebnefellesskapen
Trilogien viser ei tru på skjebne og samanhengar i universet, og det får fleire uttrykk: Det armbandet Asle kjøpte til Alida, men vart fråstjåle, finn Alida på gata. Fela som Asle hadde arva frå faren Sigvald kjem attende til den oppkalla sonen Sigvald. For Alida er Asle aldri eigentleg borte, han er overalt, og når ho døyr går ho til han. Og slik Johannes vart henta «vest i Vågen» og ut av verda av Peter i Morgon og kveld, er det skrømtet av mora Alida som kjem for å hente den aldrande Ales når tida henna er komen.

Det er altså mykje kjent og lite nytt i Kveldsvævd, men det nye er heller ikkje målet, her er fokus på fellesskapen. Men boka set det vi kjenner til i nytt perspektiv.

Eg er glad i Fosse, i klangen og rytmen i det repeterande språket, i dei inderlege kjenslene og vide perspektiva som berre kjem fram gjennom små fakter og kvardagslege ord. Han opnar for at det finst samanhengar i livet som går bortanfor det det er lett å forklare – eller tru på, for den saks skuld. Der andre skriv om seg sjølv som privatpersonar, uttrykkjer Fosse kven han er som kunstnar ved å fantasere fram sitt eige opphav.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.


Arne Ruset: berg brest

Ein krans om det som brest

I novellekransen berg brest bind Arne Ruset saman då og no, her og der, og opnar ei dør til noko som verkar så kjent.

Arne Ruset traff meg heime på så mange måtar med novellekransen berg brest. Dei korte novellene er like delar poesi og prosa: Lange, rytmiske strekk med samanhekta setningar skildrar verda slik ho ser ut for kjende bygdekarakterar; som den omreisande predikanten, spelemannen, den innflytta læraren, den nykonfirmerte odelsjenta og den ugifte attergløyma som berre har tanken på etterlivet å trøyste seg med.

Og det eit folk eg kjenner meg heime hos. Mentaliteten som pregar sunnmørsbygda; den praktiske tilnærminga til livet og den kontante kommentaren, grublinga og den religiøse lengten. Alt som aldri vert sagt, men som kjem fram likevel – det opna ei dør attende til noko så veldig kjent, til det eg kjem frå. Ein kan altså bli høgstemt av mindre.

Åndeleg drama
Arne Ruset er mest kjend som poet, men har òg skrive noko prosa, og fekk Kritikerprisen for barneboka Aldri åleine i 1987.

Senteret i den nye novellekransen er ei naturkatastrofe, og det er ikkje sagt direkte, men eg vil tru at det handlar om Tafjord-ulukka, som også ramma bygda kor Ruset vaks opp, Fjørå. Det var natt til 7. april 1934 at fjellblokka Langhammeren raste ut i Tafjorden på Sunnmøre og skapte flodbølgjer som feide med seg fleire gardar. 40 menneske omkom. Liknande ulukker er kjende frå århundra før i dette området, og også idag finst det ein fjellsprekk som vert overvåka av di ein fryktar eit skred: Åkerneset i nabokommunen Stranda.

Heilt frå starten lar Ruset det trivielle og det overnaturlege blandast på overraskande vis, når fire englar i teksten «oppsong» forsyner seg av maten på stabburet. Det er både absurd, artig og illevarslande når «engelen med dei største bollekinna» seier til gutungen som er sendt ut for å jage dei: «Vi liker deg (…) Vi liker det som er laust og kling, vi liker berg som brest, vi liker ikkje det som er fastbolta.»

Forfattaren viser vidare korleis den dramatiske naturen og det dramatiske, religiøse språket er tett samanvevde for bygdefolket, og når katastrofenatta kjem, verkar det sjølvsagt at berre Armageddon-skildringane frå Johannes Openberring kan setje ord på det ufattelege. Etter flodbølgja blir det merkeleg stille, traumet ligg under yta saman med vrakgodset og lika i fjorden, men viser seg gradvis i vonde glimt.

Uvanleg vakkert
Spesielt sterke er tre noveller om den innflytta læraren, Salomon Høg med den klippefaste trua; i etterdøningane av flodbølgjenatta vert også han eit berg som brest. Måten forfattaren indirekte får fram kva som rører seg i læraren, kjensler og reaksjonar han sjølv ikkje skjønar eller kontrollerar, er forbiletleg novellekunst.

Motiva og tonen i formuleringane kan minne om Olav Duun, som her: «han grip ausekaret og auser, vasspruten risper sjøflata, han vil ause sine eigne tankar, desse tyngslene som romsterer så handfast, men dei er ikkje like endeframe å ause tomme». Språkføringa kan òg gi assosiasjonar til Jon Fosse.

Ruset skriv rett ut sagt uvanleg vakkert, det er lenge sidan eg har vore så gripen av ei bok. Skildringa av folket i ei lita bygd i ei økonomisk vanskeleg tid på 30-talet, før og etter ei naturkatastrofe, vert ei historie også om meg og mi tid, og om grunnleggjande eksistensvilkår. Finans, natur og religion  – det er lite som tydar på at vi vil sleppe laus frå det triumviratet med det første.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

 


Vond og vakker draum

I Olavs draumar piskar Jon Fosse opp ein storm av skuld, kjærleik og angst. Historia er enkel, men verket har stor dikterisk kraft.

Forteljing
Jon Fosse:
Olav draumar
Samlaget 2012

Jon Fosse likar ikkje punktum. I forteljinga Olavs draumar, som er på 80 små sider, er det fem av dei, og det første kjem på side 69. Når språket aldri lar deg puste ut ved eit punktum, men stadig driv deg vidare, set det sitt preg på lesaropplevinga, og eg fekk rett og slett høg puls av det. Når hovudpersonen i tillegg går lukt inn i ulukka som ein forsagt skulegut, byrjar det heile å likne eit mareritt. Men ein vond draum kan òg vere vakker. Olavs draumar gjer sterkt inntrykk og opnar store rom for tolking og tenking.

Innhenta av fortida
Forteljinga er ei fortsetjing av Andvake frå 2007. Der møtte vi det unge kjærasteparet Asle og Alida som rømde frå heimbygda i ein stolen båt. Ho var høggravid, og då dei kom til Bjørgvin, nærma tida seg då ho skulle føde, men det fanst ikkje husvære for dei. Dei banka på hos ei fødekone, men då ho uventa nekta å ta imot dei, trengde dei seg likevel inn. Truleg måtte ho døy for at det nye livet skulle få eit rom å fødast inn i.

I Olavs draumar har Asle og Alida bytt namn til Olav og Åsta Vik, og dei har slått seg ned i eit fråflytta hus i Barmen med den nyfødde Sigvald. Men så får Asle det for seg at han må eit ærend inn til Bjørgvin att, for å kjøpe gifteringar. På vegen møter han Gamlingen, som kjenner han att som Asle og ser ut til å vite om alt det gale han har gjort. Derifrå går det berre éin veg for Olav.

”kvifor såg mannen etter han, kva kunne det vera, og kvifor gjekk mannen så sakte, tenkte Olav, og han byrjar å gå endå seinare og han ser mot fjorden og han ser at han er blenkjande og blå, og kvifor skal det, når endeleg ein dag fjorden blenkjer, gå ein mann der framføre han, ein svart mann, ein liten mann, ein samankrøkt mann, ein mann med ei grå huve, og kva er det mannen vil han, noko godt kan det knappast vera”

Slik høyrest det ut i den ordflaumen som er Olav si oppleving av verda, og vi kjenner igjen det rytmiske, gjentakande og samstundes presist skildrande språket til Fosse fra tidlegare utgjevingar. Spesielt i parti med sterk emosjonell lading verkar dette språket sterkt, og i Olavs draumar vert språket suggererande på ein angstframkallande måte. Det bles opp ein storm av skuld, kjærleik og angst, i Olav og i lesaren på hans vegne.

Draumkvadet
Den spesielle språkføringa byggjer òg opp under teksten sitt preg av draum. For det er gode grunnar til spørje seg om kva som er røynd og kva som er draum her. Boktittelen kan ein velje å lese bokstaveleg; skjer det heile i Olavs draumar? I så fall vil dei to, korte partia i boka som framstår som hallusinasjonar, kor Olav kjenner at han ligg i senga med Åsta, og seinare, at ho tek han i handa og reiser han opp, tvert om vere dei einaste partia som skildrar noko verkeleg; dei stundene då Olav vaknar frå draumen.

Ei slik lesing lar seg forsvare. Ordet «andvake», tittelen på den førre boka, har opphav i norrønt og kan tyde «nattevak», «søvnløyse» og «aktsemd». Der hender det at den utmatta Asle vippar mellom draum og røynd. Og ved å velje Olav og Åsta som dekknamn til det unge paret i Olavs draumar, knyt Fosse boka til Draumkvadet, den traderte balladen frå Telemark. Olav Åsteson er nemleg eit av namna som har vorte brukt på mannen som fortel om visjonen sin frå dødsriket.

Eit sentralt tema i Draumkvadet er spørsmål om skuld og soning. I Olavs draumar er det ugjerninga mot fødekona i Andvake som heimsøkjer Olav, i form av Gamlingen, som kan likne Gamle Erik sjøl, han som får grepet om livet ditt når du har gitt deg synda i vald. Han veit alt og er umogeleg å røme frå: Han forsvinn bak Olav på vegen for plutseleg å dukke opp igjen på skjenkestova. Så viser han seg å vere far til den forførande ungjenta som seinare gnir seg inntil Olav og stikk dei lange fingrane sine i lommene hans. Det er òg noko kafkask over skildringa når Gamlingen, som først sit på skjenkestova utan pengar, plutseleg ser ut til å vere både dommar og bøddel og lar Olav føre til fangeholet.

Handlinga i Olavs draumar er enkel og tragisk. Men den vakre ordflaumen, intertekstualiteten og det draumliknande tvitydige gjer den samla forteljinga om Asle (Olav) og Alida (Åsta) til eit verk med stor dikterisk kraft. Eg trur ikkje dette er slutten.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.