Tag Archives: Jean Echenoz

Jean Echenoz: Lyn. En roman om Nikola Tesla

Kjapt og godt om geni: Lyn gir eit passande lynkjapt portrett av vekselstraum-oppfinnar Nikola Tesla.

Jean Echenoz nyttar seg av noko så gamaldags som ein autoral forteljar, altså ein slik som like godt kunne ha starta teksten med «Kjære lesar» – slik eg vanlegvis skriv bokmeldingar. Når han i tillegg ilar gjennom fakta summarisk og polemisk i lange, elegante periodar, er det som at alt eg les får ein lett ironisk, munter schwung:

«Etter å ha lært seg et halv dusin fremmedspråk på fem minutter og nærmest åndsfraværende tilbakelagt skolegangen ved å hoppe over annen hver klasse (…) skaffer han seg førsteplassen på første og beste polytekniske skole, langt hjemmefra, der han på et blunk tilegner seg grunnleggende kunnskaper i matematikk, fysikk, mekanikk og kjemi …»

Passe arrogant
Det er med andre ord perfekt samsvar mellom form og det serbiske geniet frå 1800-talet som er innhaldet: Nikola Tesla – som i denne romanen konsekvent vert kalla Gregor for å signalisere at forfattaren har nytta sin dikteriske fantasi så vel som kjende fakta – var geniet som fann opp vekselstraum og dermed gjorde det mogeleg å transportere elektrisk kraft over store avstandar. Han hadde også ideane til det meste av grunnlaget for den teknologiske revolusjonen, som radio, radar, fjernstyring, laser og så bortetter.

Gregor var ikkje ein jordnær, fornuftig og stabil person med utprega sosiale evner, han var akkurat så skjør, arrogant og smågal som ekte geni skal vere, ein arbeidsnarkoman utan tid eller evne til å gå inn i nære relasjonar. Etter at han emigrerte frå Europa til USA, budde han resten av livet på hotellrom med romnummer som kunne delast på tre, sporadisk i selskap med sjuke duer han tok seg av.

Mangel på smerte
Lyn er eit stimulerande møte med ein historisk person, men den dimensjonen som manglar, er smerte. Å vere geni er ganske sikkert ei anna livsoppleving enn å ikkje vere det, men i framstillinga til Echenoz er det som om eit genialt sinn gjer mennesket til ein av dei robotane Gregor sjølv fekk idéen til. Men dei mange tvangshandlingane må ha oppstått ut av noko anna enn eit oppheng i hjernemekanikken?

Det som derimot kjem fram klart og tydeleg, er at sjølv ikkje geni kjem seg opp og fram utan ein viss velvilje frå sine medmenneske. Sjølv dei mest briljante idear kan bli ignorert eller latterleggjort, ja, kanskje spesielt dei briljante ideane står i fare for å bli avvist av slike som tolkar alt avvik frå normalen som idioti. No er ikkje det ei påtrengjande problemstilling i mitt liv, men det kan vere greit å ha i bakhovudet likevel.

Lyn er sjuande roman på norsk av den prisløna forfattarskapen til Echenoz, omsett med spiss og presis penn av Tom Lotherington. Det er godt å ha dei til gode for framtidige litterære utskeiingar.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements