Tag Archives: Ingrid Melfald Hafredal

Ingrid Melfald Hafredal: Harehjerte

Eit lett, men sikkert grep: Ingrid Melfald Hafredal skriv om livet på ein ungdomspsykiatrisk institusjon med innsikt og respekt.

Ingrid Melfald Hafredal går inn i eit høgaktuelt tema når ho i sin andre roman skriv om innlagde og tilsette ved ein psykiatrisk institusjon for ungdom. For sjølv om nordmenn ifølgje internasjonale kåringar skal vere lukkelegast i verda, viser tal frå Folkehelseinstituttet at det er fleire unge som har psykiske problem enn det var før, og auken er størst blant jentene. Heldigvis er også openheita om emnet aukande. NRK har portrettert unge som går i terapi i reality-seriane «Jeg mot meg» og «Stemmene i hodet», og i suksess-serien «Skam» er ein sentral person manisk-depressiv. Angst, depresjon,  schizofreni, anoreksi og sjølvmordstankar er òg viktige tema i samtidslitteraturen.

Flettverk av historier
Ingrid Melfald Hafredal debuterte med romanen Omveier i 2013. Tittelen på andreboka Harehjerte viser til korleis hjartet kan rase avgarde i angst sjølv om det ikkje finst ein ytre grunn til å vere redd. Slik har tenåringen Ida det kvar kveld når ho skal sove. Spesielt i skildringa av denne tilsynelatande veltilpassa jenta som stadig prøvar å ta livet av seg, viser Hafredal seg som ein  forfattar med blikk for dei komplekse samanhengane i både psyken og samspelet mellom menneske.

Det beste med romanen er likevel korleis Hafredal opnar for vidare refleksjon ved å flette saman historiene til menneske i ulike livsfasar. Det kan likne måten Helga Flatland fortel på i romantrilogien som startar med den mykje leste Bli hvis du kan. Reis hvis du må (2010).

Romanen har tre delar som kvar introduserer ei jente og hennar sjukdomshistorie, men som så hoppar mellom korte episodar i liva til både dei og andre ved institusjonen. Dei vi etter kvart blir best kjent med og som bind det heile saman, er den erfarne psykiataren Ørjan, den nytilsette miljøterapeuten Anne og sjukepleiaren Solveig, som nærmar seg pensjonsalder. Dei har også sitt å stri med, men blir viktige for ungdommane dei arbeider med.

«Jeg har lyst å bli som Ørjan, sier hun plutselig. Når jeg kommer ut herfra. Da vil jeg hjelpe andre, slik som han gjør». Det er Ida som seier dette til miljøterapeuten Anna, og etterpå får ein som lesar eit anna blikk på dei som jobbar ved institusjonen. Stammar deira faglege engasjement også frå personlege erfaringar?

Romanen blir ei påminning om kor fysisk og emosjonelt krevjande det er å jobbe med menneske som har det svært vanskeleg – det kan bli lite krefter igjen til livet utanfor jobben. For meg vart det tankevekkjande at dei som blir hjelparar fordi dei har hatt gått gjennom liknande problem sjølv, på ein måte blir verande i det same resten av livet, berre i ei anna rolle. Eg vil tru det kjennest meiningsfullt – men samtidig utset ein seg for nye psykiske påkjenningar.

Evne til å sjå andre
Hafredal viser både innsikt i og respekt for det store og vanskelege emnet psykisk liding er. Berre ein stad opplever eg at respekten nærmar seg berøringsangst: I omtalen av Thale, ei jente som kanskje er øydelagd for livet av overgrep, blir distansen for stor. Det kjem aldri fram kva ho faktisk har vore utsett for, berre at det er særs alvorleg, og ho blir ikkje synleg som menneske på same måte som dei andre. Her kunne forfattaren godt ha risikert meir.

Likevel: Hafredals reinskorne språk, saklege tone og lette, men sikre grep om dei ulike livshistoriene er overtydande. Ikkje minst verkar ho som ein forfattar med evne til å sjå andre og vilje til å fortelje dei viktige historiene. Det gir meg stor tru på den vidare forfattarskapen.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.