Tag Archives: Inger Christensen

Inger Christensen: Hemmelighetstilstanden

Einsame substantiv og eigenrådige verb: Inger Christensen lar ord leike med ord og utfordrar konvensjonelle tenkjemåtar med filosofisk økoperspektiv.

Er kunst ei like naturlege uttrykksform for mennesket som lerkesong for lerkefuglen? Korleis kan diktaren oppleve «tilfeldighetenes ordnende virkning»? Kan jorda tilgi oss? Nyomsette essays av Inger Christensen stiller spørsmåla få har tenkt på å stille, og gir gode svar.

Danske Inger Christensen (1935–2009) er vidgjeten og elska, aller mest for diktsamlingane Alfabet (1981) og Sommerfugledalen (1991). Hemmelighetstilstanden kom ut i 2000 som hennar siste bok, ei samling av tekstar skrivne for ulike publikasjonar i perioden 1989 til 1994. Tematisk kretsar dei om ein akse som går frå metarefleksjon om eiga skriving via språkfilosofien mot vidare filosofiske refleksjonar om tid og stad. Men mest oppteken er forfattaren av poesien som ei erkjenningsform som vil uttrykkje det uendelege og tilfeldige ved livet – det som aldri heilt let seg fange.

Økologisk medvit
Også i form er dette ei samling som snarare går i spiral enn framover: Tekstane er ikkje ordna kronologisk, og fleire formuleringar og poeng er brukt fleire gongar. Til dømes finst Novalis-sitatet som tittelen på essaysamlinga er henta frå, i tre av tekstane: «Den ytre verden er en til hemmelighetstilstand oppløftet indre verden.» Denne uventa tanken, at det ikkje er den indre, men den ytre verden som representerer løyndomen, heng for Christensen nært saman med eit problem både poeten og andre som prøvar å skjøne samanhengane i verda støyter på: Vi er sjølv del av det vi prøvar å skjøne, og kan aldri sjå det utanfrå. Men det er òg ein sentral tanke at det ytre og det indre alltid heng saman i ei evig utveksling.

To aspekt ved tekstane er spesielt interessante, både fordi dei er sentrale i Christensens poesi og fordi dei høyrer naturleg saman i det synet på verda ho presenterer. Det eine er økoperspektivet.

Gjennom alle tekstane – som òg inkluderer eit dikt om døden – er Christensen oppteken av korleis alle aspekt av liv heng saman. Ho er spesielt oppteken av at skiljet mellom natur og kultur og synet på natur som økonomisk ressurs kan skape «en helt annen type fattigdom. En nådeløs verden.» Menneskeleg aktivitet har berre i løpet av nokre tusen år sett eit ein natur som er utvikla gjennom millionar av år, i fare.

Det undrar meg at omsetjar Camilla Groth i etterordet finn det naudsynt å slå fast at «Den underliggende øko-bevisstheten hennes er aldri påtrengende eller eksplisitt politisk, til det er essayene altfor dyptloddende.» Kor mykje økomedvit er påtrengjande? Og er ikkje ein påstand om at vi er i ferd med å øydeleggje livsgrunnlaget vårt eksplisitt politisk? Det er økomedvitet som meir enn noko anna gjer at Christensens tekstar er like relevante no som då dei vart skrivne.

Etterordet kunne godt ha fokusert meir på fakta enn på oppsummering av essaya. Men omsetjinga er fin. Eg stussa berre over éi setning med merkeleg bruk av den upresise formuleringa «i forhold til».

Verda i tal
Det andre spesielt interessante aspektet i boka er det Christensen skriv om tal som symbolsk orden. I essayet «Som øyet som ikke kan se sin egen netthinne» skriv ho at tal representerer strukturane verda er bygd av, medan ord representerer fenomena. Poesien nærmar seg talverda når ord blir brukt besvergande og rytmisk, og gjennom komposisjon, slik til dømes strukturen i Alfabet er inspirert av Fibonaccis talrekkje. Konklusjonen ho dreg er briljant: «Hvis tallene danner grunnstrukturen i et språklig verk (…), vil de uten videre opptre som en speiling av den sammenhengen språket ikke kan nå.»

Christensen har ein unik kombinasjon av brei kunnskap, sterk refleksjonsevne og språkøyre. Sjølv om ho skriv om mange former for erkjenning, viser ho at potensialet til å sameine erkjenning frå så mange dimensjonar særmerkjer poesien. Det finaste i heile boka er leiken med ord som også blir analyser: «Silke er et substantiv. Alle substantiver er svært ensomme.»

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements