Tag Archives: Hva Helmer kunne ha sagt til Nora og andre essays

Dag Østerberg: Hva Helmer kunne ha sagt til Nora og andre essays

Gleda ved å tenkje: Dei akademisk solide essaya til Dag Østerberg er djupast sett orienterte mot erotikk i vid tyding av ordet: opplevinga av einskap på tvers av skiljet mellom sjølvet og den andre.

Det er ein parallell mellom sanseleg-mystiske opplevingar av transcendens og intellektuell verksemd som ser etter samanhengar; begge delar handlar om erfaringar der det tilsynelatande skilde går opp i ein større samanheng. At dei siste tekstane Dag Østerberg arbeidde med fram til han gjekk bort 22. februar i år, set desse to erfaringsdimensjonane saman, seier kanskje noko om kjernen i livsprosjektet hans. I alle fall viser dei både evna den framståande sosiologen hadde til å formidle argumentasjon basert på kunnskap frå mange felt, og fascinasjonen for det ein kan kalle erotikk i vid forstand.

Det spesielle med artikkelsamlinga er at både kritikk av likskapsfeminismen og lengt etter overskriding meir kjem fram gjennom val av emne enn eksplisitt formulerte påstandar og resonnement. Dei sju artiklane der litteratur, filosofi og samfunnsforsking om kjønn og kvinnesak er gjennomgangstema, er i hovudsak beskrivande. Østerberg gir mellom anna breie innføringar i korleis normer for kjønnsroller og seksualitet har utvikla seg, han tek for seg Sigrid Undsets syn på ulike greiner av kvinnesaksrørsla og Aldous Huxleys erfaringar med kroppslege dimensjonar av filosofisk innsikt. Det kjem klart fram at forfattaren er skeptisk til den retninga likestillingskampen har teke, men eg sit nysgjerrig att: Kva meinte Østerberg eigentleg ville ha vore gode kjønnsroller i den tida og det samfunnet vi no har?

Les resten av meldinga i Prosa.

Advertisements