Tag Archives: Grethe Nestor

Mor i offerrolla

Irriterande eindimensjonalt om mor utan Barbie-gen.

Roman
Grethe Nestor:
Barbie-genetKolon 2005

Grethe Nestor debuterte i 2001 med romanen Kryp, og i 2002 kom romanen Happy. Eg har ikkje lese nokon av dei, men har fått med meg at ho er ein frittalande feminist. Då eg fekk romanen Barbie-genet i hendene, håpte eg difor på å bli servert intelligent feministisme med brodd og humor. Det er ikkje inntrykket eg sit att med. Så vidt eg kan døme, kunne Nestor likegodt ha utgitt ein plakat der det stod: ”Menn er drittsekkar. Å vere kvinne er for jævlig!” Vi møter hovudpersonen Jill-Helen på julaftan. Ho feirar saman med mor si, søstera si og hennar dotter. Alle dei tre vaksne kvinnene har brotne samliv bak seg. For Jill-Helen er det andre jul på rad ho feirar utan dei to borna sine, og vi forstår at det er årsaken til dette boka skal handle om. Herfrå vekslar eg-forteljaren mellom skildringar av si nære fortid og scener frå julekvelden.

Barbie-idealet
Hovedhypotensen i boka er at samfunnet har svært bestemte normer for korleis ei god mor skal oppføre seg, og at den som rører seg det minste utanfor dette, blir hardt straffa. Forfattaren har gjort Barbie-dukka til symbolet for desse normene: ”Barbie er idealet, ikke sant, kvinnen alle jenter må bruke hele barndommen og litt til på å lære seg å bli. […] Men kvinner kan, grovt sett, deles inn i to typer ved hjelp av Barbie-metoden […] De som skamklipte Barbien sin på et eller annet tidspunkt, og de som ikke gjorde det”. Heldigvis har eg aldri hatt Barbie-dukker, så eg slepp å plassere meg i ein av desse to kategoriane. Men eg legg godviljen til, og forstår jo at det er opprør eller ikkje opprør mot kvinneidealet det handar om her. Og eg har ingen problem i å vere samd med forfattaren i sak når det gjeld normer for kvinner og mødrer. Det som derimot blir eit problem for meg gjennom lesinga, er mangelen på undertekst, utvikling og nyansering i teksten.

Vi skjønar tidleg at mannen Jill-Helen flyttar frå er ein gjennomført drittsekk, utan nokon gode eigenskapar bortsett frå at han ser ut som ein koseleg og god far for alle som ikkje kjenner han. Han er ein notorisk gamblar og løgnar, noko som tar fullstendig av når han tek opp kampen med Jill-Helen om borna. Han blir skildra som noko nær ein psykopat, men utan at Nestor har tatt steget ut og gjort psykopati til eit tema. Dermed forsvinn mykje av det som kunne ha gitt innsikt i noko allment. At mannen sit i eit hjørne og les blad mens kona føder, og så forsvinn til veddeløpsbanen så snart ungen er ute, blir nærmast parodisk når teksten allereie har grundig etablert at vi har har å gjere med den mest upåliteliege og usympatiske mannen nokonsinne.

Hovudpersonen verkar òg underleg naiv i høve til alt det ho visstnok skal ha opplevd saman med denne mannen. Når ho omsider får nok, reiser ho merkeleg nok utan ungane, utifrå hypotesen at då blir faren nødt til å lære seg ting om barnomsorg som han aldri har kunna før. Vidare utviklar ho ingen strategiar for å møte løgnene og forsøka hans på å vanskeleggjere hennar rett til å ha samvere med borna. I den grad det finst ein undertekst her, fortel han oss at hovudpersonen er ein upraktisk person utan sosial og psykisk kompetanse til å meistre den situasjonen ho har kome opp i. Om dette er bevisst frå forfattaren si side, tvilar eg imidlertid på. Tvert imot blir det meste av boka bruka på å skildre kor ufatteleg fæl denne mannen er og har vore, og kor rettskaffen og misforstått hovudpersonen er.

Offerrolle
Eg har ikkje problem med å tru på at ei slik historie kunne ha funne stad, og hadde eg lese om dette i ei ”slik er livet”-historie i eit ukeblad, hadde eg truleg vore full av sympati for Jill-Helen. Men av ein roman ventar eg meir, og eg blei etter kvart mektig irritert over insisteringa på at denne kvinna sin einaste feil er at ho manglar ”Barbie-genet”, og at ho elles er full av gode intensjonar og har sanning som sin einaste strategi i livet. Ho er eit offer for misforståingar og andre sine fordommar på alle kantar, sjølv i den næraste familien. Og det er ikkje måte på kor alle er imot henne, når alt dei hadde å gjere for å få den fulle sanninga var å tru på hennar ord mot mannen sitt ord.

Kva vil Nestor oppnå ved å male ut ei slik historie? Meiner ho at samfunnet skal tru meir på kvinner enn menn i omsorgstvistar, eller at nokre andre enn mora sjølv skulle føre kampen for sanninga? Eg håpte i det lengste på ein vri mot slutten som kunne tilføre noko meir, men venta fånyttes. Språket og komposisjonen viser at Nestor kan handverket som forfattar, men det er ikkje nok til å skape ei god bok. Hvis nokon skulle ha lyst til å bruke nokre timar på å gremme seg over kor fæle menn kan vere og kor urettferdig samfunnet kan vere mot kvinner som ikkje passer inn i samfunnsnormene, så er dette rette boka. Men ikkje forvent noko meir.

Tidligare publisert i Dag og Tid.

Advertisements