Tag Archives: Frode Grytten

Fri flyt av prosa

Odda har blitt jaga ut i dei frie kapitalkreftene, og er i ferd med å gå under. Frode Grytten sin prosa flyt derimot fint.

Roman
Frode Grytten:
Flytande bjørn
Samlaget 2005

Ikkje så å forstå at kapitalkreftene har noko med det å gjere. Grytten har gjennom mange år arbeidd seg mot den posisjonen han har i dag, som ein av forfattarane på ”A-laget”. Dette har han gjort ved å hovudsakleg skrive noveller, noko som må seiast å vere ein bragd. No kjem han for første gong med ein roman, ”med krimintrige” som forlaget sa i sin presentasjon.

Odda-drapet
Hovudpersonen er ein mann i slutten av 30-åra som er journalist på Bergens Tidende sitt distriktskontor i Odda. Arbeidsplassen hans er truga av nedlegging, som så mykje anna på staden. Når ein ung mann køyrer seg ut i elva og druknar, startar spekulasjonane, og mange meiner det er nokre av bebuarane på asylmottaket som har skulda for dødsfallet. Media rykkjer inn for å få mest mogeleg ut av saka, og vår mann havnar motvillig midt i dramatikken. Når i tillegg elskerinna hans, som er kona til broren og politimannen Frank, forsvinn, har han meir å handskast med enn han set pris på.

Dette høyrest ut som opptakta til ei spennande kriminalforteljing, men tradisjonell krim er det i alle fall ikkje. Grytten byggjer ikke opp noko spenning rundt spørsmålet ”kven drepte mannen”. I staden er han meir oppteken av spørsmålet ”kven drepte Odda”, og skildrar kva som skjer med ei bygd som misser den verksemda og dei arbeidsplassane heile samfunnet har vore bygd opp rundt. Resultatet er tidvis rørande; men ikke rystande eller spennande.

Understraumar
Eg trur ikkje det har vore ein fordel for boka å få ordet ”krim” knytta til seg, for med det følgjer forventningar om eit anna driv enn eg fann i denne boka. Arven frå novellsjangeren er tydeleg. Mange av dei korte kapitla er fine lesaropplevingar i seg sjølve, samstundes som spenningskurva i boka sett under eitt ikkje fungerar optimalt. Teksten flyt av garde utan stor dramatikk; understraumane er sterkare enn overflatestraumane. Dermed sit ein att med ei bok som er meir til ettertanke enn ein ”page turner”. Det treng ikkje vere negativt, berre ansleis. Ein form for understraum i teksten, eller undertekst, er måten isolerte skildringar fungerer biletleg for større samfunnsforhold. På dette planet er teksten nydeleg: Ein liten gut frå asylmottaket uroar seg fordi andemora har mist endå ein av ungane sine kvar gong han ser ho. Hovudpersonen er bunden til staden av kjærleik til den eine kvinna han aldri kan få. ”Overløparen” frå fagrørsla som har blitt fabrikkeigarane sin medhjelpar i nedleggingsprosessen, er styrt av kjærleiken til ei kone som ikkje kan forlate bustaden. Desse små forteljingane, som er vakre i seg sjølve, seier òg noko om den umogelege situasjonen innbyggjarane i Odda er i. Ein stad spør kjærasten til hovudpersonen kva han må ha med seg om han skulle forlate Odda. ”Alt”, er svaret. Tittelen, Flytande bjørn, spelar på ei skildring ein uteliggjar gir av elva. Det er nærliggjande å tenkje vidare til fri flyt av kapitalkreftene, som også har vist seg frå si farlege side i Odda.

GjenkjennelegDei partia kor forfattaren kritiserer ope, og da spesielt ”gribbane” frå massemedia som invaderer Odda, er mindre overtydande. Det er som om eg har lest dette før ein stad. Det samme må eg seie om den ”skiten-realistiske” skildringa av den plaga antihelt-helten i historia. Eg-forteljaren er den skikkelege karen som ikkje har det bra, og det blir illustrert på mange vis. Det er sveitt sommar, det luktar vondt, han kjederøyker, et junkfood magen hans ikkje klarer å halde på, drikk øl og køyrer bil, blir trakkasert av ambisiøse kolleger, er ulydig mot arbeidsgjevaren sin og gir generelt fan i alt utanom den forbodne kjærleiken til svigerinna. Ein skjønar jo at han er ulykkeleg, og det gjer eit visst inntrykk, men skildringa ligg litt for nært dei mange forfylla, ulukkelege men dyktige politimennene og privatetterforskarane ein finn i krimsjangeren.

”Feel bad”-forteljing
Men den knappe, kortfatta prosaen med liketil skildringar flyt lett og fint, og gir eit kvardagsrealistisk inntrykk. Forteljaren set stemninga med sine nøkterne observasjonar, resignerte refleksjonar og sine tidvis opprørske og fortvilte reaksjonar.
Gjennom desse og dei tidlegare nemde elementa greier Grytten å formidle den numne vonløysa, og på sitt beste er dette ei poetisk ”feel bad”-forteljing.

Teksten er tidligare publisert i Dag og Tid