Tag Archives: Familien din

Nora Eide: Familien din

Stramt om slakke familieband: Debutant Nora Eide er akkurat så nådelaus som ein god prosaist må vere.

Det er tydelege samanhengar mellom novellene i debutboka til Nora Eide, men menneska dei handlar om opplever lite fellesskap. Novellene har titlar som «Bestemoren din», «Etterkommerne dine» og «Moren din», og både første og siste tekst har overskrifta som også er boktittelen: Familien din. Isolert sett er det keisame formuleringar, men Eide veg opp for det med uventa tilnærmingar til emnet.

Form for mangel
Den første novella har tittelen «Foreldrene dine», men handlar om ei vaksen kvinne som skal møte sine potensielt nye foreldre. Ho har fått kontakt med dei via ei nettside der dei søkte etter ei vaksen dotter. I dei følgjande tekstane held Eide fram med å vise at det ofte kan vere sakn og smerte der den trygge og gode familiefellesskapen skulle ha vore. At familie kan vere vondt og vanskeleg som ingenting anna når ei dement bestemor dreg ned trusa fordi ho trur at barnebarnet er ein annan, eller når ei tenåringsjente betaler ein kamerat for å late som at han er broren hennar når ho har bursdag.

Nokre av tekstane er så korte at dei ikkje kan kallast noveller, og andre er i hovudsak bygd opp av replikkar. Eg var først skeptisk til dette skisseaktige preget, eg tenkte at forfattaren introdusere idéar utan å byggje dei ut til ordentlege historier.

Men fordi den tematiske samanhengen er så sterk, viser kvar tekst litt meir av kva som finst i skuggen av kjernefamilien. Ved å gjere det fragmentariske og springande til kompositorisk prinsipp, gir Eide form til den forvirrande og smertefulle mangeltilstanden som dysfunksjonelle relasjonar og svake sosiale band skaper.

Rett nok sit ikkje dei biletlege formuleringane alltid godt, som når ein baby blir omtala som «en pustende indrefilet». Men situasjonane som blir teikna opp er tydelege og poengterte. Sterkast er det å lese om dei urimeleg strenge foreldra i «Familiebandet ditt» og «Nærbutikken din». Her er Eide akkurat så nådelaus som ein god prosaist må vere.

Sett frå utsida
Familien vi kjem frå og den vi sjølv skal danne er emnet over alle andre i litteraturen, frå Adam og Eva til den psykologiske realismen som dominerer moderne romanar og noveller. Eide viser difor høge ambisjonar når ho på denne systematiske måten gir seg i kast med spørsmålet om kvifor familiefellesskapen er så viktig. I dei to siste tekstane nærmar ho seg også svar:

I den sidelange teksten «Ulykken din» blir ei bygd ramma av ei naturkatastrofe; eit jordras tar med seg mange bustadhus og to liv går tapt. Men for hovudpersonen, som tydelegvis ikkje hadde familie å misse, er dette ei god hending fordi det skaper ein fellesskap som er sterk nok til å inkludere også han. Det er effektiv og tankevekkjande lynprosa.

I den siste novella ser hovudpersonen på romantiske komediar for å overtyde seg sjølv om at også ho er del av ein fellesskap der ein lengtar etter kvarandre. Ho kjenner seg ofte meir som gass eller eit insekt enn ein person. Difor studerer ho «folk som har delt seg inn i grupper, rukket opp hånda, valgt hverandre uten at jeg visste at det skjedde». Ho vil så gjerne vere med, men veit ikkje korleis.

Mange er einsame i samfunnet vårt, og ein kan lure på om det er skuggesida av velstanden. Eide lukkast med å seie noko vesentleg om familien si rolle i dette, og ho gjer det med oppfinnsamheit, pasjon og presisjon.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.