Tag Archives: Einar Már Gudmundsson

Skattkiste frå Island

Navnløse veier er ei skattkiste av morosame, triste og tankevekkjande historier om fattigdom og rikdom på Island.

Roman
Einar Már Gudmundsson:
Navnløse veier
Omsett av Gunhild Eide
Cappelen 2005

Einar Már Gudmundsson er ei av dei markante stemmene frå Island. Boka som gav han Nordisk Råds litteraturpris i 1995, Universets engler, har blitt oversett til mange språk, og også filmatisert. No blir Gudmundsson lesen i mange land. Navnløse veier er tredje bok i ei slektskrønike frå Island, og det er forteljaren sine onklar Ragnar og Ivar som er dei sentrale personane denne gongen. Ragnar kjenner vi frå første bok i trilogien, Fotspor på himmelen, kor vi – blant mykje anna – fekk historia om livet hans fram til heimkomsten frå den spanske borgarkrigen. No får vi vite korleis det går med han, koner og born. I tillegg får vi heile historia om Ivar. Dei to brørne er begge forma og motiverte av den fattigdomen dei har opplevd som born, men kjem til å velje to svært ulike livsvegar – vegar som slett ikkje er namnlause.

Kommunist og kapitalist
Ragnar er kommunisten og idealisten som risikerte livet i krigen, og som forblir fattig og solidarisk i kampen for arbeidarrettar. Ivar er kapitalisten og det private initiativet. Han var kanskje den elendigaste av dei alle i barndommen, og når han blir vaksen arbeider han hardt, investerer, og oppnår rikdom ved litt fusking på feil side av lova. Han er helsefrik og går på møter i foreninga for naturmedisin, og dette med like stor lidenskap som Ragnar har for kommunismen. Men, som forteljaren tørt slår fast: ”heldigvis for Ivar var ikke vegetarianerne med i noen krig der det trengtes frivillige.” (s. 144)

Forskjellen mellom desse to brørne er eit uttrykk for tematikken som er sentral i heile trilogien; spennet mellom idealisme og tru på den eine sida – enten det er kommunisme eller pinsekristendom – og dei tøffe livsvilkåra på den andre. Dette speglar titlane på dei to første bøkene: Fotspor på himmelen og Drømmer på jord. Tittelen på denne tredje boka, Navnløse veier, viser til dei namnlause gatene i brakkebyane, der fattige på grunn av bolignauda må leve i dei militære brakkene som står att etter 2. verdskrigen. Men tittelen kan òg referere til den underlege måten livsløp vert forma på, og spesielt korleis dei negative påverknadane frå fortida, trass alle gode åsikter, endar opp med å bli dei sterkaste. To sitat, eitt av Karl Marx og eitt av John Lennon, er brukte som epigrafar, og set oss på sporet av denne tematikken.

I tillegg er boka tileigna drosjesjåførar, eit yrke som vart redninga for både Ivar og Ragnar. Det er altså ingen tvil om at det er arbeiderklassen som leverer heltane her, og for nokre arbeidskarar! Dei er så komplekse og fargerike at dei framstår som autentiske, om enn teikna med brei pensel. Her sydar og boblar det av liv. Og så godt det er å lese om folk som ikkje er vellukka menneskje frå øvre middelklasse! Men som likevel er ressurssterke og underhaldande, og som verken blir massemordarar eller ragar rundt i håpløyse.

Samanraska stil
Eg trur Gudmundsson karakteriserer sin eigen forteljarstil når han legg desse orda i munnen på ein av karakterane sine: ”[romaner] som er fulle av finurligheter og er sammenrasket i stil og fortelling” (Drømmer på jord) Her kan vi ikkje snakke om kronologi i tradisjonell forstand. Hovudlina i handlinga ører seg framover, men med stadige innslag av historier frå både fortid og framtid. I tillegg til den nære slekta møter vi òg forfedre og -mødre, fosterforeldre, kameratar og andre personar det er knytt ei god historie til. Språket er prega både av kortfatta sagastil, innslag av poetisk språk og den velkjende islandske ”fantastiske realismen”. Kapittela er korte og anekdotiske, og har ofte eit humoristisk eller tankjevekkjande sluttpoeng. Alt dette spring ut frå det som pregar teksten mest: Ein munnleg og folkeleg forteljartradisjon, med ein tone som vekslar mellom humor og djupt alvor, overdriving og usentimental realisme. Nokre gongar gonger er det ikkje så godt å seie kva som er kva. Her er eit typisk eksempel på stilen:

Ragnar ble ikke ytet full rettferdighet mens han levde, men da han døde, vokste det ut vinger på ham. Etter det fløy han rundt i den blå luften, fri som en fugl på den klare sommerhimmelen, badet i evig lys. / Jacob prest holdt en tordentale om røsten som roper i ørkenen, helten som reiste ut i verden med sine idealer, sloss mot overmakten og vendte tilbake med sår på sjel og legeme. / Ellers rådet taushet, en andektig taushet, hellig som i himmelen når det blåses i basuner.

Eit anna interssant trekk som understrekar den munnlege forteljarstilen, er korleis sentrale hendingar i familien si historie stadig blir gjentekne, spesielt den grunnleggjande hendinga som heile trilogien kviler på: At dei ti borna til besteforeldra Olafur og Gudny blei sendt til fosterforeldre fordi den alkoholiserte Olafur ikkje klarte å forsørgje dei. Ein kan nesten høyre korleis dette har blitt fortalt om og om igjen, og dermed sementert som Historia Vår, den som gir familien identitet og samhald. Rett som det er gjengir forteljaren historiene tilsynelatande ordrett slik andre fortel dei, i hermeteikn. Heilskapen framstår som så autentisk at eg er freista til å ta forfattaren på ordet når han legg opp til at dette er sant, kvart bidige ord! Ja, om ikkje heilt sant, så i alle fall slik det har vorte fortalt. Uansett er det medrivande, opplysande og tankjevekkjande om Island si nære historie.

Ein vil nok ha størst utbytte av denne boka om ein har lese dei to første i trilogien. Når forma er så springande og kortfatta som ho er, og hovudpersonane så mange, tek det litt tid å bli kjent med og glad i dei. Men når du kjem inn i det, føyer alle bitane seg saman til eit spennande og gripande romanunivers. Og då er du hekta. Nettopp på grunn av forma er dette bøker eg gjerne les om att, eg kunne nesten ha starta på bok ein igjen umiddelbart. Nettopp fordi historia er så mangfaldig og springande, har ein ikkje sjans til å huske alt, ein vil berre få med seg meir og forstå meir ved andre lesing.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements