Tag Archives: Edmund Austigard

Bygdeoriginal debut

Personleg kunne eg ha utropt denne boka til kultbok før ho er lansert. Så snål og morosam synes eg ho er.

Roman
Edmund Austigard:
Krinsereglane
Samlaget 2005

Humor er rare greier. Ikkje ein fast og avgrensa storleik, men noko svevande og intuitivt. Sjølv blei eg i tenåra skulda for å ha sær humor, ja, det blei stilt spørsmål ved om det eg lo av kunne kallast humor i det heile, ”for det er jo ikkje noko gøy”, som veninnene mine sa. Berre så premissane er satt for den påstanden eg no skal kome med: Edmund Austigard har skrive den snålaste, gøyaste og mest interessante boka eg har lese på lenge.

Bygdeliv
Boka skildrar bygda Årdal i åra 1924-25. Forteljaren er den nest yngste guten i ein syskjenflokk på fem, og han spring rundt og observerar alt som skjer, tenkjer på det gjennom lange, søvnlause netter og prøver å forstå dei usynlege trådane som bind bygda saman, eller ”bygdas grunnmekanikk”. Det er ikkje kva som skjer, kvifor eller korleis det går som er det viktige her. Det får vi ikkje alltid vite, og ein del informasjon kjem fram berre gradvis. Det sentrale er korleis bygda fungerer, kva som er viktig for folk, korleis dei ter seg i høve til kvarandre. Tittelen Krinsreglane er truleg henta frå ei scene der dei to storebrødrene til eg-forteljaren, Rainert og Daniel, går i ring inne på stova fordi det regnar ute. Då går dei i djupe tankar i kvar si bane, og hvis dei då kolliderer, blir det slagsmål. Derfor må dei ha reglar, slik at krinsinga går rett føre seg. Det illustrerer den sterke sosiale kontrollen i bygda, kor folk lever tett på kvarandre og alt angår alle. Eit anna sentralt innslag i bygdelivet er krinsane mennene står i på brygga og diskuterer det som skjer.

Rystande nyhende
Dei store og rystande hendingane står i kø desse to åra: Det kjem eit nytt kaffislag i salg som er heile to øre billegare, utan å smake ringare. (”– For er det ikkje slik at det alt finst ein veletablert samanheng mellom pris og smak?” undrar folk, og då må ein jo som lesar reflektere litt over at det er ein veletablert samaneheng mellom pris og utnytting av arbeidarar i den tredje verda.) Dermed blir det rot i ei sak kor folk tidlegare har delt seg i to leirar: Kva for butikk dei handlar varene sine i. Ei anna sak er kva for rutebåtselskap dei held seg til, noko som blir aktualisert når ein amerikanar kjem til bygda med ein av båtane. To steingardar møtest ikkje der dei skal, og ein geopolitisk konflikt oppstår. Eit nytt ballspel blir introdusert, og noko eksploderer i eit eldhus. I episodiske kapittel tek forfattaren føre seg ulike sider ved livet i bygda, så som fisking av aure som vert lagt ned i ei tønne med saltlake, korleis denne blir posjonert ut for å vare heile vinteren, korleis smaken endrar seg med tida, og korleis tørr aure oppfører seg i munnen. Eller at familien får ny utedo: ”trippeldritar med kringsyn”. Eller korleis det går føre seg når eg-forteljaren på grunn av søvnmangel og overdriven tankeverksemd får dignosen ”varmgong i hovudet”.

Tidsreisa
Det er noko underfundig i måten han blandar folkelege talemåtar og nærmast akademiske vendingar på samt i måten han snur om på kva som er viktig og ikkje viktig. Han skildrar gjerne ørsmå sosiale mellomspel over side etter side, mens dødsfall kan bli nemt berre i forbifarten. Eg trur det er dette som skaper den herleg snåle humoren. Til dømes gjekk eg og småfniste i lang tid av ei seks sider lang skildring av nikking og risting på hovudet i ein diskusjon mellom tre av bygdas store menn. Det er mange scener eg gjerne skulle ha gjengjeve her fordi dei er ubetalelig morosame. For eksempel då Rainert har lese at folk i Ryfylke høyrer til ei underlegen sidegrein av den nordiske rasen; uralpinarane. Eller kappkøyringa med rutebåt, eller årsmøtet i Bønarånå fallrettslag. Men av omsyn til plassen skal eg nøye meg med eit avsnitt om mannen som brakte impulsar frå utlandet til Årdal:

Ola Korthus var ikkje så gamle karen, men det var alt fleire år sidan han reiste ut første gongen. På ein av dei første rutebåtturane frå bygda. Og tilbake til kaien i Melsosen blei det rapportert at turen til Østervåg gjekk fint. Dette med å stille seg om frå bygdeliv til byliv på dei tre korte timane som reisa tok, gjekk greitt, heitte det frå Ola. Trass i høg fart hadde altså hjarte og sjel halde følgje med både einannan og lekamen elles utover Årdalsfjorden. Og han gjekk i land som eit heilt menneske, framleis i same tidssona og utan vekttap. Noko som ifølgje Daniel, der han stod og koketterte i juniorkrinsen sin, både tilbakeviste og i neste omgang forkasta Einsteins relativitetsteori om vekta av lekamar i høg fart.

Tidsbilete
Ein kunne vel kalle denne boka ein slags parodi på bygdeliv i gamle dager, ei humoristisk forteljing om kor uskuldige og enkle folk var før i tida. Men sjølv om det nokre gongar blir ustyrteleg komisk å lese dette med 2005-blikk, så oppfattar eg dette like mykje som eit seriøst forsøk på å setje seg inn i korleis det var den gongen, når nye oppfinningar og impulsar frå verda byrja å kome til eit stabilt bondesamfunn.

Språket er òg brukt på ein måte som skal spegle tida og staden, og dialektuttrykkja måtte eg ofte gjette meg til tydinga av. I ein notis bak i boka takkar forfattaren farfaren sin for ”tidskolorittane og det språklege bakteppet”, så det er grunn til å tru at vi her får servert eit tidsdokument med ein viss autentisitet. Uansett kjelde: Både språket og forma overbeviser. Det er ikkje noko famlande over denne debuten. Nokre episodar i boka spelar på hendingar i vår tid. I alle fall er det vanskeleg å lese det annleis når det oppstår ein arealkonflikt på ”Golandhaugen” fordi to steingardar ikkje møtest der dei skal, og ein ”internasjonal komité” (det er jo ein amerikanar i bygda) foreslår at ein ”steingard for fred” skal dele det omstridte området i to. Eg tvilar på at motivasjonen for å skrive denne historia var å kommentere internasjonal politikk, og vel å tolke det meir som eit artig innfall. Eg merkar at eg ikkje vil at det som skjer i bygda skal ende opp som ”illustrasjon” av hendingar i den store verda, eg opplever det som reduserande for dei originale og artige skildringane. Det får forfattaren ta som eit kompliment. Eg har sett stor pris på tidsreisa til det sære bygdeuniverset hans, og oppmodar alle til å ta turen!

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements