Tag Archives: Del likt

Brødet og eselet: Del likt

Omveltande antipatos: Del likt er ei samling med sinte, leikande dikt og absurde bilete som får det til å boble i hovudet.

Ein gong for lenge, lenge sidan, då eg var ung, kristen og framleis hadde ei lyseblå tiltru til verda, heldt eg meg med favorittbibelord. Éit av dei var: «Kast ditt brød på vatnet; for med tida skal du finna det att.» (Forkynnaren 11,1). Ein person eg siterte det til, meinte at brødet umogeleg kunne vere noko å ete om ein faktisk fann det igjen. Det var kanskje meint som eit vits (i så fall dårleg framført), men episoden kan få stå som døme på kva slags uføre bokstavtru bibeltolkingar kan leie ein ut i. Sjølv hadde eg tolka visdomsordet i retning av: «Ein treng ikkje alltid gjere det trygge og fornuftige, ting ordnar seg alltids» – noko eg på ingen måte levde etter, kanskje bortsett frå at eg, av alle ting, valde å utdanne meg til litteraturvitar. Det er boka Del likt som har vakt desse assosiasjonane, og det er det mange grunnar til.

Del likt er del av eit større kunstprosjekt av kunstnarduoen Gunnar Wærness og Henrik Skotte, som her går under nemninga Brødet og eselet. Det høyrest utan vidare ut som deira dummare alter ego, men både orda «brød» og «esel» samt ei rad motiv i teksten er knytt til kjende bibelhistorier. Tenk på nattverden, eller eselet Jesus reid inn i Jerusalem på Palmesøndag. Les ein framhaldet av mitt tidlegare favorittbibelord, vert det dessutan tydeleg at Forkynnaren og Brødet og eselet har omtrent same innstilling til livet: «Del det du har, med sju eller åtte; for du veit ikkje kva for ulukke som kan henda på jorda.»

Bibelsk opprør
Slikt står det altså i denne tradisjonsrike boksamlinga som republikanske kristenkapitalistar over dammen gjerne omtalar som «The Good Book»  («‘cause it is good, and it’s a book», for å sitere den australske, musikalske komikaren Tim Minchin). Brødet og eselet grip i Del likt fatt i dette revolusjonære potensialet i Bibelen. Dei kommuniserer også på liknande allegorisk vis, men med eit rølpete uttrykk som kan få ein til å tru at dette er humoristisk  meint, ikkje kunst som meiner noko om verda på alvor. Det vil i så fall vere ei grov feillesing. Her er eit lite utdrag, så du veit kva eg snakkar om:

(FOLK ASSÅ)

Folk har hørt at det fins lova på jorda som dæm itj sjer, men dæm kan bryt dæm utan at nåkka skjer. Så dæm fortsett å bryt dæm hæppi hæppi hæppi igjen og igjen, og så plutselig bæ-bu-bæ-bu og bu-hu, så sitt dem der.

Derfor fløtte folk opp i trærn (…)

Eg assosierer til naturlover og klimaendringar her, gitt at det lenger nede står at «ekspertan leite etter ainner planeta». Det er éit av mange kritiske perspektiv.

Men sjølv om dette er ei utprega opprørsk bok, hallar eg mot at referansane til religion ikkje først og fremst er kritiske, men i staden peikar på at religion kan gjere dei undertrykte til revolusjonære. Spesielt diktet «(GÅ FRØ)» som startar med ein ordleik over ordet demokrati, refererer til det Jesus sa om såkornet som fell i jorda og døyr slik at det kan vekse opp strå med mange nye korn: «skokk oss              flokk oss / nøy oss           pløy oss / tøy oss             lang i sola / kryp vi opp av jorda trang / for å bli te mang mang mang».

Uansett kva haldninga til religionen eigentleg er: Det rølpete uttrykket, med munnlege formuleringar på trønderdialekt, lydmalande ord og svart humor, viser ein vilje til å bryte med konvensjonar som både handlar om leikande kreativitet og rettvis vreide. Det radikale innhaldet får av og til satiriske utslag. Alvoret slår ikkje ut i patos, men i antipatos.

Dette er starten på ei lengre melding som er publisert i BLA nr. 9/2017. Les heile teksten her (pdf).

Advertisements