Tag Archives: Clarice Lispector

Clarice Lispector: Nær livets ville hjerte

Ekstatisk hoggorm: I den sensasjonelle debutromanen frå 1943 skriv Clarice Lispector om gleda og einsemda i å vere ei utprega intellektuell og emosjonell kvinne.

Clarice Lispector er den einaste forfattaren som har gitt meg noko nær ei mystisk oppleving. Eg skal ikkje prøve å skildre det, men eg skjønar kvifor ho har blitt samanlikna med ein mystikar som Teresa av Ávila.

Men sjølv før dette vart eg så takksam som eg aldri før har vore eit forlag då eg fann ut at Bokvennen skulle gi ut nye omsetjingar av Lispector. For sjølv om bøkene, opprinneleg skrivne på portugisisk i Brasil av ein jødisk immigrant frå Russland, no er å få tak i på både svensk og engelsk, er det viktig at dei blir omtala og lett tilgjengelege på norsk. Kvifor? Fordi Lispector viser kor mykje av det litterære som handlar om å gi språk til kjensler, og at dét ikkje berre er ei kjelde til intellektuell og moralsk innsikt, men også å nærme seg det største mysteriet av alle: Kva det er å leve.

Det ville hjartet
Bokvennen ga i 2015 ut Lispectors siste roman: Stjernens time, nydeleg omsett av Ida Munch. I 2016 kom debutromanen som i 1943 gav Lispctor status som litterært stjerneskot: Nær livets ville hjerte. Tittelen er henta frå James Joyce-sitatet i epigrafen, men inneheld i original form ikkje ordet «livets». Eg tippar omsetjaren har brukt ordlyden i den norske Joyce-omsetjinga, men dermed blir tittelen meir abstrakt enn det dyrisk instinktive, sanselege og rå som hovudpersonen Joana er så fascinert av.

Den foreldrelause jenta vart sjølv kalla ein hoggorm fordi ho heilt frå barndomen av verka kald og skremmande på tanta ho budde hos. Men sjølv finn ho intense gleder i sitt indre liv, noko som blir problematisk når ho som vaksen forelskar seg: For korleis skal ho få tid nok aleine? Og kven orkar i lengda å vere saman med ei kvinne så intens, overlegen og uavhengig som henne? «Ja, snart ville hun bli for tung for ham med sin overflod av mirakler.» Joana merkar snart konkurransen frå den sindige og varme kvinna som ikkje har noko større ønske enn å vere kone og mor.

Ein stor del av gleda ved å lese Lispector er å finne i dei uventa formuleringane og den rammande humoren, som når ho lar ein ung, ambisiøs mann kaste nykjøpte drops i rennesteinen fordi han bli usikker på om «store menn» brukar å ete sukkertøy. Men aller mest er det evna til å kople det indre livet direkte på originale filosofiske perspektiv som skiljer Lispector frå alt anna eg har lese.

Rusande vital
Det er interessant å sjå kor mykje av både språk og tematikk som er sams mellom Lispectors første og siste roman. Sjølv om ein kan merke at det står ei mindre erfaren – men likevel eksepsjonell – kvinne bak debuten, så er den karakteristiske stilen på plass, spesielt dei brå kasta mellom fortviling og ekstase, det førrasjonelle og det skarpt analyserande.

Dei mange skildringane av affekt, som hos ein mindre gåverik forfattar raskt kunne ha verka pubertale, er hos Lispector mangefasetterte og originale. Men den modne Lispector er både meir raffinert og meir kompromisslaus.

Anne Elligers omsetjing verkar solid, men bokmålet er noko konservativt og stivt. Når ho til dømes formulerer seg slik: «det er umulig å være noe utover det man er – og likevel overgår jeg meg selv, sågar uten deliriet», står det ikkje så godt til den unge, opprørske Joana. Forlaget har elles rota godt med årstala på smussomslaget; Lispector var ikkje sensasjonelle 17 år då ho debuterte, men 23. Det er likevel uviktige bagatellar i møte med litteratur som er like overraskande og rusande vital 74 år etter nedskrivinga.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

 


Clarice Lispector: Stjernens time

Ei flammande stjerne

Gnistrande ironisk om litterær medkjensle: Det er gledeleg at ein ny roman av Brasils briljante modernist Clarice Lispector har fått ei nydeleg norsk omsetjing.

Kjærleik ved første blikk finst. Men det er kanskje store ord for møtet mellom 19 år gamle Macabéa og Olímpico i regnet på gata i Rio, dei blir vel kjærestar mest fordi dei ikkje har nokon andre. Den uvitande og underernærte Macabéa inspirerer ikkje til sterke kjensler. Den einaste som verkeleg bryr seg om henne, er forteljaren, og han er like oppteken av kvifor og korleis han vil fortelje om akkurat henne.

Stjernens time er brasilianske Clarice Lispectors (1920–1977) siste roman, skriven medan forfattaren var kreftsjuk og utgjeven posthumt. Dette er verdslitteratur!

Krevjande kjærleik
For meg vart Lispector ei litterær forelsking frå eg las dei første setningane i Lidelseshistorie (på norsk i 1989). Det var som om ho sette ord på slikt eg har kjent, men ikkje klart å formulere sjølv.

Lispector har, heilt sidan debuten i 1943, blitt rekna som ein modernistisk fornyar av romanen i Brasil, og fordi ho også kjem frå ein jødisk familie som immigrerte frå Ukraina, blir ho gjerne samanlikna med Franz Kafka. Bøkene er kjenneteikna av ei karakteristisk forteljarstemme som går rett i strupen på dei eksistensielle problemstillingane utan å bry seg med rammeforteljing og miljøskildringar. Dei drøyt 100 sidene som utgjer Stjernens time er uvanleg komplekse både estetisk og moralsk, dette er ei bok kor ein oppdagar noko nytt kvar gong ein blar i ho.

Riktignok kan ein bli lei av at forteljaren aldri blir ferdig med å snakke om seg sjølv. Men forteljarstemma er vittig på ironisk og lite sjølvhøgtideleg vis, samstundes som metaperspektivet er heilt sentralt både for Lispectors spesielle stil og i den etiske refleksjonen.

At forteljaren er ein mann, er det einaste eg opplever som lite truverdig i romanen, det er umogeleg å ikkje sjå for seg Lispector sjølv når eg les. Men truverd er ikkje viktig her, valet av forteljar er snarare ein ironisk gest ein må sjå i samanheng med dei sentimentale trekka ved historia: «det må være en mann [som skriver dette], for en kvinnelig forfatter kan komme til å sipe.»

Ironisk brodd mot middelklassen
Romanen problematiserer nemleg at det er tragedien som gir Macabea verdi som litterært objekt. Stjerna blussar opp rett før ho sloknar, og av det kjem romantittelen: «For i dødsøyeblikket blir mennesket en strålende filmstjerne». Ubehaget forteljaren opplever ved at ein fattige stakkar blir objekt for nedlatande sentimentalitet frå den dana middelklassen, utløyser skarp ironi retta mot lesaren: «Var slutten grandios nok for Deres behov?» Macabéa er derimot skildra med varme, humor og respekt.

Valet av hovudperson kan ein sjå som eit feministisk prosjekt i seg sjølv: Macabéa er ei kvinne ingen bryr seg om, ho er verken pen, rik eller intelligent. Ho lever eit trist liv med jobb på kontor og hybel som ho deler med fire andre, men er ikkje ulukkeleg. Når livet er som vanskelegast, opplever ho små glimt av ekstase, noko ein kan knyte til den jødiske mystikartradisjonen Hasidismen, som var del av Lispectors åndelege arv frå Ukraina. Men også Lispectors handsaming av spørsmålet om Gud bli innhylla i mystikk, ho inkluderer han i teksten sjølv etter å slått fast at Macabea ikkje er truande:

Av og til grep nåden henne midt på kontoret. Da gikk hun på do for å være alene. Stående og smilende helt til det gikk over (det virker for meg som denne Guden var svært barmhjertig overfor henne; han ga henne det han tok fra henne). Stående mens hun tenkte på ingenting, med myke øyne.

Musikalsk omsetjing
Stjernens time er omsett frå portugisisk til bokmål av Ida Munch. I forordet fortel Munch om Clarice Lispectors liv og om hennar frie bruk av teiknsetjing og syntaks. Forteljaren slår også fast at han har valgt eit språk som skal passe til den uvitande hovudpersonen. Dermed speglar det nok originalen når hovudpersonen til dømes «ble litt hallusinert». I mine øyre har omsetjinga blitt svært god, språket verkar snarare enkelt enn komplisert og har både rytme og musikalitet.

Romanen har fleire eksentriske trekk, som tolv alternative titlar og stadige innskot av parantesen «(eksplosjon)». For meg er det mest påfallande ved Lispector den gjennomgåande ironien som står side om side med moralsk alvor, poetisk språk og eksistensfilosofi – samstundes som teksten mest av alt talar til kjenslene.

Clarice Lispector er ei unik stemme i verdslitteraturen fordi ho på både komplekst og kortfatta vis klarer å få fram kor rikt og vakkert sjølv det enklaste og minst verdsette menneskeliv er.

Teksten er noko endra og utvida samanlikna med versjonen som stod på trykk i Dag og Tid 24.12.2015. Ein lengre artikkel om Clarice Lispecor står i Tidsskriftet Mellom nr. 1/2016.

Eg har også skrive eit bokessay og ein lengre artikkel om Stjernens time. Du finn begge ovanfor på sida Artiklar.