Tag Archives: Brynjulf Jung Tjønn

Lyden av nynorsk som døyr

”Rette” litterære grep hjelper lite når det skortar på presisjon i framstellinga.

Roman
Brynjulf Jung Tjønn:
Lyden av noen som dør
Cappelen Damm 2008

Lyden av noen som dør er Brynjulf Jung Tjønn sin andre roman. Eg-forteljaren er den unge guten Clemence som har mist mora og er aleine att med den gamle og svekka faren. Etter kvart kjem det fram at Clemence har hatt store problem i oppveksten, både med den aggressive faren og blant skulekameratane. Det heile toppar seg i ei avsløring av kva for grusomme minne hovudpersonen ber på.

Tiller-kopi
Det er mykje ved denne boka som minner om Skråninga av Carl Frode Tiller, men diverre vert det ein dårleg kopi. Der Tiller skaper eit univers som er truverdig og medrivande, så vimsar denne historia av garde ispedd ei mengd observasjonar og skildringar som rett nok gir informasjon – om garden hovudpersonen er frå, om foreldra hans, om bensinstasjonen han jobbar på, og bygda, om naboane – men som ikkje verkar særleg relevante og spennande medan eg les dei. Det hjelper lite at mykje av det (men langt ifrå alt) får ny relevans i lys av informasjon som kjem fram etter kvart, men for å få glede av det, må ein lese boka på nytt. Og det freistar ho ikkje til. Hos Tiller veks det fram eit bilete av eit sinn som er pressa til tolegrensa, og som misser kontakta med røyda. I skildringa til Jung Tjønn finn eg ikkje noko samsvar mellom det personen vert sagt å ha vore utsett for og korleis han framstår gjennom narrasjonen. Forteljarstemma verkar roleg, rasjonell og tankefull, men det kan han umogeleg vere etter det han har vore med på.

Forfattaren brukar mange av dei ”rette” litterære grepa, som å halde seg til konkrete skildringar og å la viktige underliggjande årsaker berre så vidt bli nemde i teksten. Det skortar ikkje på sterke effekter på innhaldssida heller, men eg får meg ikkje til å tru på det. Ikkje på grunn av innhaldet, men fordi forfattaren ikkje klarer å overtyde meg gjennom måten han skildrar det på.

Eit språkleg problem
Eg opplever dette mykje som eit språkleg problem, som mangel på presisjon i framstellinga. I parti kor han held seg til gjengjevingar av konkrete handlingar og utsegner er teksten ofte god, det er når han skjenar av garde med innskotne forteljingar og poetiske skildringar at teksten misser intensiteten. Ofte stussar eg på måten han vel å skildre på, og på biletbruken. Eg har til dømes tenkt ein del på kor mykje ei sjøstjerne eigentleg liknar på ei hand, og dette er det sentrale symbolet i forteljinga, som når ein kjem til slutten framstår som overtydeleg. Når forfattaren skriv om ”Ein kraftig bondekar med altfor stor mage, tronge blodårer etter ei overvekt av metta feitt-måltider” (mi utheving), synes eg det er eit særs dårleg ordval i samanhangen og ei klossete formulering. Det gjeld òg når han skriv at mora sitt forkle er ”krydra med feittmerker”, eller at det luktar mat ”i håret hennar, mellom dei svake rynkene i panna, bak øyra, i den slappe huda på halsen”. Dette nærmar seg parodien, riktignok er det ”in” med konkrete skildringar, men det får då vere måte på detaljnivå.

Språket er òg problematisk på eit meir målbart område, nemleg rettskriving. I teksten vrimlar det av ord og bøyingar som ikkje er å finne i nynorskordboka. Eks: ”fyl” (følgjer), ”tristheiten”, ”hell” (heller), ”man” (ein), ”berer” (ber), ”suppen” (suppa), ”huden” (huda). Desse eksempla er henta frå eit tekstparti på åtte sider, så det er nok å ta av. I tillegg nyttar forfattaren stort sett det som er tillate av bokmålsklingande sideformer, som ”noen”, ”ennå”, ”forsøke”, ”bare”, ”nå”. Resultatet er eit merkeleg mål som stadig gjer at lesinga stoppar opp, og den veksande irritasjonen gjer det vanskeleg å fokusere på innhaldet. Det må seiast at Carl Frode Tiller òg har liknande problem – eg har funne hybridord i bøkene hans som får håra til å reise seg på den delen av hovudet kor språksenteret ligg – men dels skjer det sjeldnare, og dels skriv han så godt at alt anna vert uviktig.

Dårlege prognosar
Jung Tjønn har skrive ein kronikk i Aftenposten kor han fortel om vanskane han og forlaget har hatt med å finne fram i jungelen av tillatne former på nynorsk, og kor han byd nynorsken farvel. Eg trur det er like greit, for nytta på denne måten vert nynorsken raskt både både drepande og døyande.

Tidlagare publisert i Dag og Tid.