Tag Archives: Barsel

Kristin Storrusten: Barsel

Dikt med store bokstavar: Kristin Storrustens debutdikt om å vere nybakt mor er ikkje avanserte eller djuptloddande. Men dei er underhaldande, og eg er glad for at dei finst.

Debutdikta til Kristin Storrusten er god poesi på same måte som Bridget Jones dagbok av Helen Fielding er ein god roman (og film); dei er underhaldande og inneheld gode observasjonar, men ikkje avanserte og djuptloddande. Eg er likevel glad for at dei finst. Det er fordi Storrusten skriv om eit emne som er viktig for svært mange kvinner i ein avgjerande periode av livet: Kor tøft det kan vere å bli mor. Og det er tydeleg at det finst eit publikum som veit å setje pris på å lese om dette, sidan boka, som kom ut i haust, alt er trykt i nye opplag.

Storrusten er ikkje redd for enkle poeng og daglegdags språk. Her finst det dikt kor punch line’en er: «Hva ville Fotballfrue gjort» og utbrot som: «Jeg hater bilsetetester, grøtvalg, barnehagestart, dette første året / Og kommentarfeltene som sier at mødre som meg er dårlige / / FØKK DERE».

Dette rett-frå-levra-uttrykket er samtidig styrken til samlinga, at ho tør å formulere sterke kjensler mange kan kjenne seg igjen i. Dermed føyer ho seg inn i ein trend av diktsamlingar med eit lettforståeleg, prosanært uttrykk; eg har før i år meldt fleire slike samlingar av mannlege forfattarar på Flamme forlag. Barsel er dermed del av ei rørsle som ser ut til å revitalisere sjangeren gjennom å nå ut til eit publikum som vanlegvis ikkje oppsøker poesien. Også Ida Lórien Ringdals debutsamling Dette skjer ikke, som kom ut på same forlag på nyåret og tek for seg singelliv og kjærleikssorg, har selt godt.

Som hos Ringdal er nok Storrustens bruk av svart humor ein del av suksessoppskrifta. Spesielt diktet om den nybakte mora som skal ta ein personlegdomstest når ho er tilbake på jobb, peikar seg ut for meg. Ho er ute av rutinen og svarar altfor ærleg: «Veldig veldig dårlig / Jeg reagerer veldig dårlig på stress / Mister hodet hver gang».

Les resten av meldinga på Littkritikk.no

Advertisements