Tag Archives: Asta Olivia Nordenhof

Om politisk poesi

Politikken er tilbake i poesien – og denne gongen er det personleg: Det ligg kimar til opprør i å insistere på retten til å føle «feil». Ikkje minst er demonstrative dikt eit opprør mot normer for den gode smak.

«Og til sidst dette med at kunsten, åh kunsten, ikke skal tage parti, dette med, at det skulle være så grænseoverskridende spændende ikke at vide, om en forfatter der har skrevet en racistisk tekst mon også selv er racist, denne lille de riges juleleg (…) Jo, lad os skælme, lad os være åbne og forstyrrede og mange, men lad os ikke give magten hvad den vil ha, hvis du vil være reelt grænseoverskridende, så tag parti.»

Det er den danske poeten Asta Olivia Nordenhof som slik seier si hjartans meining om at politiske spørsmål så lenge har blitt gjort til spørsmål om privat moral, ikkje berre i offentleg debatt, men i litteraturen (statusoppdatering på Facebook 23. februar i år).

Eg har lenge lurt på om ikkje politisk litteratur er på veg inn i varmen igjen, men det var først i 2016 det verka som eit faktum også i Noreg: «Politisk litteratur» er ikkje lenger synonymt med «estetisk mindreverdig», men blir av mange oppfatta positivt som at forfattaren er velinformert, samfunnsengasjert og vil noko.

Eg er i alle fall lei av at kunst og kultur blir oppfatta som pynt, underhaldning og rom for undring, noko folk kan slappe av med etter dei seriøse nyhenda og før sporten. Du veit; slikt nokre av oss driv med fordi vi ikkje gidd å skaffe oss ein ordentleg jobb, men berre vil ha pengar frå staten for å leike oss med uforpliktande historier og intrikate resonnement.

Det var i 2013 det begynte å boble rundt dette her til lands, då Freddy Fjellheim og Espen Stueland tok initiativ til å etablere Forfatternes klimaaksjon. Aksjonen møtte motbør både frå dei som meinte at politikk ikkje har noko i estetikken å gjere og dei som ikkje skjøna kva forskjell forfattarar kunne gjere.

Ser vi oss derimot rundt i dag, er politikken overalt i kunsten. Og er det rart? Medan politikk berre for få år sidan var noko vi oppfatta som like traust og føreseieleg som årstidene, verkar det no som om kva helst kan skje. Ein karikatur av ein mann blir vald til president i USA, og vår eiga regjering vil ta statsborgarskapen frå heile familiar utan at sakene blir prøvd i retten. Plutseleg kjennest politikk viktig – skremmande viktig. Då er det vanskeleg å halde fast på tanken om at kunsten for all del ikkje må bli politisk, slikt må vi overlate til andre. Ja, berre sjå kor bra det har gått.

I førre nummer av BLA spurte eg om poesidebutantane i 2016 let bøkene ende opp i tru, håp og kjærleik fordi liding og tap er tabu. Eg trur framleis at den tanken kan ha noko for seg, men det finst også ein annan måte å sjå det på: Å navigere mot håp og gode kjensler kan vere å insistere på sin rett til å søkje lykka for seg og sine – og dét er ei politisk rettigheit. Kva finn vi om vi leitar etter politikk i samtidspoesien?

Les resten av essayet i BLA. Teksten vart først publisert i BLA nr. 2/2017