Tag Archives: Arne Lygre

Min døde mann

Min døde mann av Arne Lygre er en svært velkomponert roman om et tilfeldig møte mellom tre homofile menn, som har hver sin dramatiske forhistorie. Gjennom dem skildrer Lygre de vilkårene mange homofile menn lever – og ofte også lider en tidlig død under. Han antyder også hva disse vilkårene gjør med dem på et emosjonelt plan. Handlingen tar etterhvert uventede vendinger, og boken oppleves som en original og innsiktsfull belysning av emnet. Skildringen er stillferdig og stilren, men rystende i kraft av alvoret i tematikken.

Begrunnelse for hvorfor romanen ble nominert til Ungdommens Kritikerpris i 2009.


Andlet til andlet

Arne Lygre sin første roman er tung av politisk, filosofisk og etisk alvor, og er både vond og god å lese.

Roman
Arne Lygre:
Et siste ansikt
Aschehoug 2007

Arne Lygre er dramatikar, og fekk i 2004 Brageprisen for novellesamlinga Tid inne. Romandebuten hans, Et siste ansikt, handlar om å vere grusom mot eit anna menneske, om skuld og trongen til soning og om å leve med fortida, i notida. Og, som ei vidareføring av dette, om egoisme versus det å sjå kva ein annan treng. Alt dette i lys av eit ”endetidsperspektiv”, dvs. at vi berre har dette livet, og det skal ta slutt:

Alle er så opptatt av debuten. Første gang de opplever det ene eller det andre. Et møte, en utenlandsreise, en opplevelse. I det siste har Daniel ofte tenkt over de sisteerfaringene han har. Ting han med sikkerhet kan si at han aldri mer skal oppleve. Jo oftere og tydeligere han ser seg selv i dette perspektivet, dess lenger blir listen.

Bodskapen
Daniel, ein mann i 60-åra, har lenge spionert på ei dame i åttiåra. Han tek til å sitje på den samme benken som ho i parken, og etterkvart blir dei kjende med kvarandre. Vi får forteljinga både frå Daniel og kvinna sin synsvinkel. Daniel vert skildra som ”han”, mens den gamle dama, som vi ikkje får vite navnet til, møter oss i eg-form. Gradvis blir Daniel ein viktig person i livet til kvinna, for ho har ingen andre. Men når dei kjem tett innpå kvarandre, vekkjer det til live smertefulle minne på ein måte som blir fatal for kvinna. Det viser seg at Daniel har ein grusom løyndom som har å gjere med korleis sonen hennar, Johannes, døydde, og det blir etterkvart eit ope spørsmål om ikkje hans trong til å sone og bekjenne er eit egoistisk prosjekt som utset kvinna for traumer ho kunne ha vore spart for i sine siste dagar.

Handlinga går føre seg 70 år etter 2. verdskrigen, og kvinna, som er siste overlevande frå konsentrasjonsleirane, blir beden om å vere med i ei minnesmarkering. Men ho vil ikkje. Ho har brukt mange krefter på å hindre seg sjølv i å leve i dei mange grufulle minna ho har. I tillegg meiner ho at politikarar og styresmakter brukar slike høve til å vise seg som forsvararar av menneskerettar og menneskeverd, mens dei ikkje tar ansvar for liknande hendingar som skjer i vår eiga tid, eller kanskje til og med er skuldige i liknande overgrep. Når ein kjem til slutten av boka, er det dette som blir ståande igjen som den sentrale politiske og moralske bodskapen i boka: Vi må – både som individ og som samfunn – leve i notida og sjå og handle i respekt for andre menneske, og ikkje dvele ved fortida av indremedisinske omsyn.

Filosofien
Tilnærminga mellom Daniel og kvinna er vakkert skildra. Men det sårbare i relasjonen, som først er rørande, får ein vond undertone av audmjuking når kvinna i dei siste dagane av livet sitt blir emosjonelt og fysisk avhengig av mannen som var sonen sin overgripar. Når kvinna døyr, tek historia ei uventa og merkeleg vending. Herifrå og ut boka synes eg at forteljinga går over i eit anna modus, det er ikkje så mykje ei historie som lyriske og filosofiske tilnærmingar til eksistensielle, politiske og etiske spørsmål. Dette, saman med tittelen Lygre har valgt, gjer at tankane går til filosofar som Emmanuel Lévinas og Martin Buber, som – enkelt sagt – er opptekne av etikk i møtet mellom eit eg og eit du.

Dette er samla sett ei spennande, men vond lesaroppleving. Språket er godt, det ber preg av medvitsstraum, med gjentakingar og mange korte setningar i fin rytme. Dialogane er nydelege; passe vanlege til å vere truverdige, men med uventa vendingar. Det høge refleksjonsnivået er ein stor styrke, men baksida av dette kan vere ei svekking av historia litterært sett. Det eg siktar til, er at eg synes Daniel og Johannes står fram som litterære konstruksjonar skapte for å få fram ein bestemt bodskap. Det er vanskeleg å tru at den varsomme og lett ”Elling-aktige” Daniel ein gong kan ha vore den bølla han skal ha vore som ung, og Johannes blir aldri meir enn eit andletslaust offer som det er vanskeleg å tru på. Den gamle kvinna og hennar historie blir på ein heilt annan måte levande.

Alvor og vilje
Boka er prega av eit alvor og ein vilje til å gå inn i vonde emner som eg må beundre, men gav meg ei djup kjensle av ubehag som det tok tid å komme seg ut av igjen. Det gjer ikkje boka dårleg. Tvert om er dette ei bok som gjer sterkt inntrykk.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.