Tag Archives: Alan Spence

”Atmosfæren var trygg og maskulin”

Som historisk roman er denne boka vellukka, men store skjønnlitterære kvalitetar har ho ikkje.

Roman
Alan Spence:
Det rene landet
Omsett av Agnete Øye
Pax 2007

Alan Spence har skrive ein informativ historisk roman om ein spennande mann; skotten Thomas Glover, i ei spennande tid; 1858-1945, i eit spennande land; Japan. Når eg likevel ikkje er spesielt begeistra for boka, er det fordi verken karakterteikningane, dramaturgien eller språket har store kvalitetar å vise til.

Mannsperspektiv
Skildringa av hovudpersonen er prega av stor vørdnad frå forfattaren si side. Det blir fokusert på Glover sin suksess som forretningsmann og politisk pådrivar, og han vert framstilt som moralsk i alle aspekt av livet. Riktignok driv han ei tid ulovleg handel med våpen og opium og går jevnleg til bordellet, men likevel er det vanskeleg å finne noko i teksten som opnar for at han har eit einaste usympatisk trekk (eit lite unntak er ei replikkveksling der det framgår at han ikkje er så oppteken av arbeidsvilkåra til arbeidarane i tefabrikken hans). Sånn er det når ein lukkast i livet, då er ein ikkje rovkapitalist og horekunde, men gründer og levemann.

Det er klart – Glover kom til Japan som ung mann, og var prega av tida og miljøet han kom inn i. Så at bordellet blir framstilt som ein paradisisk plass for avslapping og nyting, og ein fin stad å møte den du vil starte familie med, får passere som truverdig når det er sett gjennom augene til Glover. Men når dette heller ikkje blir nyansert når synsvinkelen er hos den tidlegare prostituerte Maki, får heile boka preg av av ein naiv, mannleg synsvinkel. I dette universet er kvinnene tenesteytande englar og stoltheit berre for menn. Det er truleg ikkje tilfeldig at ekteskap mellom vestlege menn og japanske kvinner har rykte for å verte særs vellukka. Ei skildring av eit møte i frimuarlosjen verkar karakteristisk for heile boka: ”Atmosfæren var trygg og maskulin”.

Manglande kurver
Den dramaturgiske spenninga manglar totalt. Det verkar umogeleg at Glover nokon gong kan gjere ei dårleg vurdering, og livet hans blir først og fremst ein innfallsvinkel for å skildre Japan si utvikling frå eit lukka middelaldersk føydalsamfunn til ein moderne handelsnasjon. Han spelar personleg ei viktig rolle i denne utviklinga, men eg synes ikkje forfattaren får sagt meir enn akkurat dette, eg ser ingen djupare botn i skildringa av Glover, trass i mange referansar til buddistisk visdomstradisjon. Litterært sett synes eg skildringane er flate og uinteressante, og ofte prega av klisjear. Heilt frå byrjinga i Aberdeen i 1858, kor Glover som humørfylt ung mann sprintar gjennom byen og er på plass ved kontorpulten sin idet klokka slår (akkurat som Nøtteliten), til kjærleiksskildringane og minneflaumen i avslutninga av livet. Det er mogeleg at omsetjinga må ta ein del av skulda, for ho er prega av manglande fingerspitzgefühl (”Vedder på at vi sikkert kan anta”, ”en ironi som ikke gikk hus forbi”, ”ren og skjær tåpelig dumdristighet”, ”Velsignet være henne.”) og engelskklingande formuleringar (”En hvilken som helst dag kunne faren […] dystert spå”, ”periodene som ikke kom”, dvs. menstruasjonen).

Lærerikt om Japan
Når det er sagt, så er den historiske utviklinga i Japan i seg sjølv så spennande stoff at det gjer boka lesverdig. Det er tankevekkjande at Japan gjentatte gongar har tilpassa seg utviklinga i Vesten etter å ha blitt bomba ope, heilt frå 1800-talet og til sleppet av atombomber over Hiroshima og Nagasaki i 1945. Det kan verke som at grunnen til at Japan har takla dette så bra kan vere å finne i deira særeigne kulturelle blanding av ubøyeleg stoltheit og aksept av det unngåelege. Dette er ei bok som har mykje å lære bort om japansk historie, kultur og tankesett. Teksten inneheld mange haikudikt og tradisjonelle visdomsforteljingar, skildringar av buddhistisk tenking, krigarmentaliteten til samuraiane, og av skikkar som teseremoni og rituelt sjølvmord. Så alt i alt er dette ei bok verd å lese om du er interessert i det historiske aspektet, men som skjønnlitteratur er ho inga stor oppleving.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements