Tag Archives: Aina Villanger

Aina Villanger: Baugeids bok

Sanseleg mellomalder: Aina Villanger gir glimt inn i eit historisk verdsbilete som opnar nye perspektiv på korleis vi i dag tenkjer om kropp og kjensler, fridom og fellesskap.

I litteraturlista bak i Baugeids bok finn vi tittelen Sanselig senmiddelalder. Tittelen formulerer eit slåande trekk ved Aina Villanger si sjangeroverskridande andrebok: I ein fragmentarisk miks av historisk oppdagingsferd og skjønnlitterær innleving teiknar ho opp eit verdsbilete i skjeringspunktet mellom katolsk mystikartradisjon og norrønt vikingliv (rett nok i tidleg høgmellomalder). Det kjennest som at det er noko viktig å hente der, noko som manglar i vår moderne tid.

Visjonær kropp
Aina Villanger debuterte med langdiktet Langsang: et flytans habitat i 2012 og fekk positiv merksemd for denne skapingssoga i talemål frå Grenlandsområdet. Med Baugeids bok går ho vidare i uventa retningar, men viser den same interessa for opphav.

Boka tar utgangspunkt i livet til den historiske personen Baugeid Dagsdatter. Ho er nemd i Håkon Herdebreis saga fordi broren Gregorius Dagsson i 1161 vart gravlagd ved nonneklosteret i Gimsøy, kor Baugeid var abbedisse. Men meir enn ei historie om livshendingar – som det finst lite informasjon om – er boka ei innføring i eit anna verdsbilete.

Bruk av mat og urter som medisin er eit sentralt motiv, samt korleis ein såg for seg at kropp, psyke og ånd hang saman. Til dømes står det i lista «Råd mot reisesyke og vind i hjernen»: «Kylling kokt med isop kurerer melankoli, den tristheten som stammer fra uavbrutt vind og suges opp i hjernen.» Det slår meg kor sjølvsagt negative kjensler blir omtala som del av ein praktisk og fysisk situasjon. No for tida kan ein få inntrykk av at alle negative kjensler er teikn på veikskap eller sjukdom.

Kroppen er sentral òg i det religiøse livet. Spesielt minner den bramfrie skildringa av sanseleg lyst om at seksualangsten i konservative, religiøse miljø ikkje utan vidare kan projiserast bakover på forhistoria.

Villangers blanding av sakprosa og skjønnlitterære skildringar, lister med gode råd, draumar og notisar frå autentiske loggbøker, understrekar på sett og vis samanhengane mellom kropp og ånd, det konkrete og det imaginære. Men det fragmentariske gjer lesaropplevinga springande, slik vi berre i glimt kan skjøne ein så annleis mentalitet.

I eit kort sluttord skriv forfattaren at det meste i boka er funne opp, men at mykje også er funne i gamle bøker. Pedanten i meg skulle gjerne visst meir om kor representative formuleringane er for det historiske og kor den kreative ordsmeden har tatt over. Men litteraturlista skaper tillit til at forfattaren baserer seg på solide kjelder.

Fridom og fellesskap
Det er noko underleg frigjerande i møtet med eit verdsbilete så prega av kropp, med den sjølvsagde aksepten av at folk er ulike og dei svakare skilja mellom individ og fellesskap. I klosteret var alt, frå når ein kunne ete og kva, til bønneliv og kroppslege tilstander, ei sak for fellesskapet. Men har vi eigentleg større individuell fridom i dag? Normene treng ikkje vere svakare om dei er uformelle. Kanskje er ikkje fridom det viktigaste for eit godt liv, spørsmålet er snarare om grensene vi lever innanfor også tilbyr fellesskap.

Gimsøy kloster ligg i Villangers heimkommune, Skien, og utforskinga av livet i klosteret er òg lokalhistorie. Slik blir denne boka også uttrykk for det å søkje identitet i geografiske, historiske og kulturelle fellesskap. Samstundes formulerer Baugeids bok ei anna form for fridom; ei annleis estetisk oppleving gir òg eit nytt perspektiv på vår eiga tid.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.