Om meg

Eg er litteraturkritikar i Dag og Tid, BLA, Prosa og Littkritikk.no. Denne bloggen er oppretta for å gjere tidlegare publiserte bokmeldingar og artiklar tilgjengelege på nett.

Bakgrunn: Eg kjem frå Godøy utanfor Ålesund. Etter videregåande reiste eg til Oslo og tok fire grunnfag meir eller mindre tilfeldig: Sosiologi, psykologi, pedagogikk og litteraturvitskap. I 2000 sikra eg den no gammalmodige tittelen Cand.philol. med eit hovudfag i litteraturvitskap. Hovudoppgåva hadde tittelen «Fragment – forgjengelighet. Søk etter mening i Ett blyertsstreck av Gunnar Björling». (Og ja – eg skreiv på bokmål.)

Eg hadde min første litteraturvitskaplege artikkel på trykk i Bøygen i 1997 og debuterte som bokmeldar same stad i 2000. I februar 2001 byrja eg å melde bøker i Vårt Land. Eit intermesso som forlagsredaktør i Andresen & Butenschøn gjorde at eg la vekk pennen frå februar 2002, men i 2005 byrja eg å skrive i Dag og Tid. Eg har gjennom åra publisert i fleire forskjellige aviser og tidsskrift, sjå meir på sida Artiklar.

Eg har hatt diverse verv og oppdrag for Norsk kritikerlag, mellom anna har eg vore leiar for Litteraturseksjonens arbeidsutval og i seminarkomiteen for Kritikerseminaret 2015 og 2016. I 2015 fekk eg Statens arbeidsstipend for eitt år og i 2016 Fritt ords kritikarstipend for eitt år.

På bloggen Kritiske tilstander skriv eg om likt og ulikt, men først og fremst litteratur og kritikk.

Kontaktinformasjon:
merete.granlund (at) gmail.com

MRG

Advertisements

2 responses to “Om meg

  • Ståle Godø

    Hei, Merete
    Eg ser du skriv i dag og tid. Eg blir provosert av vinklinga på den tragiske hendinga i Paris har i norske media. Kan du sjå på noko eg har skrive?
    mvh
    Ståle Godø

    • MRG

      Hei Ståle! Artig å høyre frå gamle kjente. Eg er ikkje tilsett i Dag og Tid, eg er frilansar, så eg har lite med redaksjonen å gjere. Du kan godt sende direkte til redaksjonen også, men eg kan sjå på teksten om du vil (om den ikkje er altfor lang!)

      Vennleg helsing Merete

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: