Matias Faldbakken: The Hills

Storm i eit vinglas: Møter mellom brautande levemenn og kelneren med nervetryne gir ei underhaldande blanding av dekadanse og kos.

Ein av dei mest særeigne og definitivt den mest underhaldande norske romanen frå 2017, er The Hills av Matias Faldbakken. Romanen var også nominert til Brageprisen. Men tittelen er altså på engelsk, og signaliserer med det affinitet til transeuropeisk kultur. Ordtaket Faldbakken har sett som epigraf, er derimot norsk: «Skremt hund blir aldri fet». Det viser til hovudpersonen og forteljaren, mannen som har heile sin identitet knytt til stillinga som kelner på den tradisjonsrike restauranten som har gitt romanen namn.

«Det er et flidens sted. Flid og bekymring henger sammen, det tror jeg helt sikkert», slår han tidleg fast, og dermed har forfattaren alt skissert ein person det er relativt lett for ein kritikar å identifisere seg med: Han som står på sidelinja med eit skarpt blikk for detaljar, som har ei meining om alt, men raskt blir stressa om det skulle oppstå krav om spontan samhandling utover dei programmatiske rutinane.

At kelnaren er på randen av noko, merkar vi også tidleg, når han tek seg i å illustrere ordet «rømmedip» med å bøye peikefingeren i eit lite «dip» – og straks kjenner seg ute av kontroll: «Hva er det jeg driver med?» Mykje verre skal det bli når ei ung, vakker kvinne trer inn blant stamgjestane.

Munter dekadanse
Matias Faldbakken er ein av Noregs mest feira samtidskunstnarar, for tida aktuell med utstilling på Astrup Fearnley Museet i Oslo. Eg fekk aldri lese romantrilogien han slo gjennom med tidleg på 2000-talet under pseudonymet Abo Rasul: Skandinavisk misantropi. Det var liksom noko med fokuset på porno, vald, nazisme, pedofili og reklamebransjen som ikkje verka så lokkande på meg. Kontrasten kunne knapt vore større til den høgsensitive kelneren som er hovudperson denne gongen – det måtte i så fall vere om han også var nyfrelst. Men det er han ikkje. I staden representerer romanen den andre versjonen av dekadanse, den typen kor livet handlar mest om raffinert smak og kjappe replikkar.

I starten opplevde eg dei mange innforståtte referansar til kunst og diverse forbruksmateriell som særs irriterande. Men sett gjennom den nevrotiske hovudpersonen ser ein jo at både samling av verdslege skattar og snobberi er strategiar for å gjere verda trygg og føreseieleg, og samtidig definere seg sjølv inn i eit godt selskap.

Det skarpe blikket i kombinasjon med ditto formuleringsevne kjem likevel meir til sin rett når forteljaren kommenterer menneska og livet meir generelt. Som når han konstaterer at ein av stamgjestane «sprader ut gjennom ut gjennom filtforhenget med markedsliberale skritt». Diverre (for kelneren) er mykje av merksemda retta mot han sjølv, og han er fortvila over at kjenslene riv og slit i andletet slik at han får «nervetryne». Kapittelet om kva som skjer når han drikk for mykje kaffi, er også kosteleg.

Lengt etter tradisjon
Faldbakken viser med denne romanen at han har blikk for dei evige bipersonane i livet og talent for nevrosehumor. Evna til å orkestrere koseleg, gamaldags snobberi i kombinasjon med frisk formuleringsevne gjer at tankane går til både Oscar Wilde og P.G.Woodhouse sin Jeeves og Wooster-serie. Meir lokalt slektar romanen på Terje Holtet Larsens like kresne, men mørkare satire – også lagt i munnen på velkledde menn.

I den grad det finst samfunnskritikk i romanen, kjem den indirekte fram: Dei rike stamgjestane er sett med tydeleg skepsis. Men mest viser det nostalgiske portrettet av restauranten lengt etter tradisjonar som kan stå i mot både teknologiske og andre slags revolusjonar. Det gir The Hills den same idylliske sjarmen som gamle julefilmar.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: