Thorvald Steen: Det hvite badehuset

Menneske og manglane: Med ei historie om sjukdom, skam og ukjende familiehistorier skaper Thorvald Steen både historisk og etisk refleksjon.

Nominasjonane til dei litterære prisane for 2017 er i full gang, og vi har alt fått kåra dei første vinnarane. Det er éin roman som førebels ikkje har stått på nokon av listene, men som eg vil framheve som ei av dei særs gode og viktige bøkene i år: Thorvald Steens Det hvite badehuset.

Som den nyleg kåra Bragepris-vinnaren Tung tids tale av Olaug Nilssen, er Det hvite badehuset ein roman som veks i tanken etter at ein har lese han ut. Historia er fortalt på ein tilforlateleg måte, men viser seg etter kvart å gi skakande innblikk kor mykje meir av ei tragedie det var å bli ramma av ein sjeldan sjukdom for berre få generasjonar sidan, før legevitskapen vart så avansert som han er no. Romanen er også eit innspel i debatten om sortering av foster på grunnlag av genetiske disposisjonar.

Kroppen og tanken
Thorvald Steen tar utgangspunkt i den arvelege muskelsjukdomen han sjølv lid av, og som han også har skrive om i romanane Vekten av snøkrystallar (2006), Det lengste svevet (2008) og Balanse (2012). Han er elles kjend for ei lang rekkje historiske romanar som har gjort lukke internasjonalt. I årets roman går han bakover i familiehistoria.

Det heile startar med at ei ukjend kvinne ringjer og påstår at ho er søskenbarnet hans, og at ein onkel han aldri har kjent er død. Dermed er det duka for opprulling av ei familiehistorie så grunnleggjande prega av skam at det viser seg vanskeleg å i det heile tatt få mora til å seie noko om denne hittil ukjende delen av familien.

Komposisjonen er sett saman av glimt frå ulike tider, av minner og av biletrike skildringar av livet slik det møter sansane i noet. Spesielt slåande er ei fleire sider lang gjengjeving i sakte kino av korleis forteljaren dett ut av rullestolen: «Farten øker. Tar jeg meg for, vil håndleddet brekke. Snøen hviler lett på furutreets nåler utenfor. Blomstermånedene er for lengst forbi. Jeg faller videre.»

Slik skaper Steen eit litterært uttrykk for det å vere inni ein kropp ein ikkje fullt ut kan styre, kor merksam ein må vere på alle detaljar og korleis fysikken og biologien tvingar seg inn i medvitet. Det er høgst relevant for alle som har tenkt å leve inn i alderdomen.

I kontrast til desse uendelege sekunda, står tankespranga som går frå eigen barndom til forsøka på å skjøne historia som låg bak at mora som lita jente miste kontakten med både faren og broren. Forteljinga om kjenslene som prega familien då hovudpersonen fekk vite sin eigen diagnose, er sterk i seg sjølv. I tillegg blir det eit utgangspunkt for å leve seg inn i ein endå meir brutal lagnad: Det som hende med morfaren då han vart ramma av den same sjukdomen som ung far.

Tapte fellesskap
Det er ei vond historie å få innblikk i. Men Steen legg fram det tragiske utan å bli sentimental og opnar for høgst naudsynte refleksjonar rundt menneskeverd og livskvalitet. Det er brennbare eksistensielle spørsmål for folk i alle livssituasjonar: Kva gjer livet verd å leve, og kva er vi sjølv verde når vi har fysiske, psykiske eller sosiale manglar? Og ikkje minst: Kva misser vi om kjensler av skam blir styrande for livet?

Møtet med det «nye» søskenbarnet gir eit perspektiv på det siste. Når han får høyre om livet til den avlidne onkelen, får han glimt av ein tapt fellesskap som kunne ha gjort hans eige liv enklare då han vart konfrontert med sjukdomen som han – heldigvis feilaktig – trudde ville ta frå han alle sjansar til å oppleve kjærleik og lukke.

Det kan til tider vere litt vanskeleg å halde styr på kven som er kven i ei historie som handlar om foreldre og barn gjennom tre generasjonar. Men det er vel verd innsatsen. Det hvite badehuset er ei velskriva og viktig historie om øydeleggjande skam og frigjerande aksept.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: