Hilde Johansen: En foreløpig verden

Nye kart for ei gamal verd: Hilde Johansens sterke debutdikt gir rom til både gleda over kunnskap, angsten og gåta.

«Åra med barn i huset går så fort, dei er over før du veit ordet av det», har eldre folk ofte sagt til meg når dei høyrer at eg synes livet med tre born er travelt. No har eg kome så langt at eg tar til å skjøne kva dei snakka om, men samtidig veit eg at dei siste tretten åra har vart lenger enn eit århundre. Men det er noko som ikkje går opp. Eg var nyleg ung og lovande. Så vart det nattevåking, klesvask, henting, bringing og loppemarknader, minutt for minutt for minutt. Og no uroar eg meg for kva eg vil få i pensjon. Tida går sakte, men livet går fort. Verda blir mindre og mindre, men er ufatteleg i så mange dimensjonar – og likevel verkar det som ho er i ferd med å bli øydelagd.

Mitt eige liv er ei enorm potensiell feilkjelde (truleg i eitkvart resonnement), men eg har inntrykk av at Hilde Johansens debutsamling uttrykkjer liknande erfaringar. Den talande tittelen er En foreløpig verden, og her er eit av dikta kor motsetnaden mellom den store verda og det korte livet kjem fram:

Høy som en drage
Det er jorden denne gangen,
jeg elsker jorden, og utsikten
er uforståelig

Som når øynene dine vokser
mot uendelig og krymper
all denne

vitenskapen
å ta innover seg
på en slik livslang reise,

kun livslang

Det dominerande motivet i diktsamlinga er oppdagarar og kartografar, dei som på vegne av vår kulturkrins har lagt verda «under seg» både fysisk og i abstraksjonar. Det er ikkje eit uvanleg motiv i litteraturen, men Johansen nyttar det godt. Ho har skrive konsentrerte dikt som viser at poesien er ei eiga form for oppdaging. Samtidig yter ho motstand mot tanken om at verda let seg kartleggje ein gong for alle.

Les resten av meldinga på Littkritikk.no

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: