Olaug Nilssen: Tung tids tale

Å stå i det: Tung tids tale er eit sterkt og rått portrett av ei kvinne som har kjempa lenge og ikkje gitt seg.

Det er ein lang og tung veg som ligg mellom den lattermilde tabuknusinga i Olaug Nilssens gjennombrot som forfattar, Få meg på, for faen frå 2005, til fortvilinga og sinnet som pregar årets roman, Tung tids tale. I mellomtida har ho gitt ut både sakprosa, barnebøker og skodespelet Stort og stygt, kor ho starta handsaminga av emnet ho no tek vidare: Å bli foreldre for første gong og oppdage at barnet ikkje utviklar seg slik som alle andre. Når krava om meir omsorg oppstår, er det ikkje anna å gjere enn «å stå i det» – men kva gjer ein eigentleg når kreftene tar slutt?

Tunge tak
Tittelen Tung tids tale er henta frå det kjende diktet til Haldis Moren Vessas. Men i romanen blir oppfordringa i diktet («Alt du kan løfte av børa til bror din, må du ta på deg.») ein utmattande realitet for ei mor som er på randen både psykisk og fysisk etter å ni år med ein son som må ha hjelp til alt, og som slåst og stikk av. Det er òg to yngre born i familien. At det også er arbeidskrevjande å skaffe den avlastinga familien sårt treng, legg stein til byrden.

Romanen er skrive i «du»-form og dedusert til sonen Daniel. Sentralt i handlinga står det byråkratiske kravet om at foreldra til guten må gå med på at han blir diagnostisert, ikkje berre som autist, men som psykisk utviklingshemma før han kan få 100 døgn i året på institusjon. Dei strittar imot i det lengste – for dei hugsar jo alt han fekk til før, dei ser nyansane i han som forsvinn bak ein slik diagnose.

Det er hjarteskjerande å lese om møte med velmeinande naboar og offentleg tilsette, om skamma ho kjenner av tanken på at dei synest ho ikkje gjer ting rett, at ho burde ha klart meir. Ho kjenner også frykta at ho kan kome til å slå sitt eige barn – og rettferdiggjere det.

Sjeldan har vel det litterære verkemiddelet gjentaking vore meir på sin plass enn i skildringa av omsorgsrutinar ein skal gjennom fleire gongar kvart bidige døgn. For ikkje å snakke om det fysisk og emosjonelt krevjande i å ikkje bli møtt med kjærleik, men med vald av barnet ein elskar så høgt:

«Lenge visste eg ikkje kva eg skulle gjere når du slo meg og beit meg. Du slo meg. Eg sa nei og flytta handa di roleg tilbake. Du slo meg. Eg sa nei og flytta handa di roleg tilbake. Du slo meg. Eg sa nei og flytta handa di roleg tilbake. Du slo meg, og eg brølte. Du beit meg, og eg banka i veggen.»

Kjærleikssongar
Men her finst òg gode augneblinkar kor mor og son finn kvarandre i opplevinga av naturen, eller kommuniserer med memorerte songstrofer. Kontrastane er store, dermed vert det nesten magisk når sonen i baksetet plutseleg seier «Jeg tror jeg elsker deg» og mora etter å ha stogga bilen og gjengjeldt kjærleikserklæringa kan svare med ei strofe frå den rette songen.

Nilssen gir ser her ut i same landskap som Lars Amund Vaage gjorde i Syngja (2012), kor han skildra livet med ei autistisk dotter. Vaages historie dekte eit lengre tidsperspektiv og hadde meir rom og ro til refleksjon. Nilssen si bok er tøffare og tettare på nylege erfaringar – til dømes sluttar romanen med gjengjeving av eit brev med avslag på søknad om omsorgsløn, datert 18.05.2017.

Det er mykje det er vanskeleg å skjøne utan å ha opplevd det sjølv, men i dette tilfellet skal det ikkje så mykje fantasi til: Alle som har hatt ansvar for små born veit kor slitsamt det kan vere, og så les ein om alt som her kjem i tillegg. Det er modig av Olaug Nilssen å skildre så direkte ein situasjon det er offentleg kjent at ho sjølv lever i. Romanen er som eit skrik: Rå, sår og sterk. Det er lyden av ei kvinne i kamp, ei som alt har kjempa lenge og ikkje gitt seg.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: