Paal Maage Elstad: Lysmøkk

Det skumle kretsløpet: Trass den knappe, prosaiske stilen merkar ein at Paal Maage Elstad si andre diktsamling har både eit distinkt lynne og eit intellektuelt prosjekt. Dette er gode dikt.

Lysmøkk er ein tittel ein legg merke til. Etter å ha lese gjennom samlinga eit par gongar, ser ein at dette samansette ordet femner omgrepspar store som eksistensen sjølv: Liv og død, skaping og forfall, natur og kultur. Diktet tittelen er henta frå, går slik:

Solen sparker fra fjelltoppen
og fortsetter oppover

Vi blir igjen synlige
for hverandre
i
ekskrementskyen
den dumper over oss

Skjære                    Poet

Bøtte på bøtte med lysmøkk

At lys på denne måten blir framstilt som skit, er stikk i strid med det vi er vande med å tenkje om lys som symbol for alt som er godt – noko som straks får meg til å tenkje både på modernismens barndom i og med Charles Baudelaires Les fleurs du mal (1857, på norsk Det vondes blomar, Haakon Dahlen, 2014) og den dada-inspirerte, finlandssvenske poeten Gunnar Björlings (1887–1960) vilje til å provosere med formuleringar som «Gud och excrement». Samtidig kan ein tenkje seg både at lysstråling er eit slags avfallsprodukt frå forbrenninga på sola, og at det lyset gjer synleg for oss, ikkje alltid er så lekkert. Poeten blir, som skjæra, ein som plukkar opp alle dei små tinga lyset blinkar i, om det er skattar eller søppel.

Når eg tenkjer på det no, slår det meg at både lys og møkk er livgivande; begge delar driv vidare det kretsløpet eksistensen er. Det er eit sentralt motiv i Lysmøkk.

Les resten av meldinga hos Littkritikk.no

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: