Vegard Sæteren: Håndbok for flyktninger

Sprikande staur: Vegard Sæterens debut blandar ulike stemmer og stilnivå, alvor og satire. Eg saknar skarpare formulert kritikk.

Det er ei vanleg innvending mot dikt at dei er for vanskelege å skjøne. Og ja, det finst ein del poesi som krev stor tolkingsevne og forkunnskap – eller vilje til intensiv googling. Riktignok legg mange for stor vekt på intellektuell forståing – å lese dikt handlar òg om å vere open for andre måtar å oppleve på enn den rasjonelle. Men i dikt med gåtefulle metaforar og lærde referansar er det i alle fall mykje å ta tak i.

Eg synes at det kan vere vel så utfordrande å tolke tilsynelatande svært enkle dikt, og i den kategorien kjem Vegard Sæterens debutsamling Håndbok for flyktninger. Eg skriv «tilsynelatande», for det må jo ligge noko meir under når éi side berre inneheld dette: «Jeg liker å sitte inne og lese bøker». På sida før stod det: «jeg vurderer å kjøpe en seilbåt». Og på sida etter:

Jeg liker
å stå under et tre
om høsten
når bladene er gule
og røde

Tekstane er tatt ut av ein større samanheng i kapittelet «dialoger», og er eit døme på at koplingane mellom dikta, og  mellom dikta og konteksten dei må lesast inn i, kan vere vel så viktig for tolkinga som form og innhald i éit dikt. Sæteren nærmar seg altså ein «postpoetisk» praksis kor sjanger betyr lite (mellom anna står det ingen stad i boka at dette er dikt), og kor det sentrallyriske diktareget ikkje står i sentrum. I staden møter vi eit uttrykk som stadig endrar seg, og ulike stemmer som ofte – men ikkje alltid – er brukt ironisk eller satirisk.

Les resten av meldinga hos Littkritikk.no

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: