Håvard Nilsen: Litt som den sangen

Demokratiske dikt: Håvard Nilsen skriv lett tilgjengeleg om kor eksistensielt viktige estetiske erfaringar kan vere, men manglar formuleringane som skjer inn til kjernen.

Vi har alle vore der: Hatt ei så sterk oppleving av ei låt, eit dikt eller ein film at vi berre må dele med andre – og kjent fellesskapen i å like det same. Med diktsamlinga Litt som den sangen gir debutant Håvard Nilsen eit metaperspektiv på fenomenet gjennom ei rekkje konkrete og kommenterte døme.

Lydspor til livet
«Til Monica» står det på tittelbladet. I tillegg er det følgjande sitatet frå ein roman av Jon McGregor brukt som epigraf: «If you listen, you can hear it. / The city, it sings.»

Begge deler karakteriserer samlinga godt: Nesten alle dikta tar utgangspunkt i dei sams opplevingane til eit kjærastepar som stadig er på farten til nye byar og landskap. Passande nok startar første dikt in medias res, altså midt i ei pågåande hending: «og da vi kjørte over broen og inn i verden, satt jeg i forsetet / jeg hørte på Fear of a Blanket Planet og skjønte at Porcupine Tree / visste noe som jeg trengte å vite». Det er altså ikkje berre byen eller opplevinga av byen som «syng», det er verkeleg musikk som blir spelt i konkrete situasjonar dei seinare for alltid vil minne om, slik vi alle har erfart.

Men skildringane viser også at musikk, litteratur og film er langt meir enn tilfeldige, estetiske minneforsterkarar. Kunst formar snarare korleis vi opplever liva våre. «føles ikke dette litt som det diktet» er ein typisk replikk i dikta.

Les resten av meldinga hos Littkritikk.no

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: