Jan Kjærstad: Berge

God og dårleg etterpåklokskap: Kjærstads kritiske refleksjonar om mekanismar i eit tragedieramma samfunn er interessante, men pedantiske.

For eit par år sidan etterlyste Jan Kjærstad eit større register av vurderingskriterium i litteraturkritikken, éit utslag av viljen og evna han ofte har vist til å gå på tvers og pirke i vanetenking. Når han no gir ut ein roman kor hendingane er tydeleg inspirert av traumet frå 22. juli 2011, passar det å vurdere verket etter kriteria han sjølv stilte opp: Tankekraft, «besynderlighet», originalitet, etterglød og veikskap.

Tankekraft
Tittelen Berge er etternamnet til ein av tre forteljarar, men har òg andre dimensjonar. Handlinga startar med at journalisten Ine Wang får vite at fem menneske er drept på bestialsk vis i ei hytte. Mellom dei den profilerte politikaren Arne Storefjeld, som ho skriv biografi om. Dermed skal tragedien vise seg å «berge» karrieren hennar. Samstundes startar jakta på ei logisk forklaring og ein gjerningsmann som skal «berge» samfunnet frå redsla for tilfeldig vondskap ein ikkje kan verje seg mot.

Påpeikinga av at tragediar kan ramme av årsaker det er vanskelege å skjøne, eller til og med finne, er viktig og god. Men samtidig er det noko lettvint ved dei kritiske aspekta i boka.

Handlinga er lagt til 2008, til det vi i dag tenkjer på som ei meir uskuldig tid. Men dermed er det først og fremst etterpåklokskapens lys som spreier seg gjennom diverse analyser og spådomar som blir presenterte gjennom dei fiktive personane. Ja, det finst nok folk med viktige innsikter som ikkje blir høyrt før det er for seint, men desse idealiserte typane som Kjærstad har ein forkjærleik for, er ganske irriterande.

Eg lurer også på kor godt tenkt det eigentleg er å løfte peikefingeren mot at somme yrkesgrupper tente på dei tragiske hendingane. Er ikkje ein del slike mekanismar uunngåelege uansett kor mykje eller lite sorg den einskilde kjenner? Kritikken kviler pedantisk på ein uklar formulert tanke om sinnelagsetikk, med den uvillege dommaren Berge som ideal.

Etterskurr
«Besynderlighet» er i Kjærstads essay «Hva gjør en roman god?» eit ord for å tørre seg inn i det vonde eller ufattelege. Med Berge gjer han sjølv det på samfunnsnivå. På individnivå er det nærmaste han kjem skildringa av den lite rasjonelle måten forteljaren Berge reagerer på tragedien på, kanskje inspirert av Albert Camus Den fremmede.

Komposisjonen er elles tradisjonell, ikkje original. Det mest påfallande – men likevel basisen for all fiksjonskunst – er at forfattaren kommenterer verkelege hendingar utan å seie direkte at det er det han gjer. Aspekta han tar for seg er aspekt av kollektive erfaringar trekt ut av kontekst, noko som både minskar kompleksiteten og fungerer som gardering. Men referansen er heile vegen klar. Ine Wang ser til dømes Hovedøya i Oslofjorden «fra en ny vinkel, og det er noe med omrisset som gjør det til den fremmed øy, en ubehagelig øy, en øy jeg har klart å flykte fra (…)». Kven kan anna enn å sjå Utøya for seg?

Kriteriumet «etterglød» gjeld i kor stod grad lesaropplevinga blir hengande i ein og endrar seg etter lesing. Som de skjønar, har eg i ettertid vore mest oppteken av kor godt den implisitte kritikken treff. Eg trur eg må kalle det «etterskurr». Kjærstad skal ha for at han tør å ta opp at tragediar som rammar nært, men ikkje personleg, faktisk kan ha ein vitaliserande effekt. Men skildringa av statsministeren som haustar politisk gevinst av rolla som sørgjande landsfader, synes eg er på kanten med tanke på dei verkelege hendingane i 2011.

Veikskap og fine vanar
At Kjærstad lanserte «veikskap» som vurderingskriterium, heng saman med at det dårlege kan vere uløyseleg knytt til kvalitetane. Handlinga i Berge er tydeleg konstruert for å reflektere over ein gitt situasjon, noko som blir ekstra tydeleg når krimgåta får si løysing. Men det er ein slik positiv veikskap, gitt at refleksjonen rettferdiggjer han.

Ein veikskap som derimot godt kunne vore retta utan tap, er mengda detaljar om mat, drinkar, arkitektur og andre fine vanar. Spesielt dommaren Malm presenterer ein nær uuthaldeleg flaum av forbruksfakta, langt utover det som trengs for å skjøne kva type han er. Graham Green kunne gjort det med éi setning.

Om ein også skal trekkje fram kriterium vi vanlegvis vurderer etter, så har Berge spesielt i starten stor språkleg driv bygd på humor, indignasjon og intellektuell trass. Og mot slutten veks det fram ei medrivande spaning, som trass skepsis undervegs gjorde at eg vart skuffa over den brå slutten. Kjærstad har altså fått mykje ut av å ta opp emne vi enno treng å arbeide med etter 22. juli. Han også.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: