E.T.A. Hoffmann: Hannkatten Murr – hans liv og meninger, som også inneholder kapellmester Johannes Kreislers fragmentariske biografi på tilfeldige makulaturblad. Bind 1

Klassisk komikk: Eit to hundre år gamalt meisterverk gjer kjærleg narr av litterære heltar – også våre samtidige.

Tyske E.T.A. Hoffmanns klassiske verk frå 1819 som no er å lese i Christian Heyerdals rike vokabular, får ny, satirisk relevans for oss som har Karl Ove Knausgårds patosfylte utbrot friskt i minnet. Høyre berre:

O, synet! Er ikke det en vidunderlig, herlig vane, en vane uten hvilken det ville vært vanskelig å klare seg i verden overhodet?

Det er den lærde hannkatten Murr som i slike vendingar deler livshistorie og tankar. Men han fører ingen indre kamp mot skam og depresjon. Tvert om har han «den sikkerhet og ro som er medfødt hos et sant geni», og skriv filosofisk-sentimentale didaktiske verk – eit humørfylt spark til Rousseau og kanskje også Goethe.

Den ville fantasien og dei brå skifta mellom kattetalen og fragment frå den muntre biografien som er nemnd i tittelen, har gitt romanen plass i litteraturhistoria som eit nyskapande meisterverk. Hoffmann var sjølv romantikar med sans for det demoniske og mystiske. At menn med store tankar og kjensler skildrar sine mest kvardagslege livsminne inngåande, er likevel noko han ser ut til å stille seg kritisk til. Humoren får nok nye dimensjonar av møtet mellom eit no alderdommeleg språk og vår eiga tid, men kanskje har vi også noko å lære av det lettbeinte og kjærlege i ironien?

Dei komiske kontrastane i romanen skaper lesefryd ikkje ulik den Italo Calvinos mest fantasifulle skrifter byr på. Eg lo i alle fall høgt og ofte – for første gong denne bokhausten.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: