Maia Kjeldset Siverts: Det ble en rotte!

Mykje rart om kjensler: Underleggjering blir underhaldning når debutant Maia Kjeldset Siverts erstattar psykologisk realisme med psykologisk absurdisme.


Den som er lei autofiksjonen kan no glede seg over ei litterær vending mot det absurde: Maia Kjeldset Siverts debuterer med forteljingar som alle er meir eller mindre absurde, meir eller mindre vittige. Ei kvinne som har kasta seg frå balkongen og døydd, kjem attende for å straffe kjærasten ved å ete seg sjølv framfor han. Eller mindre dramatisk: At ein ikkje kan grine på trikken fordi «Tårer regnes som forsøpling av offentlige rom». Her kan vi trygt snakke om underleggjering.

Fantasiparade
I eit forord på to setningar opplyser forfattaren om at «Alle mine tekster handler om emosjonsregulering» – eller mangel på det, kan ein vere freista til å legge til. Her er det den barokke overdrivinga som gjeld, noko som til dømes viser seg bruken av utropsteikn. Det tydelege opprøret mot at god litterær smak er det avdempa og underforståtte, gjer at Siverts slektar tydeleg på Ingvild Schades absurd-satiriske debutroman Drammens rekordbok frå 2015.

Lengda på forteljingane varierer frå nokre få linjer til nokre få sider, og dei kan handle om vennskap mellom machomenn, menn som er særs velluka, menn ein ikkje kan kjenne seg trygg på, par som går på teater, par som har sex, kvinner som blir heime på laurdagskvelden for å onanere og kvinner som et halve rosiner fordi dei kjenner seg som elefantar.

Tekstane demonstrerer ein vill kreativitet, men forfattaren har også gjort gode observasjonar av korleis ulike folk ter seg. Fleire av forteljingane er i realiteten karikaturar, til dømes av verdsmeister-mannen i «Han oppdaget verden først» eller forfattardebutanten som veit å iscenesetje seg sjølv i «Den neste Vigdis Hjorth».

Men dei fleste forteljingane manglar ein tydeleg tendens som gjer dei til satire. I «En slem fyr» fantaserer ei kvinne om at kjærasten har sex med ei anna kvinne medan ho sjølv ser på: «Jeg vil like å se deg ta en jente på nitten bakfra.» Det er ein tekst det er vanskeleg å plassere, til gjengjeld er det rom for tolking. Det blir litt som å lese dikt, ein treng ikkje å kunne stave ut ein bodskap i alt.

Omvendt psykologi
Det er enklare å more seg på ukomplisert vis over teksten «Hopp, snakk, spis» som berre i formuleringa verkar som ein bestialsk parodi på sjølvrealiseringsfilmen «Eat, pray, love»; det er her vi møter liket som et seg sjølv framfor kjærasten. Eller med «En venn er en av samme kjønn», kor Siverts karikerer mannlege venskap på eit vis som kombinerer bitter feministappell med festlege litterære referansar: «Han begynte å bruke ordet ømhet etter at kjæresten ga ham en intimitetsroman av Geir Gulliksen».

Og der har vi eit stikkord som kan karakterisere utgjevinga negativt: Dette er så langt unna ein «intimitetsroman» det er mogleg å kome. Psykologisk realisme om emosjonelle drama basert på verkelege hendingar er erstatta med kriminelle menn kalt Rotta som snakkar i store bokstavar og utropsteikn – eller med ei kvinne som vil bruke menn som muser for kunsten slik Picasso gjorde, og difor ringer Tomas Espedal.

Likevel er det ingen mangel på psykologisk innsikt her, dei er berre formidla på ein meir skrudd måte. Mari Kjeldset Siverts kombinerer innfall i overflod med evna til å formulere seg både uventa, kortfatta og humoristisk. Resultatet er i hovudsak godt: På sitt beste er ho særs underhaldande, på sitt verste berre litt forvirrande.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: