Det må vere nokon som elskar nokon. Kjensler og politikk i litteratur og kritikk

«the very effort of thinking the aesthetic and political together […] is a prime occasion for ugly feelings.»  – Sianne Ngai

I ein samtale med forfatterkollega Kristine Næss på Litteraturhuset i Oslo vinteren 2016 ga Anne Oterholm uttrykk for ein politisk intensjon bak romanen Liljekonvallpiken (2015): Etter å ha opplevd kor misvisande media si framstilling var i ei sak ho sjølv kjende godt, ville ho vise kor lett vi tar historier på alvor sjølv når forteljaren heilt tydeleg er upåliteleg.

Litt seinare same kveld fortalde ho at ho aldri får heilt sving på skrivinga før ho har funne ut kven forteljaren er som person, og kva som motiverer hen til å fortelje om hovudpersonen. «Det må vere nokon som elskar nokon», sa ho.

På denne tida var eg midt i arbeidet med teksten du les no, og det slo meg at dei tilsynelatande ulike innblikka i Oterholms skriveprosess viste ein grunnleggjande samanheng mellom politikk, kjensler og litteratur. For kva er det som motiverer oss til å fortelje? Og kvifor reagerer vi så sterkt når vi er usamde om kva som sant – slik vi har sett det demonstrert i debatt om «virkelighetslitteraturen»? Det handlar om definisjonsmakt.

Eg trur det kan seiast så enkelt som at det er kjensler som gjer litteraturen politisk potent. Det følgjande er eit forsøk på å dra lange linjer og tenke vidare rundt kva fokus på kjensler kan tilføre samtalen om politiske dimensjonar i litteraturen.

1.
Den generelle samanhengen mellom affekt og politikk er openberr; politikk handlar om prioritering og fordeling av materielle og immaterielle verdiar som formar livet vårt på heilt grunnleggjande vis. Kjensler er difor både ein reaksjon på og eit uttrykk for korleis det står til med den heilt sentrale balansen mellom individ og samfunn, særinteresser og sams interesser. Mangel på emosjonelt engasjement kan vere eit samfunnsproblem for eit demokrati basert på politisk deltaking. Ein viss friksjon er også eit naudsynt grunnlag for identitetsdanning og kjensla av å høyre til i ei gruppe. Men blir konfliktane for store, trugar vald og samanbrot av samfunnsordenen.

No om dagen kjennest det som verda nærmar seg slike tilstander. At mange no snakkar om «kjenslesamfunnet», er det grunn til å sjå i samanheng med den aukande økonomiske ulikskapen Thomas Piketty har påvist og dei negative, samfunnsmessige konsekvensane Kate Wilkinson og Richard Pickett har vist oppstår som konsekvens av ulikskapen. Den teknologiske utviklinga styrkjer tendensen: Filosofen Paul Virilio har skildra korleis oppheving av avstand i tid og rom gjennom nyhende og sosiale medium på internett forsterkar dei bølgjene av affekt som oppstår som reaksjonar på politiske handlingar. Kjensler har dermed fått større kraft til å påverke politikken. Dette gjer det naudsynt å skjøne samspelet mellom intellektuelle vurderingar og kjensler betre.

«Følelser er […] desto mer i vår makt, og sjelen er desto mindre passiv i forhold til dem, jo mer kjente de er for oss», les vi hos Spinoza. Eg har med åra begynt å tenkje at mykje av det vi kallar rasjonalitet, i realiteten er etterrasjonalisering, og at vi alle systematisk overvurderer vår eigen rasjonalitet og undervurderer andres. Så eg tolkar Spinoza dit at den som ikkje kjenner sine eigne kjensler, truleg blir styrt av dei i større grad enn han sjølv trur. Det er ein tanke verd å ta med seg inn i både politikken og litteraturkritikken.

Les den komplette artikkelen med fotnotar og litteraturliste på nettsida til Vinduet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: