Elena Ferrante: Svikne dagar

Livmorskrift: Elena Ferrante gjer kompromisslaus feminisme til kompromisslaus litteratur. Det gir henne stor litterær styrke med ein liten, innebygd veikskap.

«Å skrive er i røynda å snakke frå djupet av livmora». Sitatet er henta frå Svikne dagar, den andre romanen som vart gjeve ut under psevdonymet Elena Ferrante i Italia, åtte år etter debuten i 1994. Boka er omsett til norsk av Kjerstin Sørsdal, som nyleg vart nominert til Kritikerprisen for beste omsetjing for Napoli-kvartetten (Mi briljante venninne).

Politisk kraft
Det er tobarnsmora Olga som kjem med den særs kjønna påstanden om skrift. Ho har blitt forlaten av ektemannen og må dermed innsjå at ho er underlagt dei same nedverdigande vilkåra og kjenslene som dei kvinnene ho tidlegare har avskrive som «sentimentale fjols».

Det er faktisk ganske artig når ein tenkjer på det: At Elena Ferrante blir omtala som ein av dei største forfattarane i vår tid for bøker som har mykje sams med den litteraturen som i mange tiår vart foraktfullt avskriven som «kvinnelitteratur». Ein kan lure på om suksessen til Ferrante eit teikn på at tidene har forandra seg.

Kanskje har likestillingskampen endeleg kome så langt at kvalitetane i tydeleg feministisk litteratur blir gjenkjent utan fordommar? Eller kan det også vere slik at eit tydeleg feminist- og klasseperspektiv blir oppfatta som litterær kraft fordi vi har sett så lite politisk litteratur dei siste tiåra – slik at haldningane til det politisk ladde har snudd?

Spørsmål som dette kan bli avviste med påstandar om at litterær kvalitet er noko reint språkleg som ikkje kan brytast ned til sosiale haldningar. Men ser ein på Ferrantes bøker, er innhaldet, forteljestilen og ikkje minst energien i skildringane uløyseleg knytt til det feministiske prosjektet.

Rasande realisme
Som i den bejubla Napoli-serien, har Svikne dagar ein litterær stil ein kunne kalle analytisk realisme; forteljaren er glad i å forklare verda. Samstundes hentar Ferrante emosjonell kraft i tøffe sosiale og psykologiske realitetar som ho veit å gi konkrete uttrykk: Når alt til slutt raser saman for Olga, klarer ho plutseleg ikkje å låse opp si eiga inngangsdør og er dermed stengt inne med to born og hund. Og ho må be den sju år gamle dottera om å stikke henne med brevkniven kvar gong ho misser grepet og forsvinn inn i dei vonde tankane.

Språket er nøkternt og konkret, men rommar likevel kaoskreftene som trugar når kjenslene blir så sterke at vissa om kven vi er og kva som er verkeleg forsvinn. Skildringa av korleis Olga kjempar for å halde seg tilrekneleg og handlekraftig er lysande; utan å verken overdramatisere eller underslå den intense smerta klarer Ferrante å portrettere eit sinn på grensa til samanbrot.

Eg er imponert over kor kompromisslaust Ferrante løftar fram særskilt kvinnelege erfaringar, både opprørande og trivielle. Her ligg mykje av den litterære kvaliteten: Sinnet over urettferda i ulike vilkår og roller for kjønna verkar frigjerande og skaper ein intensitet i uttrykket som minner om Vigdis Hjorths Arv og miljø. Slik blir til dømes romantikken punktert: «Vi konsumerer og mistar livet fordi ein eller annan i ei fjern tid ønskte å tømme pikken sin i oss og var så vennleg at han valde nettopp oss blant kvinner.»

Tvieggja sverd
Men når krisa er over, blir den 50 sider lange avrundinga skuffande tam. Saman med kjærleiken, hatet og sorga forsvinn også intensiteten, attende blir berre ei summarisk oppsummering av korleis Olga får oppreising på det eine feltet etter det andre. Det er noko med denne insisteringa på at orden og rettferd må gjenopprettast som dreg i retning av populærlitteratur.

Sterke kjensler og meiningar er tvieggja sverd; ein vinn litterær kraft, men det kan gå ut over finmotorikken. Men i dei beste partia viser Svikne dagar med skakande effektivitet korleis dei ytre livsvilkåra og vår indre verd blir til i eit komplisert og ofte smertefullt samspel.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: