Rebecca Solnit: Menn forklarer meg ting

Fengslande ord, frigjerande fantasi: Rebecca Solnit viser at kvinnekamp er kamp om definisjonsmakt. Men der definisjonane blir for tronge, kan kunsten opne nye perspektiv.

Rebecca Solnit er den amerikanske, radikale og feministiske essayisten som har gitt opphav til termen «mansplaining»: At ein viss type menn tar det for gitt at det er deira oppgåve i livet å forklare andre, og då spesielt kvinner, korleis verda henga saman. Det starta med anekdoten om ein mann som belærte Solnit om ei viktig bok ho absolutt måtte lese: Ho kom ikkje til orde lenge nok til å få sagt at det var ho som hadde skrive boka.

Tittelessayet i samlinga Menn forklarer meg ting frå 2008 brukar dette som utgangspunkt for å skildre ein kulturell situasjon kor kvinner må kjempe seg gjennom ein mur av mistru til deira faglege kompetanse, mentale helse og truverd. Solnit drar linja frå dei meir subtile hersketeknikkane til seksuell trakassering og grov vald, og utdjupar med fleire vinklingar i dei følgjande essaya.

Hakkeorden
Solnit gjer ein viktig og god jobb med å presentere fakta og vise samanhengar på ein velformulert og medvitsskapande måte, men spesielt i dei tidlege essaya fører ho ikkje resonnementa langt nok. Ho har ein tendens til å la alt peike i retning av ein spesifikt mannleg mentalitet, og det er det vanskeleg å godta når ein har levd eit norsk, sosialdemokratisk likestilt liv fullt av ansvarlege og omsorgsfulle menn.

Samstundes har eg også sett kva sterk konkurransementalitet gjer med ulike fagmiljø; der lever dei primitive maktmekanismane ofte godt i dekkje av politisk korrekt retorikk. Det Solnit kallar «Kassandra-syndromet» er ho heller ikkje aleine om å ha observert. Siri Hustvedt skriv i romanen Denne flammende verden (2015) også om at kvinner som har prøvd å hevde seg mot menn gjennom historia har blitt avskrivne som gale, manipulerande og uærlege av natur.

Slikt er det vanskeleg å sjå som anna enn nyttige fordommar mot dei som er annleis enn ein sjølv. Men når det gjeld vald mot kvinner, trur eg  forklaringsmodellar som ser kjønn i ein større sosioøkonomisk kontekst er naudsynte om ein vil skape forandring.

I nokre essays koplar Solnit kjønnsdiskriminering til global urettferd, men utan å eigentleg seie noko om mogelege årsakssamanhengar. Først mot slutten kjem ho flyktig inn på perspektiva eg saknar, nemleg korleis «status quo er nedbrytende også for menn».

Eg er overtydd om at så lenge samfunn er organiserte på måtar som skaper statusangst i stor skala, vil frustrasjonen slå «nedover» i hakkeordenen mot dei som står svakast fysisk og sosialt. Det rammar også menn, men flest kvinner og barn. Men menn øvst i hierarkiet praktiserer også kvinneforakt, viser Solnit. Ser vi til USA akkurat no er det lett å gå ut frå at det er fordi skruppellause menn med trong til å dominere lettast når toppen i individualistiske, konkurranseprega samfunn.

Ei open framtid
Det beste essayet i samlinga er «Woolfs mørke». Lesinga av Virginia Woolf tilfører Solnits i utgangspunktet noko kampanjeprega skrivestil nyansar og openheit, og denne vidare tilnærminga til spørsmål om frigjering er i seg sjølv frigjerande: Når ein toler å leve med det usikre og det ukjende, kan det opne fantasien for frigjerande tankar med kime til opprør. Det er også ein god porsjon håp i påstanden om at framtida kan bli heilt annleis enn vi trur fordi «det usannsynlige og uforutsigbare inntreffer nokså regelmessig».

Essayet blir slik ein potensielt sjølvkritisk korreks til all politisk idealisme; det gjeld å skape merksemd om reelle problem utan å skape skiljeliner som ekskluderer mogelege allierte. Vi må halde samtalen open, ikkje kjempe om å få siste ord!

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: