Pia Edvardsen: Vi var aldri brødre

Eit spel mellom veikskap og styrke: Debutant Pia Edvardsen skriv innsiktsfullt, men tamt om jenter med autoritær far.

Vi var aldri brødre er den litt mystiske tittelen på Pia Edvardsen lille, kvite debutroman som har eit idyllisk bilete av to småjenter på omslaget. Forklaringa kjem berre nokre få sider ut i teksten, i ei scene der ein familie med far, mor, to døtrer og ei dement farmor grillar pølser på stranda. Faren ertar jentene med å insistere på å kalle dei gutar: «Nei nå har vi det fint, gutter».

Utsegna viser seg å vere meir enn spøk for faren som oppdreg den eldste dottera med knallhard fysisk disiplin. For meg er det beste i boka innsikta i kva ein kan og ikkje kan oppnå gjennom kontroll.

Inkonsekvens i form
Det startar med at den eldste dottera kjem til familiegarden ved Narvik for å vere saman med faren medan farmora ligg for døden. Det set ramma for eit portrett av faren og ei familiehistorie som ikkje er meir dramatisk enn familiehistorer flest, men som nok tar mange, norske familiar på kornet.

Faren lever opp til eit tradisjonelt mannsideal om få ord og hardt arbeid. Og Edvardsen gir ei fin og innsiktsfull skildring av relasjonen mellom faren, som bak sitt tjukke skal av maskulinitet heilt tydeleg gjer sitt beste for dei han er glad i, og dottera – som på si side gjer alt ho kan for å kome faren i møte og bøte på sin største feil: At ho ikkje er gut.

Språket er knapt og nedtona utan sprell av noko slag, og oppbygginga er også tradisjonell. Det rommar likevel mykje, men det er noko inkonsekvent i formspråket. På den eine sida satsar forfattaren på å få fram dynamikken i familien gjennom konkrete skildringar, men samstundes lar ho eg-forteljaren eksplisitt setje ord på viktige element i underteksten: «Jeg lurer på om han noen gang har savna å ha en sønn. Det må han ha gjort.»

Slik familien er framstilt, verkar dette som eit faktum ein skulle tru søstrene var svært klar over og dermed ikkje trong å lure meir på. Når Edvardsen lar forteljaren berre så vidt gå inn i emnet, verkar det konstruert og overtydeleg. Det ville vore meir overtydande om ho enten tenkte mykje meir på det, eller tok det for gitt.

Autoritær avmakt
Romanen blir tannlaus og litt keisam av å mangle dynamikk og konflikt. Farsportrettet lener seg også tungt på Per Petterssons Ut og stjæle hester, spesielt når Edvardsen ved fleire høve understrekar kor stor vekt faren legg på mental kontroll over kroppen. Det som likevel gjer meg positiv til Edvardsens debut, er at ho i ein kort tekst set i gang mange tankar om roller, makt og identitet:

Dottera fortel at faren alltid gjorde som kona ville – til han forlet henne. Til gjengjeld styrde han si eldste dotter med hard hand, medan ho igjen rådde over lillesøstra. Men storesøstra som var den suverene i barndommen, kjenner seg som vaksen underlegen den ein veikare og meir «jentete» lillesøstra. Ho har nemleg funne plassen sin i eit tradisjonelt familie- og arbeidsliv, medan forteljaren slit med å slå seg til ro. Ho har beinhard mental og fysisk kontroll, men får ikkje sove når angsten grip henne om kvelden. Det illustrerer godt spelet mellom styrke og veikskap som fins i oss alle, og som også pregar familielivet.

Å vere pappajente skal vere eit godt utgangspunkt i livet, og vi veit at det er ein ressurs for den einskilde å ha både typisk mannlege og kvinnelege eigenskapar. Dermed er romanen ikkje så mykje eit innlegg i kjønnsrolledebatten som ei forteljing om korleis familiemedlemmer formar kvarandre. Og om det som ikkje lar seg tvinge fram ved disiplin: Tryggleik og sjelefred. Edvardsens bok gir derimot ro til å tenkje.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: