Terje Holtet Larsen: Angiveren

Eller noko i den stilen: Terje Holtet Larsen er desillusjonert og rasande – rasande vittig.

Kven er det Angiveren tystar på? Det er mange forfattarar som kommenterer debatten om sanning og litteratur denne bokhausten, men ingen gjer det så komplisert, sårt og vittig som Terje Holtet Larsen.

Fluktruter
Det er noko jålete ved stilen til Larsen, noko litterært gamaldags i formuleringane som både irriterer og morar meg. Og det finst eit underliggjande sinne som i hans førre roman med den briljante tittelen Kjærlighet mellom intelligente menn (2014), faktisk hissa meg slik opp at eg la bort det mange sa var den vittigaste boka det året. Den nye romanen gir òg inntrykk av at handlinga er eit påskot for å seie si hjartans meining om livet, litteraturen og samfunnet.

Komposisjonen er grunnleggjande metonymisk; handlinga blir driven av møte mellom personar som speglar og kontrasterer kvarandre. Dobbeltgjengarmotivet kjenner vi frå Dilettantanten (2012): Ein nedstemt og inneslutta, i det ytre plettfri forfattar som er lei av seg sjølv, det keisame livet sitt, men først og fremst av alle andre, møter ein nedstemt, inneslutta, i det ytre plettfri revisor som er lei av seg sjølv, det keisame livet sitt, men først og fremst av alle andre. Revisoren vil ha forfattaren til å skrive ei falsk tilståing av umoralske handlingar som han kan leggje igjen når han rømer frå sitt gamle liv. Slik vil han bli fri, også frå eit ettermæle.

Forfattaren tar det for gitt at revisoren aldri vil gjennomføre planane og at samtalane deira er basert på «gjensidig forestillelse». Ikkje ulikt møtet mellom litteratur og kritikk, må ein seie: Forfattaren latar som han ikkje skriv om seg sjølv, og kritikaren latar som ho ikkje trur at forfattaren skriv om seg sjølv.

I det siste har denne konvensjonen blitt kraftig utfordra i kritikken. Larsens romanopning, vend direkte til lesaren, kan ein lese som ein kommentar til det. Kor rystande den nye gravekritikken verkar, kjem ikkje minst fram i ein fotnote av Solstadske dimensjonar som kretsar om termen «defenestrasjon»; å bli kasta ut av vindauget. Berre ideen om at litteratur skulle handle meir om sanning enn stil, går vel for forfattaren inn i synet på livet som «en uavbrutt serie krenkelser». Stil er vern mot eit for stort alvor; frasen «eller noe i den stilen» er brukt 16 gongar i romanen.

Raseri og ennui
Som Dilettanten har også Angiveren ei rammehistorie om familiebakgrunn og brotne søskenrasjonar. Emnet blir introdusert ved at forteljaren i ein sårbar augneblink kjem i skade for å fortelje noko sant i forsøket på stagge ein forfattarkollega som pressar på for at han skal gjere som alle andre og skrive om sitt eige liv: «noe nakent, noe ekte».

Problemet er at forfattaren tok til å skrive for å bli ein annan – men så oppdaga at kvar setning minte om kven han var og kor han kom frå. Samstundes er han djupt mistruisk til at sanninga om ein sjølv lar seg skrive ned. Når han så skildrar revisoren som «en mann som knapt nok kunne uttale sitt eget navn uten å bli innhentet av følelsen av ikke å ha forstått hva han egentlig snakket om», verkar det plutseleg latterleg naivt å snakke om «autofiksjon» utan å ha vekta på «fiksjon».

Angiveren handlar ikkje berre om einsemd, desillusjon og identitet, romanen har ein uventa tydeleg sosial profil med brodd mot snobberi og grådigheit. Det er ein passe dose raseri som gir vitalitet til ein tekst elles dominert av verdig og vittig ennui: «hun kunne hatt godt av å få erfare hva det ville si å bli et offer for den hensynsløse grådigheten hun lot til å nære en så dyp beundring for (…) Da ville hun få bruk for de poetiske evnene sine». Og dermed gjekk Angiveren inn på mi topp-ti-liste i år.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: