Gunstein Bakke: Havende

Livsfare, ytringsfryd: Dei skarpt formulerte tankane til Gunstein Bakke gir meg lyst til å rope Hurra! Inni meg, altså.

Meksikanske Julie Pastrana vart på 1800-talet vist fram verda rundt som «apekvinne» fordi ho på grunn av eit syndrom hadde forstørra kjeve og var ekstremt hårete. Ein mann som møtte henne, spurte: – Ville De ønske å bli et menneske, gitt at det var mulig? Etter å først ha svart at ho var nøgd med å vere den ho var, la ho til: – Ville De anbefale det? Etterpå fekk ho kjeft av manageren sin; ei apekvinne skulle ikkje svare smart.

Grenselosen Bakke
Nei, ingen vil vel ha rot i katalogsystemet for sanning, og at forvalting av sanninga stadig engasjerer, viser haustens litteraturdebatt. No om dagen viser forfattarane også i formspråk at litteratur er meir enn medrivande fiksjon; fragmentarisk, sjangerblandande prosa pregar mange aktuelle utgjevingar. Sanninga ikkje kan setjast på formel, nettopp fordi ho er så viktig.

Gunstein Bakkes forfattarskap har begeistra meg før og gjer det no igjen fordi han bryt ut av vanetenkinga både språkleg og tematisk. I førre roman, Maud og Aud: ein roman om trafikk (2011), tok han for seg  den stadig tynnare grensa mellom menneske og avansert teknologi. I Havende utforskar han den «nedste» grensa for humanitet med utgangspunkt i den verkelege skjebnen til Pastrana. Bakke følgjer henne gjennom eit opphald i Moskva, men også etterlivet hennar er meiningstungt slik vi ser det i to andre handlingsløp:

Ein mann som bur i eit skur på ei søppelfylling i Groruddalen i Oslo finn i 1979 den utstoppa kroppen til Pastrana og tar ho inn i stova – kor ho blir kjærkome selskap. Tankane han gjer seg om livet er kostelege både i form og innhald, her glir det sårt melankolske over i det humoristiske. Til dømes er han oppteken av at tankar ikkje må få stanse opp og gjenta seg, då kan dei få farlege fysiske kvalitetar; «like påtakelige og uomgjengelige som hemorrider». Når Bakke boltrar seg slik mellom filosofi, poesi og humor blir eg så gira at eg får eg lyst til å rope Hurra! Inni meg, altså.

Livskampen
Tonen er langt mørkare i partia om frilansjournalisten Kira som i 2013 følgjer med på reisa når Pastranas kropp blir levert frå Universitetet i Oslo til gravleggjing i fødebyen Sinaloa. Kira er gravid etter ei valdtekt og har tenkt å bere fram barnet.

Pastrana er også gravid i tidsperioden Bakke skildrar. Romantittelen Havende viser dermed til den sterke ambivalensen som kan vere knytt til nytt liv; noko vil fram og noko må vike, nokon må bruke sitt liv til å bere fram det nye. Og det går ikkje alltid bra, å ha verdiar og vilje er ikkje det same som å ha evne. Bakke viser sterk sympati med randeksistensane, dei som må leve utanfor og etterpå, på trass og i skjul. Og er ikkje alt anna symptom på angst og fornekting? Livet er skremmande fordi alt kan skje.

Sjølv om romanen har store kvalitetar, viser også Havende at Bakkes observasjons- og formuleringsevne er sterkare enn evna – eller viljen – til å fortelje. Trass dramatiske utgangspunkt har historiene lita framdrift. I staden vekslar dei korte kapitla mellom biletleg og resonnerande framstilling, og nokre liknar frittståande prosadikt. Bakke viser seg dermed som ein betre essayist og poet enn romanforfattar. Heilskapen fungerer likevel fordi teksten er tett av skarpe observasjonar og oppsiktsvekkjande formuleringar: «Kanskje er vi bare utvekster på en stor følelse». Må eg velje, vil eg heller lese slikt enn medrivande historier.

Litt synd er det at Bakke, som har nytta begge målformer, denne gongen har gått attende til bokmålet. Men uansett sjanger og målform held eg dette for sant: Gunstein Bakke har ei av dei mest originale og interessante stemmene i norsk samtidslitteratur.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: