Nora Szentiványi: Leiligheten

Perspektivrikt portrett: Med eit ærleg og intenst portrett av mormora som vart forlaten då familien flykta, har Nora Szentiványi levert ein av årets sterkaste debutar.

Eg har ein forkjæleik for litteratur som rører seg mot det spektakulære; det dramatiske, det rørande, det vittige, det utfordrande og snurrige. Men av og til dukkar det opp bøker kor både språk og innhald verkar så vanleg, men som likevel får fram ei personleg stemme med  ein annan slags intensitet. Inghill Johansen er ein slik forfattar, Ingrid Z. Aanestad ein annan. Debutant Nora Szentiványi har også evna til å skrive likefram om det som er metta med kjensler slik at heilt enkle formuleringar liksom blir ståande å skine på sida: «Jeg tenker på døden og på ensomhet».

Dei det er synd på
Som namnet tydar på, er Szentiványi født i Ungarn, men ho vaks opp i Sverige og bur no i Noreg. Leiligheten er ein roman som handlar om mormora til eg-forteljaren, som vart aleine att i ei bittelita leiligheit då hennar einaste dotter rømde til Vesten med ektemann og barn. Ho visste ikkje om ho nokon gong ville få sjå dei igjen, og etter at muren fall, vart det likevel berre eit eller to besøk i året. Det er eit nydeleg portrett; rørande, men aldri sentimentalt.

Viktig i romanen er også kjenslene til fortaljaren, altså barnebarnet, og møtet med heimlandet kor ho sjølv har vorten ein framand. Boka er bygd opp av korte, ikkje-kronologiske tekstar om det som framstår som personlege minner og refleksjonar. Ho fortel om møter med slekt på landsbygda, sommarleir for jenter organisert nærmast som ein militærleir, om redsla og motviljen i møte med det autoritære byråkratiet og den uvennlege tonen butikktilsette møtte kundane med.

Og ho er ubarmhjertig ærleg om ubehaget som var knytt til å ringe til den snille, einsame, fattige mormora, og til besøka i den trange blokkleiligheita i Budapest. Nettopp det er ein av dei store styrkane i boka, som dermed får fram noko trist, men ålmenmenneskeleg: Korleis møtet med menneske som burde vekkje medkjensle og lyst til å hjelpe like ofte skaper vonde kjensler vi vegrar oss mot. Dermed blir det så freistande å berre unngå dei. Det er ein av dei nådelause sosiale mekanismane som gjer at alle elskar ein vinnar medan dei livet har fart ublidt med gjer lurt i å bagatellisere problema sine for å ikkje bli møtt med forakt – eller ikkje møtt i det heile tatt.

Innleving og perspektiv
Gjennom skjebna til mormora gir Szentiványi også bilete av ei tid og eit samfunn kor kontroll og mangel på både materielle goder og tillit forgifta alle sosiale relasjonar, og kor trongen til å sikre seg og sine gjorde heilt vanlege folk til angivarar. Ho drar også linja frå flyktningestraumane i Europa etter 2. verdskrigen til dagens situasjon. Dermed blir dette meir enn ein memoar, det blir òg eit innlegg i samfunnsdebatten: gjennom innleving i historia gir forfattaren også grunnlag for innleving i skjebna til flyktningane i vår tid.

Szentiványi vekslar fint mellom innleving og refleksjon, og ho klarer å formidle variasjonar i emosjonell intensitet gjennom setningslengde og rytme, gjentakingar og teiknsetjing. Dette, i kombinasjon med den personlege, opne og undrande tonen, gjer at Merethe Lindstrøm etterkvart verkar som hennar viktigaste stilistisk førebilete. Det er også ein viss tematisk slektskap; begge dreg historiske hendingar inn i aktuell kontekst. Gitt mi ofte erklærte beundring for Lindstrøm er det vel difor ingen som blir overraska når eg slår fast at Szentiványi har skrive ein av årets aller sterkaste debutar.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: